Den galante stilen

Klassisk musikk
Mellomaldermusikk (476 – 1400)
Renessansen (1400 – 1600)
Barokken (1600 – 1760)
Rokokko (1720 – 1770)
Wienerklassisismen (1730 – 1820)
Romantikken (1815 – 1910)

Den galante stilen (òg førklassisk og rokokkomusikk) er ei musikalsk stilretning frå andre halvdelen av 1700-talet i overgangen mellom barokkmusikken og klassisismen.

Historikk og skildring

endre

Stilen oppstod i seinbarokken, som ein reaksjon på den strengt polyfone stilen i barokken, og viser i større grad til ein måte å skriva musikk på enn ein epoke. Tidsmessig fall førklassisisme saman med rokokkotida innan biletkunst, og sidan musikkstilen til ein viss grad òg kan seiast å dela nokre kjenneteikn med biletkunsten i samtida, til dømes med friskheit, tilgjengelegheit og sjarme, blir han iblant kalla «rokokkomusikk».

Viktige kjenneteikn
  • Nært opp til bel canto-ideala (songbar, naturleg, forståeleg)
  • Gjennomsiktig lydbilde med få stemmer og ei dominerande melodistemme
  • Enkle, men verknadsfulle harmoniske forløp
  • Korte og enkle melodifraser som ofte blir gjentatt
  • Elegant melodikk og ornamentering

Den følsame stilen

endre

I Tyskland oppstod «den følsame stilen» (empfindsamer Stil) som ei intensivering av den galante stilen. Sentralt står fridommen til å uttrykka kjensler, og musikken er full av overraskingar som brå, hyppige og uventa modulasjonar, teksturendringar, pausar, uvanlege melodivendingar, uførebudde dissonansar og plutselege sforzandoar.

Viktige komponistar

endre

Førklassisismen blei gjerne delt opp dei fire «skulane»: Paris (galant), Berlin (kjenslevar), Mannheim (mellom dei to føre) og Wiener (forløpar for wienerklassisismen).

Den norsk-dansk-tyske komponisten Johan Henrik Freithoff frå Kristiansand skreiv til dels i galant stil.

Kjelder

endre

Litteratur

endre