Opna hovudmenyen

Milutin Milanković (28. mai 187912. desember 1958) var ein serbisk matematikar, astronom, klimatolog, geofysikar og sivilingeniør.

Milutin Milanković
serbisk kyrillisk Милутин Миланковић
Milutin Milanković.jpg
Milankovitch som student med eit lommeur
Fødd28. mai 1879(1879-05-28)
Dalj i Austerrike-Ungarn (dagens Kroatia)
Død12. desember 1958 (79 år)
Beograd i Jugoslavia
NasjonalitetSerbar
OmrådeMatematikk, astronomi, geofysikk
Yrkematematikar, professor, astronom, ingeniør, skribent, bygningsingeniør, astrofysikar, fysikar, science fiction-forfattar
InstitusjonarUniversitetet i Beograd
Alma materTechnische Universität Wien
DoktorgradsrettleiarEmanuel Czuber
Kjend forSolinnstråling, Milanković-syklusane
MedlemSerbias vitenskaps- og kunstakademi
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Serbias vitenskaps- og kunstakademi

Milanković var professor i Beograd frå 1909 og direktør ved observatoriet der. Han arbeidde med termodynamiske og klimatologiske emne og er kjent for undersøkingane sine av klimaendringar på grunn av variasjonar i stillinga til jorda og banen i forhold til sola. Han stilte opp ein kurve med tanke på istidsinndelinga, Milanković-syklusane, for endringar i solstrålingsintensitet over dei siste 600 000 år (seinare utvida til 1 million år).

Krateret Milankovic på den andre sida av månen er namnsett etter han. Det same er eit kraterMars.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Milutin Milanković