Diddy Wah Diddy
av Bo Diddley
B-side

«I'm Looking for a Woman»

Utgjeve 1956
Innspelt 10. november 1955 i Chicago
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:28
Selskap Checker 832
Låtskrivar(ar) Willie Dixon, Ellas McDaniel
Produsent Leonard Chess, Phil Chess
Bo Diddley-kronologi 
«Pretty Thing»
(November 1955)
Diddy Wah Diddy «Who Do You Love?»
(1956)


«Diddy Wah Diddy» er ein song skriven av Willie Dixon og Ellas McDaniel, kjend som Bo Diddley, og spelt inn av Diddley i 1956.[1][2] Songen deler berre tittel med Blind Blake-songen «Diddie Wah Diddie» frå 1929. I løpet av åra har Bo Diddley-songen blitt spelt av mange band og artistar, som The Astronauts, Captain Beefheart and his Magic Band, The Remains, The Twilights, Taj Mahal, The Sonics, The Fabulous Thunderbirds, Ty Segall Band og The Blues Band blant mange andre.[3]

Originalversjonen til Bo Diddley endre

«Diddy Wah Diddy» var den fjerde singelen til Bo Diddley på Checker Records, og kom ut tidleg i 1956.[4] Songen vart spelt inn 10. november 1955 i Chicago.[5]Diddley hadde på innspelinga med seg The Moonglowskorvokal, Willie Dixon på bass, Jody Williams i lag med Bo Diddley på gitar, Clifton James på trommer, Jerome Green på maracas og Little Willie Smithmunnspel.[5][6][7]

Teksten i songen omhandlar den mytiske byen Diddy Wah Diddy. Det var ikkje uvanleg på byrjinga av 1900-talet for afroamerikanarar i Sørstatane (særleg i Florida) å snakke om forskjellige mytiske byar og land som Beluthahatchie, Ginny Gall,[8] Diddy Wah Diddy og West Hell som om dei var verkelege.[9] Av alle desse oppdikta stadane skreiv folkloristen Benjamin A. Botkin at Diddy Wah Diddy var «den største og mest kjende av dei afroamerikanske, mytiske stadane.»[10] Det vart trudd at i Diddy Wah Diddy så var det rikt på mat, ein trong ikkje å arbeide, og menneske og dyr hadde det godt.[11] Dixon- og McDaniel-songen vert sungen frå synspunktet til ein mann som har ein kjærast som bur på denne mytiske staden.

Songen vert ofte forveksla med Blind Blake-songen «Diddie Wa Diddie» frå 1928, og denne er òg blitt spelt inn under tittelen «Diddy Wah Diddy».[12][13]

Captain Beefheart-versjonen endre

Diddy Wah Diddy
av Captain Beefheart and his Magic Band
B-side

«Who Do You Think You're Fooling»

Utgjeve Mars 1966
Innspelt Januar 1966 i Sunset Sound Recorders i Hollywood
Sjanger Bluesrock
Lengd 2:22
Selskap A&M 794
Låtskrivar(ar) Willie Dixon, Ellas McDaniel
Produsent David Gates
Captain Beefheart and his Magic Band-kronologi 
Diddy Wah Diddy «Moonchild»
(1966)


Captain Beefheart and his Magic Band spelte inn ein bluesrockversjon av songen, produsert av David Gates (seinare frontmann i Bread), i januar 1966 i Sunset Sound Recorders i Hollywood i California.[14][15][16] Songen var den første singelen til bandet, gjeven ut på A&M i mars det året.[14][15] Somme kopiar av singelen har «A. Christensen» ført opp som låtskrivar.[16] Songen fekk raskt interesse og vart ein regional hit, og bandet spelte songen i mai på TV-showet Where the Action Is, der dei mimer til songen på ei strand i California.[15][17]

Medverkande

Andre versjonar endre

Den første kjende coverversjonen av songen vart spelt inn av rockebandet The Astronauts på albumet The Astronauts Orbit Campus i 1964.[14][18]

Kring samstundes med Captain Beefheart-versjonen, i midten av 1966, spelte The Remains frå Boston inn ein garasjerockversjon av songen, som vart ein hit på Austkysten.[15]

The Sonics spelte inn songen som ein garasjerock-song kring 1966 og denne kmo ut i 1991 på albumet Maintaining My Cool og i 2004 på Sundazed-utgåva av albumet Introducing the Sonics.[13][19][20]

To australske band, The Twilights og Mike Furber and the Bowery Boys spelte songen, igjen i 1966. Eit anna australsk band, Running Jumping Standing Still, spelte inn ein versjon i 1967, og denne nådde 13. plassen på singellista i Melbourne.[13]

Ein versjon av bluesrockbandet The Fabulous Thunderbirds kom ut i 1982 på albumet T-Bird Rhythm.[21]

Ein garasjerock-versjon av «Diddy Wah Diddy» vart spelt inn av Ty Segall Band i 2012 på albumet Slaughterhouse.

Tom Petty and the Heartbreakers spelte songen i 1997 og denne finst på albumet The Live Anthology.

Kjelder endre

  1. «Diddy Wah Diddy by Bo Diddley». Allmusic. Henta 10. juli 2017. 
  2. Evans, David (1982). Big Road Blues: Tradition and Creativity in the Folk Blues. University of California Press. s. 280. ISBN 0-520-03484-8. 
  3. «Diddy Wah Diddy». Allmusic. Henta 10. juli 2017. [daud lenkje]
  4. «Bo Diddley discography». David Blakey. Henta 10. juli 2017. 
  5. 5,0 5,1 I'm a Man: The Chess Masters, 1955-1958 (CD liner). Bo Diddley. USA: Hip-O Select. 2007. B0009231-02. 
  6. «Jody Williams Singles». WDD. Arkivert frå originalen 22. januar 2016. Henta 10. juli 2017. 
  7. «R&B Songs Diddy Wah Diddy». Classic R&B. Arkivert frå originalen 14. desember 2010. Henta 10. juli 2017. 
  8. Mencken, H. L. , «Hell and Its Outskirts,» The New Yorker, October 23, 1948
  9. Weisberger, Bernard A. (1985). The WPA Guide to America: the Best of 1930s America as Seen By the Federal Writers' Project. Pantheon Books. s. 228. 
  10. Botkin, Benjamin Albert. (1976). A Treasury of Southern Folklore: Stories, Ballads, Traditions, and Folkways of the People of the South. Crown Books. s. 479. ISBN 0-9529540-1-X. 
  11. Jones, Sharon Lynette. (2009). Critical Companion to Zora Neale Hurston: a Literary Reference to Her Life. Infobase Publishing. s. 58. ISBN 0-8160-6885-2. 
  12. «Bo Diddley All Songs». Allmusic. Henta 10. juli 2017. 
  13. 13,0 13,1 13,2 «Running Jumping Standing Still Diddy Wah Diddy». Pop Archives. Arkivert frå originalen 16. februar 2017. Henta 10. juli 2017. 
  14. 14,0 14,1 14,2 «Diddy Wah Diddy». The Denver Eye. Arkivert frå originalen 27. desember 2010. Henta 10. juli 2017. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 «Captain Beefheart and his Magic Band». eNotes. Arkivert frå originalen 5. oktober 2012. Henta 10. juli 2017. 
  16. 16,0 16,1 «Captain Beefheart Electricity». Theo Tieman. Henta 10. juli 2017. 
  17. «Gimme Dat Harp Boy - Music Info Archive». www.beefheart.com. Arkivert frå originalen 20. november 2010. Henta 10. juli 2017. 
  18. «Second Hand Songs: The Astronauts Orbit Campus». Second Hand Songs. Henta 10. juli 2017. 
  19. «Maintaining My Cool The Sonics». Allmusic. Henta 10. juli 2017. 
  20. «Introducing the Sonics Bonus Tracks The Sonics». Allmusic. Henta 10. juli 2017. 
  21. «The Fabulous Thunderbirds». eNotes. Arkivert frå originalen 13. oktober 2008. Henta 10. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff endre