Diyarbakır
Diyarbakır (osmansk-tyrkisk دیاربکر, Diyâr-ı Bekr; armensk Դիարբեքիր, Diarbeqir; kurdisk ئامهد, Amed; syrisk ܐܡܝܕ, Amid ) er ein av dei største byane søraust i Tyrkia. Han ligg ved breidda av elva Tigris og er det administrative senteret i provinsen Diyarbakır. Han har 843 460 innbyggjarar (2011), den nest største byen i Søraust-Anatolia etter Gaziantep.
Diyarbakır | |||
Amed / Amid | |||
by | |||
Sentrum av Diyarbakır
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Søraust-Anatolia | ||
Provins | Diyarbakır | ||
Høgd | 675 moh. | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 843 460 [1] | ||
Borgarmeister | Osman Baydemir | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 21x xx | ||
Retningsnummer | (0090)+ 412 | ||
![]() Diyarbakır | |||
Wikimedia Commons: Diyarbakır | |||
Nettstad: [1] | |||
Byen er eit handelssenter for eit rikt jordbruksoppland. Frå gammalt av kjend for sine kopar-, gull- og sølvsmedarbeid. Byen har hatt universitet sidan 1973. Det største turistmålet er den 5 km lange bymuren av svart basalt og med mange tårn. Av dei mange moskeane i byen er Uli Jami den viktigaste.
Historie Endra
I antikken heitte Diyarbakır Amida og vart ein romersk koloni i år 230 evt. og seinare romersk hovudfestning ved øvre Tigris. Seinare vart byen omkjempa av austromarar, persarar, arabarar, kurdarar og fleire fram til han vart tyrkisk i 1515.
Klima Endra
Diyarbakır har eit halvtørt klima. Somrane er særs varme og tørre, på grunn av nærleiken til den mespotamiske sletta der han får dei varme vindane frå ørkenane i Syria og Irak i sør. Varmerekorden i byen er 44,8°C den 28. august 1998. Vintrane er kalde og våte med frost om natta. Det er vanleg med snø mellom desember og mars, med snø ei veke og to om gangen. Kulderekorden er −23,4°C den 30. desember 2006.
Klimadata for Diyarbakır | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Normal maks. temp. °C | 6.6 | 9.1 | 14.5 | 20.3 | 26.5 | 33.7 | 38.5 | 38.1 | 33.2 | 25.1 | 15.9 | 9.0 | 22,54 |
Normal min. temp. °C | -2.3 | -1.1 | 2.4 | 6.8 | 11.0 | 16.8 | 21.6 | 20.8 | 15.7 | 10.0 | 3.5 | -0.3 | −2,3 |
Nedbør (mm) | 63.4 | 68.2 | 67.8 | 64.3 | 38.7 | 9.3 | 0.9 | 0.8 | 6.0 | 32.6 | 53.2 | 69.7 |
|
% relativ fukt | 75 | 72 | 67 | 65 | 59 | 43 | 31 | 31 | 35 | 51 | 69 | 75 | 56,1 |
Normal mengd regndagar | 12 | 12 | 11 | 11 | 9 | 3 | 0 | 0 | 1 | 6 | 9 | 11 | 85 |
Normale månadlege solskinstimar | 120.9 | 134.4 | 173.6 | 207.0 | 300.7 | 366.0 | 387.5 | 362.7 | 297.0 | 229.4 | 162.0 | 117.8 | 2 859 |
Kjelde nr. 1: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2] | |||||||||||||
Kjelde nr. 2: Weatherbase [2] |
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Diyarbakır» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Folketal i byar i Tyrkia
- ↑ Historical Weather for Diyarbakir, Turkey – Travel, Vacation, Forecast and Reference Information. Weatherbase. Retrieved on 2012-05-13.
Bakgrunnsstoff Endra
- Diyarbakır-guvernøren Arkivert 2008-11-01 ved Wayback Machine.
- Diyarbakır kommune Arkivert 2006-05-12 ved Wayback Machine.