Den russiske bjørnen
Den russiske bjørnen (russisk Русский медведь, romanisert Russkij medved) er eit utbreidd symbol for Russland, brukt i vitseteikningar, artiklar og dram frå så langt tilbake som 1500-talet.[1] Ved ulike høve kan han stå for Det russiske imperiet, Sovjetunion og dagens Russland.
Bjørnar i Russland
endreRussland har den største brunbjørnbestanden av noko land i verda, med truleg over 100 000 individ.[2] Rundt 36 000 av dei finst i Europeisk Russland. I resten av Europa bur det rundt 17 000 brunbjørnar.[3] Av dei mange bjørnane som held til i Sibir finst det grupper av dyr som blir svært store, som kamtsjatkabjørn og ussurijbjørn.[4] Det finst også andre bjørneartar i Russland, isbjørn i Sakha, Krasnojarsk, Vest-Sibir og nordeuropeisk Russland,[5] og kragebjørn.[6]
Bjørnar opptrer i russisk folklore og biletkunst. Ein har også fått verkelege bjørnar til å opptre på ulike vis gjennom fleire hundreår. Bjørnar blei trente i å utføra ulike rørsler, gjerne slike som etterlikna folk. Ein kunne også bruka dei til rituale som skulle driva ut vonde ånder. Bruk av bjørnar til å opptre blei forboden i 1867, men bjørnar som underhaldning blei gjenoppliva med bjørnesirkus, der bjørnar mellom anna kjørte motorsyklar, på 1940-talet.[7] Ein har halde fram med å bruka levande bjørnar som skodespelarar og maskotar.[8][9] Det er også blitt laga ei rekkje oppdikta bjørnar, som Vinni Pukh, inspirert av Ole Brumm (Winne the Pooh) og OL-maskoten Misja.[10]
Historie
endreBjørnen har ofte blitt brukt som symbol i Vesten. Bjørnar var lenge knytte til Russland gjennom reiseskildringar, og bjørnen som symbol på Russland oppstod blant britiske karikaturteiknarar og blei seinare utbreidd i USA. Bildet var ikkje alltid smigrande – det kunne visa Russland som «stort, brutalt og klønete».
Bjørnebiletet har likevel også blitt brukt som eit positivt symbol på landet av russarar, særleg på 1900-talet. Bjørnungen Misja som maskot for Sommar-OL 1980 i Moskva brukte til dømes bjørnen som eit søtt og vennleg symbol.
Då Ronald Reagan kjempa for å bli gjenvald som amerikansk president i 1984, brukte han bjørn som motiv i ein kjend reklamefilm kjend som «Bear in the woods».
Etter oppløysinga av Sovjetunionen var det ein del støtte i det russiske parlamentet for å ha ein bjørn på det nye russiske riksvåpenet, men etterkvart gjekk ein tilbake til doubbeltørna frå Tsar-Russland i staden.
Seinare har bjørnen blitt symbol for det politiske partiet Sameint Russland, som har dominert politikken i Russland sidan tidleg i 2000-åra.
Galleri
endreBilde frå Russland
endre-
Teddybjørnen Misja var maskot for OL i Moskva i 1980.
-
Banner med den russiske bjørnen brukt av russiske fotballsupporterar.
-
Våpenskjoldet til Velikij Novgorod.
-
Humoristisk bilde av bjørn med to hovud og fire frampotar som poserer som den russiske dobbeltørna.
Bilde frå land utanfor Russland
endre-
Den russiske bjørnen blant dei europeiske makten som Bismarck godsnakkar med for å isolera Frankrike.
-
The Russian bear and the American dears. Teikning frå 1871.
-
Humoristisk verdskart frå Japan der Russland er framstilt som ein stor bjørm. Frå rundt 1900.
-
Vitseteikning frå det engelske satiriske bladet Punch, eller The London Charivari.
-
Kinesisk framstilling frå 1905 av ulike vestlege makter som dyr, der den russiske bjørnen kjem inn frå nord.
-
Baksida av ein tysk sylvmedalje frå fyrste verdskrigen for frigjeringa av Aust-Preussen i 1914 av Paul von Beneckendorff und von Hindenburg. Viser til slaget ved Tannenberg. Den nakne general Hindenburg slost mot den russiske bjørnen med sverdet sitt.
-
Britisk politisk vitseteikning knytt til den franske invasjonen av Russland under Napoleon i 1804.
Kjelder
endre- ↑ Christine Ammer, It's Raining Cats and Dogs and Other Beastly Expressions (BookBaby, 2012)
- ↑ McLellan, B.N.; Proctor, M.F.; Huber, D.; Michel, S. (2. februar 2016), «IUCN Red List of Threatened Species: Ursus arctos», IUCN Red List of Threatened Species, henta 20. juli 2021
- ↑ Eurasian brown bear – Bear Conservation (på engelsk), henta 20. juli 2021
- ↑ «Types of Russian Bear», Express to Russia, henta 20. juli 2021
- ↑ Wiig, Ø., Amstrup, S., Atwood, T., Laidre, K., Lunn, N., Obbard, M., Regehr, E. & Thiemann, G. 2015. Ursus maritimus. The IUCN Red List of Threatened Species 2015: e.T22823A14871490. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2015-4.RLTS.T22823A14871490.en. Downloaded on 20 July 2021.
- ↑ Garshelis, D. & Steinmetz, R. 2020. Ursus thibetanus (amended version of 2016 assessment). The IUCN Red List of Threatened Species 2020: e.T22824A166528664. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2020-3.RLTS.T22824A166528664.en. Downloaded on 20 July 2021
- ↑ https://www.rbth.com/history/328668-how-bears-really-walked-streets-russia
- ↑ Manaev, Georgy (4. mai 2018), «5 famous Russian bears», www.rbth.com (på engelsk), henta 20. juli 2021
- ↑ Dancing bears – Bear Conservation (på engelsk), henta 20. juli 2021
- ↑ «Russian toy bears in hibernation at the V&A Museum of Childhood • V&A Blog», V&A Blog (på engelsk), 30. august 2020, henta 20. juli 2021
- Denne artikkelen bygger på «Russian Bear» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Rossomakhin, A.; Khrustalev, D. (2008). «Russia as a Bear: origins of the visualization (16th–18th centuries)» (på russisk). IvSU.
- Rossomakhin, A.; Khrustalev, D. (2008). «Russia as a Bear». Neprikosnovennyy Zapas (på russisk) 1 (57). Arkivert frå originalen 23. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: