Dorotea kommun

kommune i Västerbotten len i Sverige
(Omdirigert frå Dorotea kommune)

Dorotea kommune er ein svensk kommune som ligg i Västerbottens län i landskapa Lappland, Jämtland og Ångermanland. Dorotea kommune har grenser mot nabokommunane Vilhelmina og Åsele i Västerbottens län, Sollefteå i Västernorrlands län og Strömsund i Jämtlands län. Administrasjonssenter i kommunen er tettstaden Dorotea, som har fått sitt namn etter dronning Frederika Dorothea Wilhelmina, gemalinna til Gustav IV Adolf. Kommunen er den tredje minste kommunen i Sverige etter folketal.[2]

Dorotea kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Västerbottens län
Landskap Lappland, Jämtland, Ångermanland
Del av Lappland i Sverige, Q61669443
Areal 2 939,9 km²
 •  land 2 764,92 km²
 •  vatn 174,98 km²
Folketal 2 862[1]  (2011)
Kart
Dorotea kommun
64°16′00″N 16°25′00″E / 64.266666666667°N 16.416666666667°E / 64.266666666667; 16.416666666667
Wikimedia Commons: Dorotea Municipality

E45 og Inlandsbanan går gjennom kommunen.

Administrativ historikk

endre

Kommunane Vilhelmina, Åsele og Dorotea vurderte i 2006 ein samanslåing til éin stor kommune. I februar 2007 vart det klart at det ikkje kom til å bli danna nokon storkommune.[3]

Tettstader

endre

Dorotea kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

 
Jernbanestasjonen i Dorotea.
# Tettstad Innbyggjarar
1. Dorotea 1 571

Andre mindre tettstader i Dorotea kommune

endre

Folketalsutvikling

endre
Folketalsutviklinga i Dorotea kommune
År Innbyggjarar
1970
  
4 099
1980
  
3 972
1990
  
3 752
2000
  
3 353
2008
  
2 914

Kjelder

endre