Opna hovudmenyen
Ole Wilhelm Lund

Ole Wilhelm Lund (5. august 184829. mars 1915) var ein norsk offiser og ingeniør, fødd i Horten. Han var son til Bernt Lund og far til Diderich H. Lund.

Etter Lund i 1866 hadde gjennomført ein glitrande eksamen ved Hartvig Nissen sin privatskule i Kristiania, gjorde han teneste i Garden og gjekk ut av Krigsskulen i 1870. Sidan var han 1872-80 jarnbaneingeniør i staten, då vide kjend for å ha leia den fyrste oppmålinga av høgfjellsstrekninga på Bergensbanen. Åra 1883-89 var han lokal direktør for eit engelsk selskap som hadde konsesjon på bygginga av Ofotbanen. Seinare deltok han i bygginga av Sulitjelmabanen og i utskipingskaien for jarnmalm i Narvik. 1891-96 var han arbeidsstyrar i kanalstellet.

Lund gjekk ut av det militære som oberstløytnant. Etter den tid var han engasjert i mange ulike anlegg knytt til jarnbane, vasskraftutbygging og kaibygging. Han var også utanlands, både på studiereiser og som planleggjar. Mellom anna såg han på kva som måtte til skulle det byggjast ein jarnbane frå Mexico-byen til Stillehavet.

KjelderEndra