Opna hovudmenyen
Disco Inferno
Singel av The Trammps
frå albumet Disco Inferno
B-side «You Touch My Hot Line»
Utgjeve 28. desember 1976
Innspelt 1976
Sjanger
Lengd 10:54 (album)

3:35 (radio edit)

Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar)
The Trammps-kronologi
«Ninety-Nine and a Half»
(1976)
Disco Inferno «I Feel Like I've Been Livin' (On the Dark Side of the Moon)"
(1977)


«Disco Inferno» er ein song frå 1976 av The Trammps frå albumet med same namn. Songen nådde toppen av Billboard Hot Dance Club Play-lista tidleg i 1977, men hadde avgrensa suksess i USA fram til 1978, før han vart nytta i filmmusikken til filmen Saturday Night Fever i 1977. Singelen vart då gjeven ut på ny og nådde 11. plassen på Billboard Hot 100-lista.[1][2]

Songen vart òg spelt inn av Cyndi Lauper på filmmusikken til A Night at the Roxbury[3] og Tina TurnerWhat's Love Got to Do with It.[4]

Innhaldsliste

SonginformasjonEndra

Songen vart opphavleg spelt inn av The Trammps i 1976 og gjeven ut som singel. Han var inspirert av ein scene i filmen The Towering Inferno frå 1974, då eit diskotek stod i brann.[5] I følgje Tom Moulton, som miksa plata, vart ein Dolby støyreduksjon sett til feil innstilling under miksen av spora. Då lydteknikaren Jay Mark oppdaga feilen og retta det opp, fekk miksen ei mykje vidare dynamisk rekkjevidd enn det som var vanleg på den tida. På grunn av dette verkar songen å «hoppe ut» mot lyttaren. I lag med «Starvin'» og «Body Contact Contract» toppa han den amerikanske Disco-lista i seks veker seint på vinteren 1977.[6] På andre amerikanske lister nådde «Disco Inferno» niandeplassen på Black Singles-lista, men var først ikkje ein særleg stor suksess på pop-radiostasjonar, og nådde 53. plassen på Billboard Hot 100.[7]

«Disco Inferno» nådde eit breitt publikum då han vart nytta i filmmusikken til filmen Saturday Night Fever i 1977 og vart forlenga til å vare nesten 11 minuttar lang.[8] Singelen vart gjeven ut på ny av Atlantic Records, og songen nådde då 11. plassen på poplista i USA våren 1978 og vart den største hitten til the Trammps.

I 1996 vart «Disco Inferno» nytta i filmen Kingpin og han vart nytta i ein trailer for Adam Sandler-komedien Bedtime Stories. I 2006 vart den lengre versjonen nytta i ein oppussa versjon av filmen Ghostbusters.[9]

Den 19. september 2005 vart «Disco Inferno» innlemma i Dance Music Hall of Fame.[10]

ListerEndra

Liste (1977) Plassering
U.S. Billboard Hot Dance Club Play 1
Liste (1978) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 11
UK Singles Chart 16

Tina Turner-versjonenEndra

Disco Inferno
Singel av Tina Turner
frå albumet What's Love Got to Do with It
B-side «I Don't Wanna Fight» (Single edit)
Utgjeve 12. juli 1993
Innspelt 1993
Sjanger Pop
Lengd 4:03
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Leroy Green, Ron Kersey
Produsent Tina Turner, Chris Lord-Alge, Roger Davies
Tina Turner-kronologi
«I Don't Wanna Fight»
(1993)
Disco Inferno «Why Must We Wait Until Tonight»
(1993)


Tina Turner spelte inn songen i 1993 for filmen What's Love Got to Do with It og singelen nådde 12. plassen på UK Singles Chart, fire plassar høgare enn originalversjonen til The Trammps. Singelen inneheld remiksar av The Beatmasters.

FormatEndra

UK CD-singel

  1. «Disco Inferno» (Album Version) – 4:03
  2. «I Don't Wanna Fight» (Single Edit) – 4:25

UK 12"-singel

  1. «Disco Inferno» (12" Version) – 5:33
  2. «Disco Inferno» (12" Dub) – 6:57
  3. «Disco Inferno» (Album Version) – 4:03

UK CD-singel

  1. «Disco Inferno» (Album Version) – 4:03
  2. «I Don't Wanna Fight» (Single Edit) – 4:25
  3. «Disco Inferno» (12" Version) – 5:33
  4. «Disco Inferno» (12" Dub) – 6:57

ListerEndra

VekeslisterEndra

Liste (1993) Plassering
Australia (ARIA)[11] 56
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[12] 10
Europa (European Hot 100 Singles)[13] 38
Irland (IRMA)[14] 13
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[15] 16
New Zealand (RIANZ)[16] 25
UK Singles (Official Charts Company)[17] 12

ÅrslisterEndra

Liste (1993) Plassering
Nederland (Dutch Top 40)[18] 143

Cyndi Lauper-versjonenEndra

Disco Inferno
Singel av Cyndi Lauper
frå albumet A Night at the Roxbury
Utgjeve 3. august 1999[19]
Innspelt 1999
Sjanger Pop
Selskap Jellybean Records
Låtskrivar(ar) Leroy Green, Ron Kersey
Produsent Cyndi Lauper, Mark Saunders, Jan Pulsford
Cyndi Lauper-kronologi
«Early Christmas Morning
(1998)
Disco Inferno «Shine»
(2001)


Cyndi Lauper framførte første gongen songen på konsert i New York i Bryant Park den 21. juni 1998. Songen vart så spelt inn for filmen A Night At Roxbury. Denne versjonen vart nominert til Grammy-prisen for beste danselåt.

Offisielle versjonarEndra

[20]

  1. Boris & Beck Roxy Edit Dub
  2. Boris & Beck Roxy Dub
  3. Club Mix
  4. Rescue Me Mix
  5. Soul Solution A Capella
  6. Soul Solution Drumapella
  7. Soul Solution Mix
  8. Soul Solution Radio Edit

ListerEndra

Liste (1999) Plassering
U.S. Billboard Hot Dance Club Play 8
U.S. Billboard Hot Dance Singles Sales 12

Andre versjonarEndra

SamplingEndra

  • Fast Eddie sampla «Disco Inferno» på hans «I Want You, Girl»
  • Madonna song vokalen sin på «Music» over ein instrumentalversjon av denne songen i 2006 på Confessions-turneen hennar, og skapte ein mash-up kalla «Music Inferno».
  • I august 1998 gav Baby Bumps ut songen «Burning», som i røynda var ein moderne versjon av «Disco Inferno» over ein moderne house-beat. Denne versjonen nådde 17. plassen på den britiske singellista.
  • Punkikonet John Otway og Steps-låtskrivaren Barry Upton nytta songen som akkompagnement for Otway-songen «Bunsen Burner».

I andre mediaEndra

KjelderEndra

  1. «The Trammps Billboard singles». AllMusic. Henta 16. mai 2016. 
  2. Dys, Andrew (March 8, 2012). «'Disco Inferno' singer Jimmy Ellis of Rock Hill dies at 74». The Herald (Rock Hill, SC). Henta 16. mai 2016. 
  3. «Disco Inferno Lyrics by Cyndi Lauper - Night At The Roxbury Soundtrack Lyrics». Lyricsondemand.com. Henta 16. mai 2016. 
  4. «Disco Inferno Lyrics - Tina Turner». Sing365.com. Henta 16. mai 2016. 
  5. «DeepSoul: The Trammps - «Disco Inferno"». DeepSoul.com. Henta 16. mai 2016. 
  6. Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974-2003. Record Research. s. 263. 
  7. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 587. 
  8. VideoYouTube
  9. «Ghostbusters: Alternative Rock Music». Amazon.com. Henta 16. mai 2016. 
  10. «Trammps Frontman Jimmy Ellis of Disco Inferno Fame Dies | E! Online UK». Eonline.com. Henta 16. mai 2016. 
  11. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988-2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  12. "Ultratop.be – Tina Turner – Disco Inferno" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta October 6, 2015.
  13. «Hits of the World» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. September 25, 1993. Henta October 6, 2015. 
  14. "The Irish Charts – Search Results – Disco Inferno". Irish Singles Chart. Retrieved October 6, 2015.
  15. "Nederlandse Top 40 – week 47, 1993" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta October 6, 2015.
  16. "Charts.org.nz – Tina Turner – Disco Inferno". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta October 6, 2015.
  17. "Chart Stats – Tina Turner – Disco Inferno" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta October 6, 2015.
  18. «Jaarlijsten 1993» (på nederlandsk). Stichting Nederlandse Top 40. Henta October 12, 2015. 
  19. «Disco Inferno by Cyndi Lauper | MTV». Vh1.com. 3. august 1999. Henta 16. mai 2016. 
  20. http://www.discogs.com/Cyndi-Lauper-Disco-Inferno/master/121767
  21. «Age Of Chance - Beneath The Pavements The Dancefloor (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 16. mai 2016. 
  22. «Age Of Chance - Crush Collision at Discogs». Discogs.com. Henta 16. mai 2016. 

BakgrunnsstoffEndra