Opna hovudmenyen
Tittelside (1848)

Det norske Folkesprogs Grammatik vart skriven av Ivar Aasen i 1848 og omhandlar det tungemålet som vart bruka av størstedelen av det norske folket då Aasen i tida 1842-46 gjorde sine studiereiser. Utgjevinga vart kosta av Det kongelige norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

Ivar Aasen hadde opphavleg planlagt å undersøkje språket på Vestlandet, men utvida seinare arbeidet til også å omfatte dei austlege og nordlege distrikta i landet. Boka skulle førebu utgjevinga av ei «Ordbog over det norske Folkesprog».

Aasen fann at dialektskilnadene ikkje var større enn at det var eit tydeleg samband mellom dialektane. Aasen viste med sitt materiale at det fanst eit levande norsk språk. Språkmaterialet vart først fullstendig ved ein samanstilling av alle dialektane. At dette språket levde, utan stød frå eit skriftspråk, såg Aasen som eit prov på at dette språket var folket sin eigedom.

Innhaldet i grammatikkenEndra

Aasen går grundig gjennom lydtilhøva (bokstavar og uttale), vokal- og konsonantovergang, orddanninga, bøyingsformene, samanføyinga av ord til setningar og tilhøvet mellom dialektane i Noreg. Men han finn ikkje fram til ein felles norm for folkespråket; den vart først framstilt i Norsk Grammatik seksten år seinare.

Hokjønsordet som i ubunden form heiter Skaal, står oppført med seks ulike bundne nominativsformer:

— og dessutan tre ulike dativformer:

Aasen jamfører dette med dei islandske og norrøne formene av skál som i bunden form nominativ er skálin, i akkusativ er skálina og i dativ er skálinni.

Aasen deler dialektane i den nordafjellske, den vestafjellske og den austafjellske rekka. Avslutningsvis skriv Aasen at dei dialektane som ligg nærast det gamle norske språket er dei som brukast i vestlege fjordbygder og i dalane aust for Langfjella, men likevel slik at ulike grammatikalske element er tatt vare på i ulike dialektar.

BakgrunnsstoffEndra