Opna hovudmenyen

Haitiarar (fransk: peuple haïtienne, haitisk: ayisyen) er ei folkegruppe som høyrer heime i Haiti på øya Hispaniola i Karibia og diasporaen deira.

90–95 % av haitiarane (avhengig av kjelde) er av hovudsakleg afrikansk avstamming, og dei resterande 5–10 % av folkesetnaden er hovudsakleg av blanda avstamming. Den vesle prosentdelen som utgjer den ikkje-svarte folkesetnaden er hovudsakleg kaukasiske folk og kvite haitiarar, der dei fleste er av arabisk,[1] vesteuropeisk (fransk, tysk, polsk, portugisisk og spansk) og jødisk opphav.[2][3]

Haitiarane med blanda opphav bur hovudsakleg i dei velståande forstadene, som Pétionville og Kenscoff. Mange av dei er fødde i dei sørvestlege delane av Haiti, som Jacmel, Les Cayes og Cavaillon. I kolonitida var det ein høgare prosentdel europearar i dette området enn i den nordlege delen av landet, som var meir isolert, hadde færre byar og var vigd til store plantasjar med afrikanske slavar. Nokre av dei kvite plantasjeeigarane sørgde for at sønene (og nokre gonger døtrene) fekk utdanning, og nokre sende dei til og med til Frankrike. Ein del av folkesetnaden med blanda opphav greidde difor å byggje opp meir sosial kapital enn dei som budde i nord. I tillegg hadde dei med blanda opphav fleire borgarrettar enn dei frie afrikanarane. Allereie før revolusjonen hadde mange utdanna menn med blanda opphav vorte del av leiarskapen i landet.

KjelderEndra