Kragebjørn

pattedyrart
Kragebjørn
Kragebjørn
Kragebjørn
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av kragebjørn
Utbreiinga av kragebjørn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Overfamilie: Ursoidea
Familie: Bjørnefamilien Ursidae
Underfamilie: Ursinae
Slekt: Ursus
Art: Kragebjørn U. thibetanus
Vitskapleg namn
Ursus thibetanus

Kragebjørn (Ursus thibetanus) , òg kalla månebjørn og tibetansk svartbjørn, er ein av fire artar i slekta Ursus. Han lever i skog- og fjellområde i Aust-Asia. Det tidlegare latinske namnet på arten var Selenarctos thibetanus, som tyder «Tibets månebjørn», eit namn han har fått etter det store kvite merket han har på brystet.

Habitat og utbreiing endre

Asiatisk svartbjørn trivst i fuktig tropisk skog i åsar og bratte fjellsider der det er tett vegetasjon. Av og til kan ein òg sjå bjørnen jakta etter føde på meir ope sletteland. Sommarstid kan ein finna han i høgder opp mot 3600 moh., sjølv om 1000 m er ei meir gjennomsnittleg høgd å observera han i. Når hausten kjem trekk han gjerne ned frå høgda.[1]

Asiatisk svartbjørn har truleg ein breiare distribusjon i Aust-Asia enn ein tidlegare trudde, der område i land som Afghanistan, Bangladesh, Bhutan, India, Iran, Japan, Kambodsja, Kina, Korea, Laos, Malaysia, Mongolia, Myanmar, Nepal, Pakistan, Russland, Taiwan og Vietnam tek del.[2] Kunnskapen om svartbjørnen er likevel så avgrensa at ein veit lite om kor stor stammen er. Ein har likevel grunn til å tru at bjørnen er ei sterkt truga art, på grunn av tap av habitat som følgje av ulovleg jakt, stor avskoging og ukontrollert landbruk.

Trugsmål og vernestatus endre

Habitatet til asiatisk svartbjørn er truga av tjuvjakt, ukontrollert landbruk og avskoging, og det finst ingen planar for å gjera noko konkret med den sterke tilbakegangen til arten. Område som er verna er ikkje i tilstrekkeleg grad mangfaldige nok til å sikra framtida til arten.

Tjuvjakt er fyrst og fremst eit problem fordi denne bjørnen gjennom fleire tusenår har vore sentral i tradisjonell kinesisk medisin, der ein har brukt gallen hans. Etter at bjørnen er drepen tappar ein gallen, som er verd mange pengar på svartebørsmarknader. Det har tilmed vore vanleg å halda slike bjørnar i bur, såkalla gallebjørnar, for å tappa galle av dei medan dei blir haldne i live, både i Kina, Russland og i fleire andre land. Slikt føregår framleis mange stader, men vestleg kritikk har gjort det mindre attraktivt for mange land å tillata denne forma for dyremishandling.

Bjørnen står på IUCN si raudliste og er rekna som sårbar. Han står òg på CITES Appendix I og er dessutan lista som truga på US Federal List.

Skildring endre

 
Asiatisk svartbjørn i Roger Williams Park Zoo i USA.

Asiatisk svartbjørn er ein særs tilpassingsdyktig art som helst unngår andre rovpattedyr og menneske. Han veg normalt 65-150 kg og er rekna som ein middels stor bjørneart. Hannar veg gjerne 110-150 kg, medan binner gjerne veg 65-90 kg.[3] Kroppen er massiv og kompakt, og lengda er ca. 125-190 cm måla frå snutespissen til halestubben, som i tillegg er ca. 6,5-10,6 cm lang. Hovudet er stort og rundt i forma, med små auge. Øyra er forholdmessig store og runde og sit lenger frå kvarandre enn hjå svartbjørn.

Asiatisk svartbjørn er ein bjørn med mange namn. Tibetansk svartbjørn er eit av dei, men dette namnet blei droppa til fordel for asiatisk svartbjørn fordi det er meir skildrande for arten. Bjørnen har likevel òg andre namn, til dømes månebjørn, eit namn han har fått etter den halvmåneliknande flekken i brystet. Kragebjørn er endå eit alternativ, eit namn han har fått på grunn av den krageliknande pelsen danna rundt manken. Pelsen er vanlegvis svart, men det finst òg bjørnar som har brunfarga pels. Nyleg blei det òg oppdaga at det fanst blonde bjørnar, og dessutan bjørnar som var både blonde og svarte i utfarginga.[4]

Underarter endre

Det er skildra nokre underarter av asiatisk svartbjørn, men det er stor usemje blant taksonistar om desse kan kallast underartar eller bør klassifiserast som varietetar. Så langt meiner fleirtalet at dei er det siste.

  • Ursus thibetanus formosanus, Taiwan
  • Ursus thibetanus gedrosianus, Iran og Pakistan (kan vera på randa av utryddelse)
  • Ursus thibetanus japonicus, Japan
  • Ursus thibetanus laniger, Afghanistan og Sør-Kina
  • Ursus thibetanus mupinensis, Sørvest-Kina
  • Ursus thibetanus thibetanus, Himalaya og delar av Søraust-Asia
  • Ursus thibetanus ussuricus, Søraust-Sibir, Nord-Kina og Korea

Åtferd endre

 
Asiatisk svartbjørn frå Himalaya

Asiatisk svartbjørn er for den meste nattaktiv. Om dagen søv han gjerne i hòle trestammer eller grotter, sjølv om det er kjent at desse bjørnane òg kan vera døgnaktive. Den nattaktive delen aukar gjerne om hausten, då dei gjerne trekk ned frå høgda på leit etter næringsrik mat (nøtter). Asiatisk svartbjørn er dugelege symjarar og flinke til å klatra i tre. Dei er solegangarar som går på alle fire, men når dei slost reiser dei seg på bakbeina og nytter dei kraftige klørne på framlabbane som slagvåpen. Normalt vil slike bjørnar prøva å unngå nærkontakt med menneske, men det er kjent at dei kan angripa om dei følar seg truga, spesielt kan ei binne med ungar gjera det.

Dei fleste asiatisk svartbjørner har vintersøvn, men ikkje alle. Nokre kan sova nesten heile vinteren, medan andre berre søv gjennom den kaldaste perioden. Under vintersøvn vil typisk hjartefrekvensen søkka frå dei normale 40-70 slaga i minuttet til kring 8-12 slag i minuttet. Temperaturen kan søkka med 3-7 °C og metabolismen blir redusert opp mot 50 %. Vintersøvn er ikkje dei same som ekte dvale, så bjørnar som søv kan godt vekkast.[5]

Territorium endre

Territoria til asiatisk svartbjørn kan variera ganske mykje, frå omkring 6,4-9,7 km² til 16,4-36,5 km². Storleiken ser ut til å ha samanheng med mattilgangen i kvart enkelt område. Jo meir mat som finst i området, jo mindre er reviret.[6]

Kommunikasjon endre

Det er kjent at asiatisk svartbjørn har godt syn, høyrsle og luktesans, sjølv om det ikkje finst nokon studium som dokumenterer dette. Det er likevel forska mykje på amerikansk svartbjørn, som har eit sanseapparat som er tilnærma likt.

Asiatisk svartbjørn kommuniserer både visuelt og gjennom lyd. Underlegne bjørner vil til dømes søka seg vekk eller legge seg ned i høve ein dominant bjørn, som kan klikke med tennene for å demonstrera aggresjon. Han bruker også kjemiske middel for å kommunisera, gjennom å markera området med urin, slik at andre bjørner veit kven som held reviret. Han kan òg gni seg mot tre eller klora på dei for å markera revir.[7]

Reproduksjon og levetid endre

Ein veit lite om reproduksjonen til bjørnen i vill tilstand, men i fangenskap er han blitt karakterisert som promiskuøs. Binna kjem i brunst i irregulære intervaller og kan para seg i perioder på 12-35 dagar. I Sibir er det vanleg at bjørnene parar seg i juni-juli, mens det i Pakistan er vanleg i oktober. Binna går drektig i 7-8 månader og føder normalt 2 ungar, men det er kjent at også asiatisk svartbjørn har såkalt embryonisk diapause. Valpane blir fødde blinde og blir avvende når dei er 3-4 månader. Dei blir rekna som uavhengige av mora når dei er kring 2-3 år gamle, og som kjønnsmogne i 3-4-årsalderen.

Levetida til arten er også lite kjend, men dei kan bli kring 25 år eller meir i vill tilstand. I fangenskap kan bjørnen truleg bli kring 40 år gammal, men det eldste registrerte tilfellet er 33 år.

Matvaner endre

Det er vanleg at asiatisk svartbjørn et i en døgnaktiv rytme, sjølv om nattaktiviteten aukar utover hausten. Dette skjer fordi bjørnen då legger opp vinterreservane sine i form av auka feittreservar. Det er faktisk kjent at asiatisk svartbjørn alternerer døgnrytmen i takt med behovet for mat, til dømes når dei stel frå avlingar nattestid for å unngå kontakt med menneske.

Asiatisk svartbjørn er alteter, men eter mest vegetarkost. Luktesansen hjå denne bjørnen er så god at han kan finne røter og insekter han liker som ligg ein meter under bakkenivå. Ein studie viser at han et mest nøtter frå tre i bøkefamilien om hausten. Når det er lite mattilgang er det kjent at bjørnen også har ete bark for å supplera kosthaldet. Normal diett består av frukt, røter og knollar, såvel som virvellause dyr, virveldyr og kadaver. Det er også dokumentert at asiatisk svartbjørn har drepe ein bøffel, ved å knekka nakken på han, og så ete han. Likeleis er det vel dokumentert at han et av kadaver som er drepne av tiger, noko som også har ført til at han blir drepen av tiger frå tid til anna. Også bufe står av og til på menyen.[8]

Tidlegare utbreiing endre

I pleistocen var kragebjørnen også utbreidd i Europa og sørlege Sibir. Dei europeiske kragebjørna er skildra med ulike vitskaplege namn i litteraturen, men er no rekna som to underartar: Ursus thibetanus stehlini frå tidleg midtre pleistocen (Cromer-komplekset, Elster-istida) og Ursus thibetanus mediterraneus frå sein midtre og sein pleistocen (Holstein-mellomistid, Saale-istid og Eem-mellomistid). I Uralfjella fanst det ein tredje underart, Ursus thibetanus permjak. Europa hadde ein rik bjørnefauna i pleistocen med representantar for fire utviklingslinjer innan underfamilien Ursinae. I sein midtre og sein pleistocen var det tre artar i verdsdelen: Kragebjørn, holebjørn og brunbjørn.[9][10][11]

Kjelder endre

  1. «Asiatic Black Bears», 2004; Kanchanasakha, Than, og Simcharoen, 1998)
  2. Asiatic Black Bears, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 25. september 2021 
  3. Noen hevder at binna veier 50-125 kg.
  4. Galbreath, G. J., Hean, S. and Montgomery, S. M. 2000. A new color phase of Ursus thibetanus (Mammalia: Ursidae) from Southeast Asia. Natural History Bulletin of the Siam Society 49: 107-111.
  5. «Asiatic Black Bears», 2004; Nowak, 1991; Reid et al., 1991; Ryan, Czaplewski, og Vaughan, 2000
  6. Nowak, 1991; Reid et al., 1991
  7. Kanchanasakha, Than, og Simcharoen, 1998
  8. Hashimoto et al., 2003; Hayashi et al., 2002; Nowak, 1991; Reid et al., 1991; Ryan, Czaplewski, og Vaughan, 2000; Kanchanasakha, Than, og Simcharoen, 1998
  9. Kurtén, B. (1964). Istidens djurvärld. Aldus/Bonniers. s. 90–91. 
  10. Baryshnikov, G.F. «Middle Pleistocene Ursus thibetanus (Mammalia, Carnivora) from Kudaro caves in the Caucasus» (PDF). Proceedings of the Zoological Institute RAS 314 (1): 67–79. 
  11. Wagner, J. «Pliocene to early Middle Pleistocene ursine bears in Europe: a taxonomic overview». Journal of the National Museum (Prague), Natural History Series 179 (20): 197–215. Arkivert frå originalen 8. oktober 2017. Henta 11. mai 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kragebjørn