Diderich Hegermann Lund

(Omdirigert frå Diderich H. Lund)

Diderich Hegermann Lund (17. mars 188829. januar 1986) var ein norsk entreprenør og ingeniør som bidrog til utbygging av norsk vasskraft og jernbane og var ein pioner innan utviklingshjelp.

Diderich Hegermann Lund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mars 1888
Død

29. januar 1986 (97 år)

Yrke ingeniør
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Far Ole Wilhelm Lund
Ektefelle Sigrid Helliesen Lund

Liv endre

Lund var fødd i Kristiania som son av ingeniøroffisereren Ole Wilhelm Lund (1848–1915) og Louise Hegermann (1856–1914).[1]

Etter examen artium i 1906 gjennomførte han ingeniørstudium i Zürich i perioden 1906–1910, og hadde deretter eit par års praksis i Sveits før han var tilbake i Noreg i 1913. I dei ti åra som følgde leia han fleire store vasskraft- og industriutbyggingsprosjekt, blant anna bygginga av karbidfabrikken i Odda. Som sjef for teknisk etat i dåverande Aker kommune 1921–1926, var han med på bygginga av Sognsvannsbanen og Østensjøbanen. I 1925–1926 leia han bygginga av fortøyingsmastene for luftskipet NorgeEkeberg i Oslo, og på Svalbard der han også bygga luftskipshallen i Ny-Ålesund.

Frå 1927 til 1930 var Lund tilsett som anleggsjef ved Det norske Zinkkompani i Odda. I 1930 starta han og Haakon Eeg-Henriksen entreprenørfirmaet Haakon Eeg-Henriksen & Diderich Lund A/S. Dette samarbeidet varte til 1952, då Lund overtok leiinga av Keralaprosjektet.

I åra like før andre verdskrigen og i dei tidlege krigsåra arbeidde han blant anna med utbygginga av Nordlands- og Sørlandsbanen. Under den tyske okkupasjonen av Noreg måtte Lund flykta til Sverige, og han blei send derfrå til London der han verka som konsulent for regjeringa i arbeidet med å førebu gjenreisinga av Noreg. Etter krigen leia han gjenoppbygginga av Finnmark.

Frå 1952 til 1957 var Lund engasjert i den første norske utviklingshjelpen i Kerala. Han leia Fiskeriprosjektet i Kerala, eit pionerprosjekt for norsk utviklingshjelp.

Lund var 75 år då han byrja på si siste store oppgåve; å lede hjelpearbeidet til kvekarane, Kvekerhjelp, i Algerie. I åra 1963–1970 var han ansvarleg for utbygging av vssforsyning og bygging av skular og helseklinikkar. Han var også med på å mekla i den algerske borgarkrigen.[1]

Av overtyding var Lund pasifist, fredsforkjempar, atommotstandar (medlem av Dei 13) og kvinnesaksforkjempar; han var medlem i Norsk Kvinnesaksforening.[2] Han var formann i Folkereisning mot Krig (FMK) frå 1950 til 1952 og med i rådet til War Resisters' International frå 1952 til 1960.[1]

Familie endre

Diderich Lund var gift med Daisy Vogt frå 1919 til 1921 og frå 1923 med med Sigrid Helliesen Lund (1892–1988). Han var far til Bernt H. Lund (f. 1924).[1]

Han var barnebarn av målarparet Bernt og Hedevig Lund og sonedotters son av eidsvollmanen og statsråden Diderich Hegermann.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Aarek, Hans Eirik (25. februar 2020). «Diderich H Lund». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Upprop». Norsk Tidend. 5. mai 1936.