Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo

Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO) er den eldste institusjonen i Noreg som har tilbod om undervising i og driv forsking innan rettsvitskap. Det juridiske fakultetet er eitt av dei fire opphavlege fakulteta ved UiO, frå 1812. Fakultetet vert leia av ein dekan, ein prodekan for studiar og ein prodekan for forsking.

Domus Juridica er læringsarena for studentane ved Det juridiske fakultet i Universitetet i Oslo. Fakultetet har og tilhald i dei gamle universitetsbygningane på Karl Johans gate i Oslo.

Fakultetet sine aktivitetar er spreidd på fleire bygg. I januar 2020 tok fakultetet Domus Juridica i bruk. Bygningen ligg i Kristian Augusts gate og inneheld undervisningsrom, lesesalar, Juridisk bibliotek, studentinformasjonstenester og arbeidsplassar for tilsette. Fakultetet har framleis aktivitet i dei gamle universitetsbygga som ligg ved Karl Johans gate; Domus Bibliotecia (vestbygningen), Domus Media (midtbygningen) og Domus Academica (Urbygningen). I Domus Media finn ein Universitetets aula, ein sal for konsertar og høgtidelege tilskipingar, vidgjeten for dei store veggmåleria (på lerret) av Edvard Munch. Namnet Urbygningen på Domus Academica skuldast eit pendelur som framleis heng i eit av vindauga ut mot Karl Johans gate, og som forfattaren Henrik Ibsen skal ha korrigert sitt eige ur etter på si daglege vandring frå heimen i Arbiens gate til Grand Café i si tid.

Einingar

endre

Fakultetet har fem faglege einingar, og i tillegg ein fakultetsadministrasjon. Fakultetet har fleire sentre som er knytta til dei ulike einingane.

Bakgrunnsstoff

endre