Donna Godchaux
Donna Jean (Thatcher) Godchaux-MacKay (fødd 22. august 1947) er ein USA-amerikansk songar, mest kjend som medlem av Grateful Dead frå 1972 fram til 1979.
Donna Jean Godchaux | |||
Godchaux med bandet sitt i 2009. | |||
Fødd | 22. august 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Florence i Alabama USA | ||
Fødenamn | Donna Jean Thatcher | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1972 til i dag | ||
Sjanger | rock, folkrock | ||
Instrument | vokal | ||
Tilknytte artistar | Grateful Dead
Jerry Garcia Band Heart of Gold Band Donna Jean Godchaux Band | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Gift med | Keith Godchaux |
Biografi
endreDonna Jean Thatcher vart fødd i Florence i Alabama. Før 1970 arbeidde ho som studiomusikar[1] i Muscle Shoals i Alabama, og song etter kvart med ei gruppe kalla Southern Comfort og song korvokal på minst to hittar som nådde toppen av den amerikanske singellista: «When a Man Loves a Woman» av Percy Sledge i 1966 og «Suspicious Minds» av Elvis Presley i 1969. Vokalen hennar finst òg på klassiske innspelingar av Boz Scaggs og Duane Allman, Cher, Joe Tex, Neil Diamond og mange andre.[2][3] Ho flytta så til California der ho møtte det framtidige Grateful Dead-medlemmet Keith Godchaux, som ho gifta seg med i 1970.[4]
Donna introduserte Keith til Jerry Garcia etter Garcia spelte i Keystone Korner i San Francisco i september 1971. På dene tida arbeidde ikkje Donna Jean so musikar. Ho vart med i bandet kort tid etter og vart verande der til februar 1979.
Donna Jean song kor- og solovokal i gruppa. I tida med Grateful Dead gav paret òg ut albumet Keith & Donna i 1975 med Jerry Garcia som eit medlem i Keith and Donna Band. Til gjengjeld spelte dei i Jerry Garcia Band.
Sonen til Keith og Donna, Zion «Rock» Godchaux frå BoomBox, vart fødd i 1974. Etter Grateful Dead starta paret Heart of Gold Band.
Donna spelte ikkje igjen med nokre av bandmedlemmane i Grateful Dead før Jerry Garcia døydde. Kort tid etter ektemannen døydde i 1980, vart Donna Jean religiøs.[5] Ho gifta seg med bassisten David MacKay (tidlegare Fiddleworms-medlem og bassist for Donna Jean Godchaux Band) og paret flytta til barndomsbyen Florence i Alabama, for å spele i Muscle Shoals Sound Studios.
I 2009 danna Donna Jean eit nytt band, The Donna Jean Godchaux Band, med Jeff Mattson (frå Phil Lesh and Friends, Zen Tricksters og Dark Star Orchestra), etter å ha kome inn att i musikkmiljøet med Mattson og Mookie Siegel (frå David Nelson Band, Phil Lesh and Friends og Ratdog) og danna Kettle Joe's Psychedelic Swamp Revue, seinare kjend som Donna Jean & the Tricksters.[6] Ho har stundom vore gjesteartist for Bob Weir & RatDog, Zero & Steve Kimock, New Riders of the Purple Sage, Dark Star Orchestra og Dead & Company.
I 1994 vart Donna Jean innlemmma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Grateful Dead.[7] Ho bur i Killen i Alabama og er framleis aktivt medlem i musikkmiljøet i Muscle Shoals når ho ikkje turnerer med Donna Jean Godchaux Band med Jeff Mattson.
Diskografi
endreSom leiar og medleiar
endre- Keith & Donna – Keith and Donna Godchaux – 1975
- Playing in the Heart of Gold Band – The Ghosts – 1984
- The Heart of Gold Band – The Heart of Gold Band – 1986
- Donna Jean – The Donna Jean Band – 1998
- At the Table – The Heart of Gold Band – 2004
- Donna Jean and the Tricksters – Donna Jean and the Tricksters – 2008
- Back Around – Donna Jean Godchaux Band med Jeff Mattson – 2014
Med Grateful Dead
endreDonna Godchaux var medlem av Grateful Dead frå 1972 til 1979 og deltok på mange av albuma til bandet.[8]
Med andre artistar
endreDonna Godchaux (fødd Donna Thatcher) har medverka med kor- og solovokal på mange album av forskjellige artistar.[9]
- Singlar
- «When a Man Loves a Woman» / «Love Me Like You Mean It» – Percy Sledge – 1966
- «Suspicious Minds» / «You'll Think of Me» – Elvis Presley – 1969
- Videoar
- Muscle Shoals – forskjellige artistar – 2013
- Move Me Brightly – forskjellige artistar – 2013
- Album
- From Elvis in Memphis – Elvis Presley – 1969
- From Memphis to Vegas/From Vegas to Memphis – Elvis Presley – 1969
- 3614 Jackson Highway – Cher – 1969
- Boz Scaggs – Boz Scaggs – 1969
- Ton-Ton Macoute! – Johnny Jenkins – 1970
- Ace – Bob Weir – 1972
- Demon in Disguise – David Bromberg – 1972
- Gypsy Cowboy – New Riders of the Purple Sage – 1972
- The Adventures of Panama Red – New Riders of the Purple Sage – 1973
- Tales of the Great Rum Runners – Robert Hunter – 1974
- Tiger Rose – Robert Hunter – 1975
- Reflections – Jerry Garcia – 1976
- Cats Under the Stars – Jerry Garcia Band – 1977
- Here Goes Nothing – Zero – 1987
- Laughing Water – Jazz Is Dead – 1999
- Don't Let Go – Jerry Garcia Band – 2001
- Worcester, MA, 4/4/73 – New Riders of the Purple Sage – 2003
- Pure Jerry: Theatre 1839, San Francisco, July 29 & 30, 1977 – Jerry Garcia Band – 2004
- Pure Jerry: Warner Theatre, 18. mars 1978 – Jerry Garcia Band – 2005
- For Rex: The Black Tie Dye Ball – The Zen Tricksters and forskjellige artistar – 2006
- Pure Jerry: Bay Area 1978 – Jerry Garcia Band – 2009
- Garcia Live Volume Four – Jerry Garcia Band – 2014
- Garcia Live Volume Seven – Jerry Garcia Band – 2016
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Donna Godchaux» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sprovtsoff-Mangus, Rachel. Donna Jean Godchaux biography on Allmusic
- ↑ «Donna Jean Thatcher Godchaux, vokal» on LostLiveDead.com, 7. januar 2016
- ↑ Donna Jean Godchaux discography on DeadDisc.com
- ↑ Sprovtsoff-Mangus, Rachel. Keith Godchaux biography on Allmusic
- ↑ Donna Jean (Godchaux) MacKay interview by David Gans, The Truth and Fun Literary Archive, 28. mars 1998
- ↑ «The birth of the Donna Jean Godchaux Band» Arkivert 2009-04-14 ved Wayback Machine., news.jamradio.org, 3. mars 2009, Henta 16. mars 2009.
- ↑ The Grateful Dead on the Rock and Roll Hall of Fame web site
- ↑ Donna Jean Godchaux — With the Grateful Dead at the Grateful Dead Family discography.
- ↑ Donna Jean Godchaux — With Others at the Grateful Dead Family discography.