Sandra Perković (fødd 21. juni 1990) er ein kroatisk friidrettsutøvar som tevlar internasjonalt i diskoskasting og tidlegare også kulestøyt. Ho vart olympisk meister i øvinga i 2012 og verdsmeister i 2013. Perković har elles vunne diskosøvinga tre gongar på rad i europameisterskap i friidrett; 2010, 2012 og 2014. Då ho vart europameister i Zürich i 2014 sette ho landsrekord med 71,08 meter.

Sandra Perković


Statsborgarskap Kroatia
Fødd 21. juni 1990 (33 år)
Zagreb
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2012 – Diskoskast damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Diskoskast kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Diskoskast kvinner

I 2011 var Perković utestengd frå idretten i seks månader grunna brot på dopingregelementet.[treng kjelde]

Perković tok gull i diskos under sommar-OL 2016.[1]

Kjelder endre

  1. «2016 Summer Olympics - Athletes, Sandra Perkovic» (på engelsk). ESPN - Medal Tracker. Arkivert frå originalen 29. januar 2017. Henta 29. januar 2017. 
  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.