Deweys desimalklassifikasjon
Deweys desimalklassifikasjon (DDK, også kalla Deweysystemet) er eit system for biblioteka sin klassifikasjon av bøker og andre informasjonsbærarar. Systemet vart utvikla av den amerikanske bibliotekaren Melvil Dewey (1851–1931) i 1876.
Systemet har i prinsippet internasjonal utbreiing. Det vert brukt i Noreg, i ein tillempa versjon i Danmark, men berre i liten grad i Sverige.
I USA arbeider biblioteka no etter 21. utgåve av DDK. 5. forkortede norske utgave vart utgjeve i 2002 av Norsk komité for klassifikasjon og indeksering (NKKI) [1], med 21. amerikanske utgåve som kjelde.
Systemet er delt inn i ti hovudkategoriar:
- 000 Referanse, informasjon og datamaskinar
- 100 Filosofi, psykologi, etikk
- 200 Religion
- 300 Samfunnsvitskap
- 400 Språk
- 500 Naturvitskap og matematikk
- 600 Teknologi og anvend vitskap
- 700 Kunst og fritidsaktiviteter
- 800 Litteratur
- 900 Historie, biografi og geografi
I Noreg vart DDK innført av Haakon Nyhuus.
Bakgrunnsstoff
endre- OCLC: DDC
- Fulltekstversjon av A Classification and Subject Index for Cataloguing and Arranging the Books and Pamphlets of a Library (Dewey Decimal Classification) Arkivert 2004-10-09 ved Wayback Machine. (1876) frå Project Gutenberg
- NKKI