Det nederlandske koloniriket

Det nederlandske imperiet eller det nederlandske koloniriket (nederlandsk Het Nederlandse Koloniale Rijk) er koloniriket til Nederland. Kolonihistoria byrja på 1600-talet, då Det nederlandske austindiakompaniet (VOC) byrja sjå etter nederlandske handelsinteresser i Indiahavet.[1]

Nederlandske koloniar før andre verdskrigen.

Ulike koloniarEndra

SurinamEndra

Surinam, som tidlegare heitte Nederlandsk Guyana, blei nederlandsk koloni i 1667 og sjølvstendig i 1975. Kort tid etter sjølvstendet flytta ein tredel av innbyggjarane i Surinam til Nederland.[2] Det einaste offisielle språket i staten er framleis nederlandsk.[3]

IndonesiaEndra

Nederlendarar byrja kolonisera Indonesia på 1600-talet, og namnet på kolonien var lenge Nederlandsk Austindia. Under den japanske okkupasjonen i 1942 erklærte Indonesia sjølvstende.[4] Etter andre verdskrigen lykkast Nederland ikkje i å få øyane tilbake under kontroll, og i 1949 anerkjende dei indonesisk sjølvstende.[5]

I dagEndra

Nederlandsk kolonihistorie er stadig tydeleg i Sør-Afrika, der afrikaans blir snakka av fleire innbyggjarar. Ifølgje forskarar blei språket utvikla som eit kontaktspråk mellom nederlandsktalande innvandrar frå Europa og kreolisert nederlandsk som blei brukt av det lokale sanfolket.[6]

Den moderne Kongeriket Nederlanda består av Nederland, Aruba, Curaçao og Sint Maarten. Øyane Bonaire, Sint Eustatius og Saba fungerer som kommunar i Nederland og ikkje som separate land innan kongeriket.[7]

KjelderEndra

  1. «Dutch East India Company» (på engelsk). Encyclopædia Britannica. 2015. Henta 2. april 2020. 
  2. «Suriname Country Profile» (på engelsk). BBC News. 31. mai 2018. Henta 3 april 2020. 
  3. «Surinam». Utrikespolitiska institutet. 2020. Henta 3. april 2020. 
  4. «Indonesia Country Profile» (på engelska). BBC News. 2. oktober 2018. Henta 3. april 2020. 
  5. «Indonesia» (på engelsk). CIA World Factbook. 2020. Henta 3. april 2020. 
  6. «Het Nederlands in de wereld: Zuid-Afrika» (på nederlandsk). Freie Universität Berlin. 2015. Henta 3. april 2020. 
  7. «What are the different parts of the Kingdom of the Netherlands?» (på engelsk). Government of the Netherlands. 2020. Henta 3. april 2020.