Palmyra
Palmyra (arabisk تدمر, Tadmur; arameisk ܬܕܡܘܪܬܐ, hebraisk תַּדְמוֹר, Tadmor, Taḏmôr, gammalgresk Παλμύρα) er ein arabisk ruinby sentralt i Syria. Han var ein viktig by i antikken og låg i ein oase 215 km nordaust for Damaskus[1] og 180 km sørvest for Eufrat ved Deir ez-Zor. Han var lenge ein viktig stoppestad for karavaner som skulle krysse Den syriske ørkenen og var kjend som Ørkenbrura. Dei tidlegare dokumenterte kjeldene omtalar byen med det semittiske namnet Tadmor, Tadmur eller Tudmur (som tyder «byen som fråstøyter» på amorittisk og «den ustyrlege byen» på arameisk)[2] på babylonske tavler funne i Mari.[3]
Palmyra | |||
ܬܕܡܘܪܬܐ (arameisk), تدمر (arabisk), Tadmur | |||
busetnad | |||
Palmyra og Bel-tempelet
| |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Stad | Tadmur i Den syriske ørkenen | ||
- koordinatar | 34°33′36″N 38°16′2″E / 34.56000°N 38.26722°E | ||
Areal | 0,5 km² | ||
Grunnlagd | 1000-talet fvt. | ||
• Fråflytta | 1929 | ||
Palmyra 34°33′01″N 38°16′11″E / 34.550381°N 38.269791°E | |||
Kart som viser Palmyra.
| |||
Wikimedia Commons: Palmyra |
Sjølv om byen vart fråflytta etter 1500-talet, vert han framleis kalla Tadmor på arabisk.[4][5] Det ligg ein nyare by med same namn like ved ruinane.[6] Innbyggjarane bygde ei rekkje store monument med gravkunst som kalksteinsheller med byster av dei avlidne.
Staden vart oppført på lista til UNESCO over verdsarva i 1980.
Klima
endreVêrdata for Palmyra | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 12,1 | 14,7 | 19,4 | 25,2 | 30,7 | 35,4 | 38,1 | 37,9 | 34,4 | 28,3 | 19,9 | 13,5 | 25,8 |
Gjennomsnittleg min °C | 2,5 | 3,8 | 6,9 | 11,5 | 15,9 | 19,8 | 21,5 | 21,6 | 19,1 | 14,3 | 7,7 | 3,5 | 12,3 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 20,8 | 18,4 | 21,2 | 18,3 | 8,2 | 0,4 | 0 | 0 | 0,3 | 8,8 | 16,1 | 20,2 | 132,7 |
Gns. dagar med regn | 7 | 10 | 6 | 4 | 2 | 0 | 0 | 0 | 0 | 3 | 5 | 7 | 44 |
Kjelde: World Meteorological Organization |
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Syria uncovers 'largest church' BBC News Online, 14. november 2008. Henta 29. mars 2014.
- ↑ Palmyra (Syria) - Britannica Online Encyclopedia Henta 29. mars 2014.
- ↑ Syria Gate - About Syria - Palmyra Arkivert 2010-12-24 ved Wayback Machine. Henta 29. mars 2014.
- ↑ «Tadmor: Syria». Geographical Names. Henta 29. mars 2014.
- ↑ «Tedmor: Syria (ancient site)». Geographical Names. Henta 29. mars 2014.
- ↑ «Tedmor: Syria (populated place)». Geographical Names. Henta 29. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Christian Sahner, «The Temple of the Bride of the Desert,» The Wall Street Journal, 27. august 2011 [1]
- Metropolitan Museum of Art - Palmyra
- Temple of Baal, Palmyra i Syria[daud lenkje]
- Palmyra. Italian-Syrian Archaeological Mission of the University of Milan
- http://i-cias.com/e.o/palmyra.htm
- Interactive 360º panoramas of Palmyra