Det armenske riksvåpenet

Det armenske riksvåpenet inneheld eit våpenskjold delt i fire kvadrantar med symbola til dei fire historiske armenske kongedøma og med eit mindre skjold i midten som syner fjellet Ararat. Ei ørn til venstre og ei løve til høgre vaktar skjoldet. Ved føtene deira ligg ulike armenske nasjonalsymbol.

Det armenske riksvåpenet

Historie og symbolikk endre

Løva blei brukt som symbol i to av dei historiske armenske kongedøma, Artasjisian (190-12 f.Kr.) og Arsjakuni (53-423 e.Kr.), medan ørna var i bruk i dei to seinare, Bagraton (862-1045) og Rubinjan (1187-1375).

Ararat, som ifølgje Bibelen var staden Noahs ark stranda på ved enden av syndfloda, er eit viktig nasjonalsymbol for landet.

Symbola ved føtene til løva og ørna er:

  • Eit kveiteknippe som står for den arbeidssame naturen til nasjonen
  • Ein fjørpenn som står for Armenia si kulturelle og intellektuelle arv
  • Ei broten kjede som står for fridoms- og sjølvstendetronga
  • Eit sverd som bryta kjeda til minne om fridomskampen
  • Eit band for det armenske trikolorflagget.

Armenia tok i bruk dette riksvåpenet då landet fekk sjølvstende som Den demokratiske republikken Armenia i 1918, men mista det då det i 1920 blei del av Sovjetunionen. Etter sjølvstendet i 1991 blei det teke i bruk att.

Tidlegare riksvåpen endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre