Doubtful Sound er ein fjord sørvest på Sørøya på New Zealand, nær den mindre, men lettare tilgjengelege og meir kjende fjorden Milford Sound. Denne delen av øya har uoffisielt fått namnet «Fjordland» (engelsk Fiordland) på grunn av alle fjordane som skjer inn i landskapet her, og ein nasjonalpark her ber også dette namnet. Dei bratte fjordsidene byr fram hundrevis av fossefall i regntida. Fjorden hyser ein av dei sørlegaste bestandane av delfinar i verda. Talet på individa er lågt, berre om lag 60 stykke, og det er uvisst om bestanden vil bestå i framtida. Det er vanleg at turbåtar prøver å få kontakt med desse dyra.

Plasseringa til Doubtful Sound på Sørøya
Doubtful Sound i gråvêr

Historikk endre

Doubtful Sound fekk namnet «Doubtful Harbour» av kaptein James Cook, som ikkje våga segla inn i fjorden fordi han var utrygg på om farvatnet var tilgjengeleg for seglskip. Seinare vart han kalla Doubtful Sound av kval- og selfangarar.

Ein kjem fram til fjorden anten sjøvegen eller på landevegen frå kraftstasjonen Manapouri Power Station.

Doubtful Sound har tre fjordarmar, og det fell fleire store fossefall ned i kvar av dei, t.d. Helena Falls ved Deep Cove, og Browne Falls som er over 600 m høg.

 
Doubtful Sound

Doubtful Sound er uvanleg på den måten at der er to åtskilde lag med vatn som ikkje blandar seg: Dei øvste meterane er ferskvatn frå elveutløpa i fjorden. Under dette er eit lag med kaldt, tungt saltvatn frå havet. Skilnaden i brytingsindeksen mellom desse to laga gjer det vanskeleg for ljos å trengja gjennom. Slik har det seg at mange djuphavsorganismar held til i det høvesvis grunne farvatnet i denne fjorden.

Deep Cove endre

Deep Cove er ein fjordarm i Doubtful Sound, og tek mot utsleppet av vatn frå kraftstasjonen Manapouri Power Station, den største vasskraftstasjonen på New Zealand. Lik resten av Fjordland har òg Deep Cove eit unikt, vilt og lite tilgjengeleg landskap. Vasstilførsla frå kraftstasjonen påverkar kvaliteten av vatnet i fjordarmen, sjølv om dette frå før er eit område med stor ferskvasstilførsel gjennom ei årleg nedbørsmengde på 7,6 meter.

Dyreliv endre

Dyr som finst i Doubtful Sound er mellom anna:

Doubtful Sound hyser ei stor mengde ulike sjødyr, t.d. mange arter fisk, sjøstjerner, sjøanemoner og korallar. Dei mest kjende er kanskje dei svarte koralltrea som her finst i uvanleg grunt vatn for organismar som elles vert rekna som djuphavsarter.

Kartlenkjer endre