For andre tydingar av oppslagsordet, sjå elva Dill.
Dill
Dill
Dill
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Slekt: Dillslekta Anethum
Art: Dill A. graveolens
Vitskapleg namn
Anethum graveolens

Dill (Anethum graveolens) er ein krydder- og medisinplante i skjermplantefamilien som opphavleg stammar frå Sentral-Asia. Planten er eittårig og blir 40-60 cm høg, med smale blad som er 10-20 cm lange. Blad og frø blir begge brukte til å gje smak på mat.

Dillblad blir brukt som urter, helst ferske men også tørka, særleg saman med fisk og skaldyr. Frøa blir mellom anna brukte til sylting.

Dill har vore i bruk lenge blant menneska. Det eldste funnet er frå yngre steinalder i Sveits. Ein har også funne kvastar i faraograva til Amenhotep II.

Systematikk

endre

Til dill reknar ein med følgjande underartar eller variantar:

  • Hagedill (Anethum graveolens L. var. hortorum Alef.)
  • Åkerdill (Anethum graveolens L. var. graveolens)
  • Indisk dill (Anethum graveolens L. subsp. sowa bzw. f. sowa)

Kultivarar

endre
  • Anethum graveolens 'Bouquet'
  • Anethum graveolens 'Fernleaf'
  • Anethum graveolens 'Mammoth'
  • Anethum 'Vierling'

Bakgrunnsstoff

endre


  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.