Dongeri, olastoff eller denim er eit sterkt, indigoblått bomullstøy. Det vert nytta i slitesterke fritids- og arbeidsklede, særleg bukser. Ordet dongeri kan òg visa til olabukser eller jeans.

Nærbilete av den karakteristiske «slitne» blåfargen og gylne sømer olabukser ofte har.
Snekkerbukser i dongeritøy.
Foto: Stuz

Etymologi endre

Ordet dongeri kjem frå engelsk dungaree som er lånt frå hindi etter staden i India der stoffet vart vove, eventuelt etter nemninga på hindi for denne typen vove, kraftig bomullsstoff.[1] Stoffet vert òg kalla denim etter den franske nemninga serge de Nîmes, som tyder «stoffar frå (byen) Nîmes».[2]

På norsk vart ordet tidlegare òg skrive «dongery».[3]

Soge endre

Dongeri er opphavleg frå India, der det vart nytta til segl og til klede for dei fattige.[4] I Vesten vart det utbreidd mellom anna via kledehandlaren Levi Strauss som selde bukser av dongeri til gruvearbeidarar under gullrushet i California i 1850. Dette la grunnlaget for det kjente olabuksemerket Levi's.[5]

Dongeritøy endre

Dongeri kan brukast som stoff til mange typar plagg: bukser, jakker, skjorter og skjørt er vanleg, men òg kjolar, barnetøy og vesker vert laga. Originalfargen er beige, men i dag vert dongeritøy léta hovudsakleg i blått, men førekjem òg i andre leter.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Dungarees & Jeans « The Word Detective» (på engelsk). Henta 9. september 2017. 
  2. «denim» i Det Norske Akademis ordbok
  3. «Norske og amerikanske Dongeryklær (annonse)». Bratsberg-Demokraten. 24. oktober 1919. Henta 29. september 2020. 
  4. dongeri i Store norske leksikon på snl.no. Henta 11. april 2023.
  5. «Levi Strauss & Co..» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 11. april 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dongeri