Det norske radiumhospital

Radiumhospitalet (etablert 1932) er eit sjukehus på Montebello i Oslo som driv handsaming av kreftsjukdomar, og er Skandinavias største kreftsenter.

Det norske radiumhospital

Kart
Det norske radiumhospital
59°55′51″N 10°39′40″E / 59.93084444°N 10.66105833°E / 59.93084444; 10.66105833

Sjukehuset vart innvigd som landet sitt første spesialsjukehus for kreft av kong Haakon VII i 1932 med pådrivarane Severin Andreas Heyerdahl (1870–1940) som første direktør og Hans L. C. Huitfeldt som første styreformann. Heyerdahl vart etterfølgt av Bull Engelstad i 1939 og Reidar Eker i 1947, året før dei stifta Landsamskipnaden mot kreft, medan Kreftregisteret vart lansert i 1952.[1]

I 1927 vart ein arkitektkonkurranse for radiumhospitalet kunngjort. Juryen bestod av overlege Severin Andreas Heyerdahl, arkitekt Arnstein Arneberg og Victor Nordan. Av 73 forslag vart prosjektet til arkitekt Ole Øvergaard i samarbeid med overlege dr. Axel Christensen valt. Parkplanen vart laga av dosent Olav Leif Moen i 1931.[2] Eit nybygg kom i 1957.[3] Modernisering og stort tilbygg (arkitekt Ol Bull) stod ferdig i 1982 for 429 pasientar.

Det vart i 2005 slått saman med Rikshospitalet til eitt helseforetak, Rikshospitalet–Radiumhospitalet HF. To år seinare til Rikshospitalet HF. Med Ullevål universitetssjukehus og Aker universitetssjukehus vart dei tre tidlegare helseføretaka fusjonert til Oslo universitetssjukehus HF i 2009.

Hospitalet har einingar for patologi, radiologi, klinisk kjemi, anestesi og klinisk forsking, og tek i mot tilvisingar frå heile landet. Ein har tett forskingssamarbeid med Institutt for kreftforsking, som finst ved sjukehuset, og dessutan med landdekkende Montebello-senteret på Lillehammer for rehabilitering av pasientar. Av omkring 300 tilsette er 200 eksternt finansiert av fond og institusjonar som mange av Kreftsamskipnaden.

Sjukehotell endre

I 2007 fremja direktør Åge Danielsen planar om bygging av eit sjukehotell. Det vart til i samarbeid med Arthur Buchardt.

Sjå Diskusjon:Det norske radiumhospital

Biletgalleri endre

Dr. Ragnar Mørks forskingspris endre

Ein personleg pris vert gjeve ut årleg frå apotekar Ragnar Mørk (1908–2002) sit legat, til forskarar frå Radiumhospitalet med gode forskingsresultat. Den var i 2002 på 100 000 kroner og i 2011 på 200 000 kronar.

Anna endre

Til opninga av eit møte 4. mai 1932, skipa av Radiumfodet, vart det skrive ein prolog av Nordahl Grieg som forfattaren sjølv las i Universitetets aula. Det vart òg gjeve ut eit frimerke med tilleggsverdi der innkomsten gjekk det som seinare vert kalla Kreftsenteret.

Kjelder endre

  1. Kreftsenteret (1982). Et moderne kreftsenter. Radiumhospitalet. 
  2. «Content of main collections - Historical Archive of Norwegian Landscape Architecture». Historical Archive of Norwegian Landscape Architecture (på engelsk). Henta 17. februar 2018. 
  3. Haugstøl, Henrik (1898-1969) (1958). Gaven fra det norske folk: litt om Det norske radiumhospitals historie ved innvielsen av nyanlegget 27. januar 1958. [s.n.] 

Bakgrunnsstoff endre

«Radiumhospitalet» i Store norske leksikon, snl.no.