U-mygg

(Omdirigert frå Dixidae)
U-mygg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Tovenger Diptera
Infraorden: Culicomorpha
Overfamilie: Culicoidea
Familie: U-mygg Dixidae

U-myggar (Dixidae) er ei relativt lita gruppe myggar som lever i tilknyting til vatn over heile verda. Namnet sitt har dei fått frå larvane, som heng karakteristisk i u-form under vassflata. U-myggar finst i alle verdsdelar bortsett frå Antarktis. Det er kjend om lag 2-3000 artar totalt; frå Europa kjenner me om lag 30 og frå Noreg 13[1].

Vaksne u-myggar kan likna på fleire andre slags myggar, særleg stankelbein (Tipulidae) og vintermyggar (Trichoceridae), men åremønsteret i vengene er ulikt.

Skildring endre

 
Årenettet på vengen skil u-myggane frå stankelbein.
 
Larvar

U-myggane liknar små stankelbein, men skil seg frå desse på vengeårenettet, og på at antennene er lange og svært tynne. Dei kan også likna på stikkmygg, men i motsetnad til desse manglar dei skjel på kropp og venger.

Hovudet er lite, og dei har ikkje punktauge (ocelli). Antennene er lange og består av 16 ledd. Thorax er høg og kvelv, bakkroppen og beina er lange og tynne.

Larvane er lange og slanke, beinlause, med ein tydeleg hovudkapsel, og held vanlegvis kroppen i U-form.

Levesett endre

U-myggen lever mesteparten av livet sitt som larve i overflatehinna ved vassbreidder. Mesteparten av dyret er under vatn, men hovudet og enda av bakkroppen stikk opp. Dette er naudsynt for at larva skal ta til seg næring (som regel plankton) og pusta med anderøyr i bakkroppen. På russisk vert gruppa kalla amfibiemyggar, sidan dei på denne måten lever i grenselandet mellom vatn og land.

Det tek fire hudskifte frå larva vert klekt til ho forpuppar seg. Då klatrar ho ein tre-fire centimeter opp frå vatnet og festar seg til ei plante eller ein stein. Avhengig av art og temperatur kan eit slikt puppestadium vare i 2–6 døger.

Vaksne u-myggar gjer lite vesen av seg, og er dårlege flygarar som sjeldan flyttar seg langt frå staden dei voks opp. Her legg dei òg egga sine, anten i geleaktige klumpar direkte på vassflata eller på vassplantar.

Systematisk inndeling endre

 
Dixella martinii
 
Dixa nubilipennis
 
Dixella submaculata
Treliste
  • Orden Tovenger (Diptera)
    • Underorden Mygg (Nematocera)
      • Overfamilie Culicoidea
        • Familie U-mygg Dixidae Schiner, 1868
          • Slekt Asiodixa Papp, 2006
          • Slekt Dixa Meigen, 1818
            • Dixa dilatata Strobl, 1894)
            • Dixa maculata Meigen, 1818)
            • Dixa nebulosa Meigen, 1830)
            • Dixa nubilipennis Curtis, 1832)
            • Dixa puberula Loew, 1843)
            • Dixa submaculata Edwards, 1920)
          • Slekt Dixella Dyar & Shannon, 1924
            • Dixella aestivalis (Meigen, 1818))
            • Dixella amphibica (DeGeer, 1776))
            • Dixella attica (Pandazis, 1933))
            • Dixella borealis Martini, 1928 )
            • Dixella dyari (Garrett, 1924))
            • Dixella filicornis (Edwards, 1921))
            • Dixella hyperborea (Bergroth, 1889))
            • Dixella laeta (Loew, 1849) [2]
            • Dixella martinii (Peus, 1934))
            • Dixella naevia (Peus, 1934))
            • Dixella nigra (Stæger, 1840))
            • Dixella obscura (Loew, 1849))
            • Dixella serotina (Meigen, 1818)
          • Slekt Meringodixa Nowell, 1951
          • Slekt Mesodixa Belkin, Heinemann & Page, 1970
          • Slekt Metadixa Peters & Savary, 1994
          • Slekt Neodixa Tonnoir, 1925
          • Slekt Nothodixa Edwards, 1930
          • Slekt Eucorethrina Kalugina, 1985(utdødd)
          • Slekt Syndixa Lukashevich, 1996(utdødd)

U-myggar i Noreg endre

Etter det Norsk Entomologisk Forening reknar, finst det 13 registrerte artar u-myggar i Noreg. Ut frå kva som finst i nabolanda våre reknar ein med at talet kan vera noko høgare, truleg rundt 17. Dei europeiske u-myggane høyrer alle til to slekter, Dixa og Dixella. På larvestadiet skil ein desse på dei vassavstøytande håra førstnemnde slekt har på dei fem-seks siste bakkroppsegmenta. Dette gjer at denne gruppa ikkje er vidare flink til å dykka. Ein finn ofte Dixa knytt til rennande vatn og Dixella i stillare strok med mykje vegetasjon og gjerne ein del skugge.

  • Slekt Dixa
    • D. dilata
    • D. maculata
    • D. nebulosa
    • D. puberula
    • D. submaculata
  • Slekt Dixella
    • D. aestivallis
    • D. amphibia
    • D. borealis
    • D. dyari
    • D. filicornis
    • D. hyperborea
    • D. nigra
    • D. obscura

Kjelder endre

  1. Håland. Ø. 1996. Dixidae, U-mygg. Side 199-201 i: Aaagaard, K. og Dolmen, D. (red.) Limnofauna norvegica. Katalog over norsk ferskvannsfauna. Tapir forlag, Trondheim.
  2. Håland, Øyvind (2017) Dixella laeta (Loew, 1849) (Diptera, Dixidae) new to Norway, and some characters possibly useful in creating species groups. Norwegian Journal of Entomology 64: 10-18.

Bakgrunnsstoff endre