Doomsday Blue
«Doomsday Blue» Song av Bambie Thug[1] | ||
Land | Irland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 13. oktober 2023[2] | |
Sjanger | Electro-metal | |
Lengd | 03:03 | |
Selskap | Gjeven ut på eige merke | |
Komponist | Cassyette, Bambie Thug | |
Tekstforfattar | Bambie Thug, Cassyette | |
Låtskrivar(ar) | Bambie Ray Robinson, Olivia Cassy Brooking, Sam Matlock, Tyler Ryder |
---|
«Doomsday Blue» (norsk omsetjing ‘dommedagsblå’) er ein song frå 2023 av den irske artisten Bambie Thug[3]. Songen vann Eurosong 2024 og var det irske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
Om songen
endre«Doomsday Blue» blei komponert av Bambie Ray Robinson, Olivia Cassy «Cassyette» Brooking (som også gav ukreditert støttevokal), Sam Matlock og Tyler Ryder. I intervjuar gjeve av Robinson seier hen at songen handlar om hjartesorg, bedrag og smerten ved ulukkeleg kjærleik, og skildrar han som «eksplosiv» og «hardtslåande», men også «søt» og «sjelfull».[4] I eit intervju med ESCBubble sa Robinson at songen opphavleg blei skriven på Wembley. Robinson forklarte at medan hen skreiv songen saman med Ryder, hadde hen som mål å inkludere så mange forskjellige sjangrar som mogleg, og skildra songen som «sjangertrassande».[5] Robinson skildra komposisjonen til songen som ei blanding av alternativ rock, pop og jazz. Hen skildra også songen som «eit elektro-metallsamanbrot» som viser musikkstilen og ytinga deira, inkludert bruk av ei rekkje sjangrar og «gjere litt forskjellige greier» mot slutten av songen.[5]
Teksten i «Doomsday Blue» inneheld ei rekkje «trylleformlar», (inkludert besvergelsen «Avada Kedavra»,) ei setning avleia frå arameisk som blei popularisert av Harry Potter-serien. I serien blir ho brukt til å referere til mordforbannelsen, en forbannelse som forårsaker øyeblikkelig og smertefri død. I et innlegg på Twitter uttalte Robinson at hen, som ein ikkje-binær person, «ikkje var ein fan» av J.K. Rowling på grunn av hennar syn på transpersonar, men i staden «ein fan av å vere flink med språk».[6][7]
I følgje Robinson søkte hen i utgangspunktet om deltaking i Eurosong 2024 for å «forbanne minne» om å ha blitt valdteken i mai 2023 av ein ikkje namngiven kjenning, rundt tre veker før hen skulle debutere på festival.[8] Då Robinson søkte på Eurosong, bestemte hen seg for at «Doomsday Blue» fungerte best for Eurovision og det irske publikum, av dei songane hen hadde vurdert.[5] Den 11. januar 2024 blei Robinson offisielt kunngjord som deltakar i Eurosong 2024.[9]
Musikkvideo
endreMusikkvideoen til «Doomsday Blue» blei gjeven ut 8. mars 2024 og blei produsert av det Dublin-baserte produksjonsselskapet CAMP. I følgje Robinson hadde hen i utgangspunktet til føremål at videoen skulle vere «veldig mørk», men endra meining etter å ha høyrd at barn likte songen deira. I staden bestemte hen for å gjere musikkvideoen «litt meir søt, nifs og komisk».[10] Musikkvideoen inneheld ei ung heks som skriv i ei bok for å målbinde ein kjærast, og overføres senere til ei «godterifarga draumeverd» som Robinson hevdar var inspirert av fargane på transkjønnsflagget. Kjærasten endar seinare opp med å bli ein skapning der verda bryt saman, noko som signaliserer starten på eit giftig forhold, og for Robinson «kor raskt ein situasjon kan bli usikker [for skeive menneske]».[11]
Eurovision Song Contest
endreRobinson sende «Doomsday Blue» til den irske uttakinga til Eurovision Song Contest og blei plukka ut til den irske finalen fredag 26. januar 2024.[9] Der vann hen til slutt konkurransen og fekk dimed representere Irland i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[12][13]
I Eurovision Song Contest opptredde Bambie Thug i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai, der «Doomsday Blue» enda på tredjeplass med 124 poeng.[14] Dette var fyrste gongen sidan 2018 at Irland kvalifiserte seg til ein finale.[15][16] I finalen enda bidraget på ein 6. plass med 278 poeng.[17][18] Dette var den beste plasseringa til Irland i Eurovision Song Contest sidan 2000, då Eamonn Toal også song Irland inn til ein sjetteplass med songen «Millennium of Love».
Bidraget fekk mykje merksemd for sitt omdiskuterte sceneshow, som blant anna blei samanlikna med eit satanisk rituale.[19][20][21]
Listeplasseringar
endreListe (2024) | Høgaste plassering |
---|---|
Hellas Internasjonal (IFPI)[22] | 12 |
Irland (IRMA)[23] | 37 |
Latvia (LAIPA)[24] | 13 |
Litauen (AGATA)[25] | 9 |
Nederland (Mega Single Top 100)[26] | 86 |
Polen (Polish Streaming Top 100)[27] | 60 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[28] | 77 |
Sverige (Sverigetopplistan)[29] | 64 |
UK Singles (Official Charts Company)[30] | 67 |
UK Indie (Official Charts Company)[31] | 13 |
Kjelder
endre- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ «Doomsday Blue - Song by Bambie Thug». Apple Music (US) (på engelsk). 13. oktober 2023. Henta 6. april 2024.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ten Veen, Renske (11. januar 2024). «Ireland: Bambie Thug releases Eurosong 2024 song "Doomsday Blue"». Wiwibloggs. Henta 31. januar 2024.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 ESCBubble (22. januar 2024). «Bambie Thug - Doomsday Blue / Eurosong 2024 Ireland Eurovision / Interview» – via YouTube.
- ↑ @Bambiethug. «ts origins can be traced back thousands of years to the Aramaic language it means ' to destroy'. I was a Harry Potter fan as a kid but obviously as a nonbinary person I am not a JK Terf fan. I am however a fan of being clever with language xx» (Tweet) – via Twitter.
- ↑ Ó Liatháin, Concubchar (27. januar 2024). «From Macroom to Malmo: Cork's Bambie Thug chosen to represent Ireland at Eurovision 2024». Echo Live (på engelsk). Henta 31. januar 2024.
- ↑ Hammond, Saoirse (31. januar 2024). «IRISH EUROVISION STAR BAMBIE THUG OPENS UP ABOUT THEIR 'BATTLE TO GET THROUGH EVERYDAY' FOLLOWING SEXUAL ASSAULT NIGHTMARE». Goss.ie. Henta 31. januar 2024.
- ↑ 9,0 9,1 «Bambie Thug revealed as fifth Eurosong hopeful» (på engelsk). RTÉ. 11. januar 2024. Henta 31. januar 2024.
- ↑ Adams, William Lee (8. mars 2024). «Hex on the ex! Bambie Thug shares "Doomsday Blue" music video — and gives Eurovision song a cutesy twist». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 6. april 2024.
- ↑ Reilly, Nick (8. mars 2024). «Eurovision: Ireland's Bambie Thug shares 'Doomsday Blue' video». Rolling Stone (på engelsk). Henta 6. april 2024.
- ↑ O'Donoghue, Denise (26. januar 2024). «Revealed: Cork singer Bambie Thug will represent Ireland at the 2024 Eurovision in Sweden». Irish Examiner (på engelsk). Henta 26. januar 2024.
- ↑ Veen, Renske ten (26. januar 2024). «Bambie Thug will represent Ireland at Eurovision 2024». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 31. januar 2024.
- ↑ «Eurovision2024 Semi-final 1 Results». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 19. mai 2024.
- ↑ Hilliard, Mark (8. mai 2024). «Eurovision 2024: Bambie Thug goes through to Saturday's final, Ireland's first since 2018». The Irish Times (på engelsk). Henta 12. mai 2024.
- ↑ O’Donoghue, Anna (7. mai 2024). «Bambie Thug takes Ireland to Eurovision Grand Final for the first time since 2018». Irish Examiner (på engelsk). Henta 12. mai 2024.
- ↑ «Eurovision2024 Results: Voting & Points». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 19. mai 2024.
- ↑ Slattery, Laura (11. mai 2024). «Eurovision: Switzerland wins in Malmö as Bambie Thug finishes sixth for Ireland». The Irish Times (på engelsk). Henta 12. mai 2024.
- ↑ Louise, Chloe (11. mai 2024). «Eurovisionfans dub Ireland's 'horror' performance a 'sung exorcism'». Mail Online. Henta 19. mai 2024.
- ↑ Williams, Lauren. «Ireland'sEurovision act Bambie Thug sparks fury with 'satanic' and 'sick' routine as singer makes history». www.gbnews.com (på engelsk). Henta 19. mai 2024.
- ↑ Ingebrethsen, Henrik; Haus, Line (8. mai 2024). «BambieThug anklages for satanisme». TV 2 (på norsk bokmål). Henta 19. mai 2024.
- ↑ «Official IFPI Charts − Digital Singles Chart (International) − Εβδομάδα: 20/2024» (på gresk). IFPI Greece. Arkivert frå originalen 22. mai 2024. Henta 22. mai 2024.
- ↑ «IRMA– Irish Charts». Irish Recorded Music Association. Henta 25. april 2024.
- ↑ «Straumēšanas TOP 2024 – 20. nedēļa» [Streaming TOP 2024 – Week 20] (på latvisk). LAIPA. 20. mai 2024. Henta 13. juni 2024.
- ↑ «2024 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 17. mai 2024. Henta 17. mai 2024.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Bambie Thug – Doomsday Blue" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ «OLiS – oficjalna lista sprzedaży – single w streamie» (Select week 10.05.2024–16.05.2024.) (på polsk). OLiS. Henta 23. mai 2024.
- ↑ "Bambie Thug – Doomsday Blue – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
- ↑ «Veckolista Singlar, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 17. mai 2024.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Archive Chart" UK Indie Chart. Official Charts Company.
- Denne artikkelen bygger på «Doomsday Blue» frå Wikipedia på bokmål, den 9. desember 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Doomsday Blue» frå Wikipedia på engelsk, den 3. desember 2024.