Donetsk i Ukraina
- Denne artikkelen handlar om byen i Ukraina. For byen i Russland, sjå Donetsk i Russland.
Donetsk (ukrainsk Донецьк, russisk Доне́цк), tidlegare Juzovka, Staline, Stalino, er ein stor by aust i Ukraina ved elva Kalmius. Etter folketeljinga i 2001 er det den femte største byen i Ukraina,[1] rett bak Dnipropetrovsk og Odessa. Byen er hovudstad og delar namn med Ukrainas mest folkerike oblast. Sidan 2014 er han kontrollert av den såkalla folkerepublikken Donetsk, der han er hovudstad.
Donetsk | |||
ukrainsk Донецьк, russisk Доне́цк | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Donetsk oblast | ||
Rajon | Donetsk kommune | ||
Høgd | 169 moh. | ||
Koordinatar | 48°00′10″N 37°48′19″E / 48.00278°N 37.80528°E | ||
Areal | 358 km² | ||
Folketal | 975 959 (2011) | ||
- storby | 2 009 700 | ||
Folketettleik | 2 726 / km² | ||
Grunnlagd | 1869 | ||
• Byrettar | 1917 | ||
Borgarmeister | Oleksandr Lukiantsjenko | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 83000 — 83497 | ||
Retningsnummer | +380 622, 623 | ||
Bilnummer | АН | ||
Donetsk 48°00′32″N 37°48′15″E / 48.008888888889°N 37.804166666667°E | |||
Kart som viser Donetsk i Ukraina.
| |||
Wikimedia Commons: Donetsk |
Den walisiske forretningsmannen John Hughes tufta eit stålverk og kolgruver her i 1869, og byen vart opphavleg kalla Juzovka (Юзовка) etter Hughes. I sovjettida vart stålindustri i byen utvida. I 1924–1931 fekk byen namnet Stalino (Сталино), etter Josef Stalin, men under destaliniseringa endra han igjen namn til Donetsk, etter elva Donets, som renn gjennom byen. I 1932 vart byen senteret i Donetsk oblast. I dag er byen framleis eit stort kol- og stålsenter i Ukraina.
Administrativt er han sentrum i Donetsk oblast, medan han historisk var uoffisiell hovudstad og den største byen i den store økonomiske og kulturelle regionen Donetsbekkenet (Donbass). Donetsk er eit stort senter for økønomi, industri og vitskap i Ukraina med mange føretak og kompetansearbeidarar.
Donetsk var ein av dei ukrainske vertskapsbyane for UEFA Euro 2012.
Geografi og klima
endreDonetsk ligg i steppelandskapet i Ukraina, omgjeve av spreidde skogområde, åsar (sidetippar), elvar og innsjøar. Like nord for byen er det jordbruksområde. Azovhavet ligg 95 km sør for Donetsk og er eit populært fritidsområde for innbyggjarane i Donetsk. Eit stort jordbruksområde ligg kring byen .
Byen strekkjer seg 28 km frå nord til sør og 55 km frå aust til vest. To vassreservoar ligg nær byen og fem elvar renn gjennom byen, mellom anna Kalmius.
Donetsk har eit moderat kontinentalklima.[2] Middeltemperaturen er −5 °С i januar og 18 °С i juni. Det er i snitt 162 nedbørsdagar i året og årsnedbøren er 556 millimeter.[2]
Vêrdata for Donetsk 1981–2010 | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 12,2 | 16 | 21,3 | 31 | 34,6 | 38 | 37,8 | 39,1 | 33,9 | 32,7 | 20,5 | 15 | 39,1 |
Gjennomsnittleg maks °C | −1,3 | −0,9 | 5,3 | 14,5 | 20,9 | 24,8 | 27,3 | 26,8 | 20,7 | 13,1 | 4,7 | −0,3 | 13 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −4,1 | −4,1 | 1,3 | 9,4 | 15,4 | 19,3 | 21,6 | 20,8 | 15,1 | 8,5 | 1,6 | −2,9 | 8,5 |
Gjennomsnittleg min °C | −6,7 | −7 | −2,1 | 4,6 | 10 | 13,8 | 15,9 | 15 | 10 | 4,5 | −1,1 | −5,4 | 4,3 |
Lågast målte °C | −32,2 | −31,1 | −21 | −10,6 | −2,4 | 2,1 | 6 | 2,2 | −6 | −10 | −22,2 | −28,5 | −32,2 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 37 | 32 | 34 | 38 | 46 | 65 | 51 | 37 | 36 | 37 | 38 | 41 | 492 |
Gns. dagar med regn | 11 | 8 | 10 | 13 | 13 | 14 | 11 | 8 | 11 | 11 | 13 | 11 | 134 |
Kjelde: Pogoda.ru.net[3] |
Kjelder
endre- ↑ Всеукраїнський перепис населення 2001 | English version | Results | General results of the census | Number of cities Arkivert 2006-01-09 ved Wayback Machine., henta 19. mai 2009
- ↑ 2,0 2,1 «Weather in Donetsk». rospogoda.ru (på russisk). Arkivert frå originalen 28. september 2007. Henta 9. september 2012.
- ↑ «Pogoda.ru.net» (på russisk). May 2011. Henta 21 April 2012.