Det internasjonale fjernsjakkforbundet
Det internasjonale fjernsjakkforbundet, på engelsk International Correspondence Chess Federation, forkorta til ICCF vart skipa i 1951 som ei nyskiping av ICCA (International Correspondence Chess Association), skipa i 1945. ICCA var igjen ein oppfølgjar av IFSB (Internationaler Fernschachbund), skipa i 1928.
Fjernsjakk
endre- For meir om dette emnet, sjå Fjernsjakk.
Fjernsjakk er sjakk som blir spela over avstand med ulike former for kommunikasjon.
Dette har tradisjonelt skjedd som postsjakk, med brev eller postkort. Dei siste åra har fjernsjakk i stor grad i staden blitt spela ved å bruke ei fjernsjakk-datamaskin til å kommunisere trekka, og til ei viss grad også ved ebrev.
Fjernsjakk har elles blitt spela ved bruk av dei fleste former for kommunikasjon, frå telegraf på 1800-talet, til seinare telefon, teleks og telefaks. Brevduer skal også ha blitt brukt.
Fjernsjakk står i motsetnad til nærsjakk, der spelarane sit ved eit sjakkbrett samtidig. Det blir også rekna som nærsjakk viss spelarane ikkje sit på same stad, men der trekka blir overført fortløpande, slik at partiet blir avvikla innanfor vanlege rammer for tenketid for nærsjakk.
Før ICCF
endreFjernsjakk oppstod i noko omfang først på 1800-talet, med framveksten av meir moderne kommunikasjon: Betre postvesen, og oppfinninga av telegrafen gjorde det mogleg å spele sjakk over avstand innan rimelege tidsrammer. Sjakklubbar og sjakktidsskrift arrangerte etter kvart både nasjonale og internasjonale sjakkturneringar innan fjernsjakk, i praksis var dette postsjakk. I 1928 vart den første internasjonale samanslutninga danna, IFSB.
Noverande organisasjon
endreICCF er ei samanslutning av nasjonale medlemsorganisasjonar. Det skal no vere meir enn 60 nasjonale medlemsorganisasjonar, med etter det opplyste meir enn 100.000 individuelle medlemmar som spelar fjernsjakk. Dei fleste av desse spelar mange parti samtidig.
Norges Postsjakkforbund er norsk medlem i ICCF.
ICCF har nært samarbeid med Verdssjakkforbundet FIDE. Fjernsjakktitlar, fjernsjakkmeisterskap og fjernsjakkrating er godkjende av FIDE.
Turneringar
endreICCF arrangerer all slags turneringar: Verdsmeisterskap for menn og kvinner, individuelle meisterskap og lag-meisterskap, klasse-turneringar med høve til opprykk - frå opne klasser til meisterklasser, tittel-turneringar og cup-turneringar. Dette med bruk av post, ebrev og sjakkserver.
Det blir også arrangert sone-turneringar for dei fire sonene som ICCF er delt inn i: Europa, Latin-Amerika, Nord-Amerika/Stillehavet og Afrika/Asia.
Fjernsjakkolympiade
endreMenn
endre# | År | Gull | Sǿlv | Bronse |
---|---|---|---|---|
01. | 1949-1952 | Ungarn (25) | Tsjekkoslovakia (20) | Sverige (19,5) |
02. | 1952-1955 | Tsjekkoslovakia (27,5) | Sverige (27,5) | Tyskland (27) |
03. | 1958-1961 | Sovjet (35,5) | Ungarn (32,5) | Jugoslavia (32) |
04. | 1962-1964 | Sovjet (36) | Aust-Tyskland (28,5) | Sverige (27,5) |
05. | 1965-1968 | Tsjekkoslovakia (31,5) | Sovjet(30) | Tyskland (29,5) |
06. | 1968-1972 | Sovjet (38) | Tsjekkoslovakia (28,5) | Aust-Tyskland (25,5) |
07. | 1972-1976 | Sovjet (35,5) | Bulgaria (30) | Storbritannia (29,5) |
08. | 1977-1982 | Sovjet (46,5) | Ungarn (44) | Storbritannia (41,5) |
09. | 1982-1987 | Storbritannia (33,5) | Tyskland (30) | Sovjet (27) |
10. | 1987-1995 | Sovjet (34) | England (33,5) | Aust-Tyskland (33,5) |
11. | 1992-1999 | Tsjekkoslovakia (45,5) | Tyskland (45,5) | Kanada (40) |
12. | 1998-2004 | Tyskland (47,5) | Litauen (42,5) | Latvia (42,5) |
13. | 2004-2009 | Tyskland (38) | Tsjekkia (34,5) | Polen (32) |
14. | 2002-2006 | Tyskland (45,5) | } Litauen (39,5) | USA(36) |
15. | 2006-2009 | Noreg (48) | Tyskland (47) | Nederland (46,5) |
16. | 2010-2016 | Tsjekkia (33,5) | Tyskland (28,5) | Frankrike (26,5) |
17. | 2009-2012 | Tyskland (44,5) | Spania (43,5) | Italia (39,5) |
18. | 2012-2016 | Tyskland (41,5) | Slovenia (41) | Spania (39) |
19. | 2016-2021 | Bulgaria (27) | Tyskland (26,5) | Tsjekkia, Polen (26,5) |
20. | 2016-2019 | Tyskland (39,5) | Russland (39,5) | Spania (39) |
21. | 2020-2023 | Tyskland (38) | Luxembourg (37) | USA (37) |
Kvinner
endre# | År | Gull | Sǿlv | Bronse |
---|---|---|---|---|
01. | 1974-1979 | Sovjet (22) | Tyskland (19) | Tsjekkoslovakia (15,5) |
02. | 1980-1986 | Sovjet (26) | Tsjekkoslovakia (26) | Jugoslavia (20) |
03. | 1986-1992 | Sovjet (23) | Tsjekkoslovakia (21) | Ungarn (14,5) |
04. | 1992-1997 | Tsjekkia (24) | Russland (21) | Polen (18,5) |
05. | 1997-2003 | Russland (25) | Tyskland (22) | Tsjekkia (18) |
06. | 2003-2006 | Litauen (26,5) | Tyskland (23,5) | Italia (23) |
07. | 2007-2009 | Slovenia (25) | Litauen (23,5) | Tyskland (23) |
08. | 2008-2010 | Polen (27) | Bulgaria (27) | Italia (26) |
09. | 2011-2014 | Russland (34) | Litauen (32,5) | Tyskland (30) |
10. | 2015-2017 | Tyskland (33) | Litauen (30) | Russland (28) |
Fjernsjakk-rating
endreICCF har eige ratingsystem, som blir brukt til å rangere spelarane, og som blir brukt som grunnlag for mellom anna tildeling av fjernsjakktitlar.
Fjernsjakktitlar
endreICCF delar ut sjakktitlar i fjernsjakk: Internasjonal Fjernsjakkstormeister (ICCF-GM), Senior Internasjonal Meister i fjernsjakk (ICCF-SIM), Internasjonal Meister i fjernsjakk (ICCF-IM), Internasjonal Kvinnestormeister i fjernsjakk (ICCF-LGM), Internasjonal Kvinnemeister i fjernsjakk (ICCF-LIM) og Internasjonal dommar i fjernsjakk (ICCF-IA)