Den gylne sirkelen i Russland

Coat of Arms of Sergiev Posad (Moscow oblast).png Coat of Arms of Pereslavl-Zalessky (Yaroslavl oblast).png
Coat of Arms of Vladimir (1781).png Coat of Arms of Rostov (Yaroslavl oblast).png
Coat of Arms of Suzdal.png Coat of Arms of Yaroslavl (1995).png
Coat-of-Arms-of-Ivanovo-(Ivanovskaya oblast).svg Kostroma COA (Kostroma Governorate) (1767).png

Den gylne sirkelen i Russland (russisk Золотое кольцо России, Zolotoje koltso Rossii) er ei nemning på ei gruppe av russiske mellomalderbyar i området nord for Moskva. Her kan ein på eit relativt lite område vitja mange historiske byar med arkitektoniske skattar frå den russiske mellomalderen som kyrkjer, kloster og festningar. Kva byar som vert nemnde som del av den gylne sirkelen varierer, men omfattar iallfall Pereslavl-Zalesskij, Rostov, Jaroslavl, Kostroma, Ivanovo, Suzdal, Vladimir, Rybinsk, Uglitsj og Sergijev Posad. Moskva sjølv vert òg av og til rekna med.

Kyrkje i Sergijev Posad
Kyrkje i Suzdal

OpphavEndra

I 1967 reiste kunsthistorikaren og journalisten Jurij Bytsjkov gjennom byane i Vladimir oblast for å skriva ein serie reiseartiklar. Den siste byen han vitja var Jaroslavl, så ruten hans tok form av ein sirkel. Seinare publiserte han reisedokumenta sine under tittelen «Den gyldne sirkelen».[1]

Byer som inngår i gylne sirkelen er:

KjelderEndra

  1. "About Golden Ring Route, Russia" (English), Mark Van-Anderson, 12.05.2020.