Det armenske flagget

Det armenske flagget er ein trikolor med tre vassrette band i raudt, blått og oransje. Det blei innført som nasjonalflagg i Armenia i 1918 og igjen i 1990, då landet fekk sjølvstende etter 70 år i Sovjetunionen.

Det armenske flagget
Proporsjonar: 1:2
Flagget utanfor den armenske ambassaden i USA.

Symbolikk endre

Fargane på flagget har fleire tydingar. Den offisielle loven om flagget frå 2005 definerer dei slik:

Raudt står for det armenske høglandet, det armenske folket sin pågåande kamp for å overleva, oppretthalding av den kristne trua, Armenia sitt sjølvstende og fridom. Blått står for folket i Armenia sin vilje til å leva under ein fredeleg himmel. Oransje står for dei kreative og hardt-arbeidande eigenskapane til folket i Armenia.[1]

Raudfargen er elles skildra som eit symbol for blodet armenarar har gjeve for å få sjølvstende, blåfargen for håp og himmelen over Armenia og oransje for signing gjennom hardt arbeid.[2]

Det armenske flagget blir omtalt i andre og tredje vers av fedrelandssongen «Mer Hayrenik». Fargane i flagget går igjen i det armenske riksvåpenet.

Historie endre

 
Det første armenske flagget, utforma av Ghevont Alisjan i 1885.

Den armensk-katolske presten Ghevont Alisjan utforma dei første utkasta til flagget i 1880-åra. Det første, laga i 1885 då det armenske studentlaget i Paris bad om eit flagg til å ha i gravferda til Victor Hugo, hadde same vassrette trikolorutforming som dagens flagg, men andre fargar: Raudt, grønt og kvitt. Alisjan tok fargane frå den armenske kyrkjekalenderen der påskedag blei kalla «raud søndag» og søndagen veka etter «grøn». Kvitfargen valde han ut sjølv.[3] Alisjan laga også eit anna flagg medan han var i Frankrike, ein loddrett trikolor med fargane raudt, grønt og blått. Desse førestilte regnbogen Noah såg etter å ha grunnstøtt på Ararat. Dette fjellet skal ligga i Armenia.

Etter å ha vore med i den kortliva transkaukasiske republikken i nokre månader i 1918, erklærte Armenia sjølvstende 28. mai. Den nye staten tok i bruk fargane raudt, blått og gult frå tidlegare dynasti i ein vassrett trikolor. Gult blei endra til oransje fordi ein meinte denne fargen passa betre med dei andre to. Dette flagget hadde proporsjonane 2:3.

 
Flagget til sovjetrepublikken Armenia frå 1937 til 1940.
 
Flagget til sovjetrepublikken Armenia frå 1952.

I november 1920 blei Armenia teke over av bolsjevikar og fekk eit nytt sosialistisk flagg. Dette blei endra etter berre ein månad, då Armenia igjen blei ein del av ein transkaukasisk føderasjon med Georgia og Aserbajdsjan. Denne sovjetrepublikken blei éin av fire som danna Sovjetunionen i 1922. Flagget til republikken blei no ein variant av det sovjetiske flagget med hammar og sigd i ei stjerne og initialane til sovjetrepublikken, ЗСФСР, i ein halvsirkel rundt. Den transkaukasiske sovjetrepublikken blei delt opp i 1936 og sovjetrepublikken Armenia fekk sitt eige flagg. Det første flagget hadde hammar og sigd og initialane til sovjetrepublikken, H-Kh-S-H, seinare H-S-S-R, i armenske bokstavar. I 1952 blei det innført ein ny variant utan bokstaver, der det i staden var henta inn ei blå midstripe frå det gamle armenske flagget.

Seint i mai 1988 tillét den nye leiaren av det armenske kommunistpartiet heisinga av den gamle trikoloren i Jerevan for første gong på over seksti år. Eit år seinare, då flagget blei brukt i ein stor demonstrasjon knytt til Nagorno-Karabakh-spørsmålet, bad han om at det måtte bli offentleg godkjent. 24. august 1990 erklærte Armenia sitt høgste sovjet Armenia som republikk med eigen suverenitet, og tok i bruk den gamle trikoloren. Proporsjonane blei då endra til 1:2.

 
Flagget til Nagorno-Karabakh.

Den sjølverklærte republikken Nagorno-Karabakh bruker ein variant av den armenske trikoloren. Flagget deira har ein kvit vevnad-aktig v som kjem vassrett inn frå ytre sida av flagget. V-en deler flagget i ein liten og ein stor del og symboliserer det uønskte skiljet mellom Nagorno-Karabakh og Armenia.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. General Information ved www.gov.am
  2. Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.
  3. THE EVOLUTION OF THE ARMENIAN FLAG Arkivert 2005-12-15 ved Wayback Machine. ved orient.am