Opna hovudmenyen

From Memphis to Vegas/From Vegas to Memphis

From Memphis to Vegas/From Vegas to Memphis (Back in Memphis)
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve 4. oktober 1969
Innspelt Januar, februar, 24. til 26. august 1969
Sjanger rock, soul, country, pop
Lengd 32:06 (Studio-LP)

36:38 (Live-LP) 68:44 (Total)

Selskap RCA Records
Produsent Chips Moman Studio LP

Felton Jarvis Live LP

Elvis Presley-kronologi
From Elvis in Memphis
(1969)
From Memphis to Vegas/From Vegas to Memphis (Back in Memphis) Let's Be Friends
(1970)


From Memphis to Vegas/From Vegas to Memphis er det 36. studioalbumet av Elvis Presley, gjeve ut i oktober 1969 av RCA Records. Innspelinga fann stad i American Sound Studio i Memphis, den 13. til 15. og 21. og 22. januar, og 17. til 18. februar 1969, i tillegg til konsertopptak frå International Hotel i Paradise i Nevada den 24. til 26. august 1969. Albumet nådde 12. plassen på Billboard 200, og vart sertifisert til gullplate den 13. desember 1969 av Recording Industry Association of America.[7]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1] & 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Robert ChristgauB+[3]
MusicHound3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
Rough Guides4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]

InnhaldEndra

For å utnytte suksessen til From Elvis in Memphis og hitsinglane derifrå, og at han no hadde fått suksess som konsertartist i Las Vegas, vart Vegas/Memphis gjeven ut som det første dobbeltalbumet til Presley, og det første offisielle konsertalbumet.[8] Manageren til Presley, Colonel Tom Parker, sikra konsertar for ein månad på International Hotel, og Presley kasta bort alle musikarane han hadde spelt med gjennom 1960-åra og sette saman bandet som vart kalla Taking Care of Business band.[9] Musikarane brukte på den andre plata vart sett saman av Chips Moman for innspelinga i American Sound Studios i Memphis.

Det første albumet bestod av innspelinga frå desse konsertane, dei første for Presley sidan mars 1961 på Hawaii.[10] Han spelte signaturhittar frå 1950- og tidleg i 1960-åra i alg med versjonar av «Words» av The Bee Gees, den nyare hitsingelen «In The Ghetto» og ein lengre versjon av «Suspicious Minds».

Den andre plata bestod av ti innspelingar frå vinteren 1969 i American Sound som ikkje kom med på From Elvis in Memphis.[11] Sjølv om det i hovudsakleg var songar som var til overs, var «Stranger in My Hometown» likevel like intens som songane som kom ut på det førre albumet.[12] Av dei attvrande, hadde «The Fair's Moving On» og «You'll Think of Me» tidlegare vore gjevne ut som B-sider på høvesvis «Clean Up Your Own Backyard» og «Suspicious Minds» tidlegare på året.[13]

NyutgjevingarEndra

I november 1970 gav RCA ut dei to albuma som individuelle album, namnsette etter undertitlane frå det originale dobbeltalbumet, Elvis in Person at the International Hotel som LSP 4428, og Back in Memphis som LSP 4429.[14] Dei har blitt gjevne ut kvar for seg sidan den gongen. Heile Back in Memphis finst i plateboksen From Nashville to Memphis: The Essential 60s Masters, og på det doble samlealbumet med innspelingane frå American Sound Studio, Suspicious Minds.

Den 28. juli 2009 gav Sony Music Entertainment ut Back in Memphis på den andre plata av Legacy Edition-utgåva av From Elvis In Memphis. Ei liknande Legacy Edition av On Stage kom ut 23. mars 2010, med heile Elvis in Person at the International Hotel på den andre plata.

Follow That Dream har gjeve ut fleire utgåver av dei komplette konsertane til Presley frå august 1969 i Las Vegas. Konserten den 22. august vart gjeven ut på eit eige album og kalla In Person.[15] Midnattskonserten frå 23. august vart gjeven ut som Elvis At The International,[16] medan midnattskonserten den 26. august kom ut som All Shook Up.[17] Konserten frå 24. august finst på den første plata av boksen Live in Las Vegas frå 2001. I 2013 gav FTD ut heile midnattskonserten frå 25. august.

MedverkandeEndra

Elvis in Person at the International Hotel
Back in Memphis

Overdub:

  • Wayne Jackson, Dick Steff, R. F. Taylor − trompet
  • Ed Logan, Jack Hale, Gerald Richardson − trombone
  • Tony Cason, Joe D'Gerolamo − French horns
  • Andrew Love, Jackie Thomas, Glen Spreen, J.P. Luper − saksofon
  • Joe Babcock, Dolores Edgin, Mary Greene, Charlie Hodge, Ginger Holladay, Mary Holladay

Millie Kirkham, Ronnie Milsap, Sonja Montgomery, June Page, Susan Pilkington, Sandy Posey Donna Thatcher, Hurschel Wiginton − korvokal

InnhaldEndra

Side ein og to vert kalla Elvis In Person at the International Hotel, Las Vegas, Nevada; side tre og fire Elvis Back In Memphis.

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Blue Suede Shoes»  Carl Perkins25. august 1969 2:06
2. «Johnny B. Goode»  Chuck Berry24. august 1969 2:12
3. «All Shook Up»  Otis Blackwell and Elvis Presley25. august 1969 2:15
4. «Are You Lonesome Tonight?»  Lou Handman og Roy Turk24. august 1969 3:16
5. «Hound Dog»  Jerry Leiber og Mike Stoller25. august 1969 1:53
6. «I Can't Stop Loving You»  Don Gibson25. august 1969 3:19
7. «My Babe»  Willie Dixon25. august 1969 2:12
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Mystery Train» / «Tiger Man»  Junior Parker og Sam Phillips / Joe Hill Louis and Lewis Burns25. august 1969 3:46
2. «Words»  Robin Gibb, Barry Gibb, Maurice Gibb25. august 1969 2:46
3. «In the Ghetto»  Mac Davis24. august 1969 2:56
4. «Suspicious Minds»  Mark James26. august 1969 7:46
5. «Can't Help Falling In Love»  George Weiss, Hugo Peretti, Luigi Creatore26. august 1969 2:12
Side tre
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Inherit the Wind»  Eddie Rabbitt15. januar 1969 2:56
2. «This Is the Story»  Chris Arnold, David Martin, Geoff Morrow13. januar 1969 2:28
3. «Stranger In My Own Home Town»  Percy Mayfield17. februar 1969 4:23
4. «A Little Bit of Green»  Chris Arnold, David Martin, Geoff Morrow14. januar 1969 3:21
5. «And the Grass Won't Pay No Mind»  Neil Diamond17. februar 1969 3:08
Side fire
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Do You Know Who I Am?»  Bobby Russell18. februar 1969 2:49
2. «From a Jack to a King»  Ned Miller21. januar 1969 2:23
3. «The Fair's Moving On»  Guy Fletcher og Doug Flett21. februar 1969 3:09
4. «You'll Think of Me»  Mort Shuman14. januar 1969 4:01
5. «Without Love (There is Nothing)»  Danny Small22. januar 1969 2:51

KjelderEndra

  1. From Memphis to Vegas/From Vegas to MemphisAllmusic
  2. From Memphis to Vegas/From Vegas to MemphisAllmusic
  3. Christgau, Robert. «Elvis Presley (Consumer Guide Reviews)». robertchristgau.com. Henta 8. desember 2016. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. «Elvis Presley: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 18. september 2013. Henta 8. desember 2016. 
  6. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 133–34. ISBN 1-84353-417-7. 
  7. Kjelder:
    • «Pop Albums». Elvis Presley: The Official Site of the King of Rock 'n' Roll. 2013. Henta 7. januar 2017. 
    • «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 7. januar 2017.  Merk: Søk på «From Memphis to Vegas»
  8. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; ISBN 0-312-18572-3, s. 289.
  9. Jorgensen, op. cit., s. 283.
  10. Jorgensen, Ernst. op. cit., s. 154
  11. Jorgensen, op. cit., s. 289.
  12. Jorgensen, op. cit., s. 289.
  13. Jorgensen, op. cit., s. 419.
  14. Jorgensen, op. cit., s. 420.
  15. shopelvis.com
  16. shopelvis.com
  17. shopelvis.com

BakgrunnsstoffEndra