Opna hovudmenyen
Down the Road a Piece
Singel av Will Bradley Trio
B-side «Celery Stalks at Midnight»
Utgjeve 1940
Innspelt 12. august 1940
Sjanger Boogie-woogie
Lengd 3:10
Selskap Columbia (Cat. no. 35707)[1]
Låtskrivar(ar) Don Raye

«Down the Road a Piece» er ein boogie-woogiesong skriven av Don Raye. I 1940 vart han spelt inn av Will Bradley Trio og vart ein hit på topp 10 mot slutten av året. Songen er blitt kalla ei «fin lita blanding av bluesaktig rytme og fargerike, fengande tekstar»,[2] og vart spelt inn av fleire jazz-, blues- og rockeartistar.[3]

Innhaldsliste

OriginalenEndra

«Down the Road a Piece» vart spelt inn i 1940 av medlemmar av Will Bradley–Ray McKinley Orchestra som «Will Bradley Trio» (Bradley sjølv spelte derimot ikkje på songen, men Raye gjorde, og i røynda var det ein kvartett). Tre musikarar er nemnde i teksten:

The drummer man's a guy they call 'Eight Beat Mack'

And you remember Doc and ol' 'Beat Me Daddy' Slack

«Eight Beat Mack» syner til trommeslagaren Ray McKinley, «Doc» syner til bassisten Doc Goldberg, og «Beat Me Daddy Slack» syner til pianisten Freddie Slack (ein referanse til «Beat Me Daddy, Eight to the Bar», ein hit som kom tidlegare i 1940 av Slack med Bradley–McKinley Orchestra). «Down the Road a Piece» vart sungen av McKinley og Raye.

TekstenEndra

Den originale teksten vart nytta i originalversjonar av Harry Gibson og Stan Kenton, begge i 1945, og Glenn Miller Orchestra (leia av Ray McKinley) i 1946, men på seinare innspelingar av «Down the Road a Piece» vert teksten vanlegvis endra til å referere til andre musikarar. Amos Milburn spelte inn songen i 1946 og synte til «Eight Beat Mack», men endra den neste linja til «You remember me doggin' old Beat Me Daddy Slack.» Ella Mae Morse song songen tidleg i 1950-åra, og tok bort referansane til Doc og Slack og erstatta dei med «Sam and Spider-Finger Jack», men heldt referansen til Eight Beat Mack, trass i at McKinley ikkje var med i bandet, medan Slack var med. I 1956 song Merrill Moore «Eight Beat Joe ... Beat Me Daddy Moe». Chuck Berry, som spelte inn songen i 1960, endra teksten enno meir og erstatta «Eight Beat Mack» med «Kicking McCoy», og skreiv om mykje av songen. Versjonen til Berry vart kopiert av Manfred Mann i 1964. Rolling Stones erstatta i 1965 Kicking McCoy med Charlie McCoy, truleg ein referanse til Charlie Watts. Foghat, Brownsville Station og Bruce Springsteen gjorde det same. Frå 1990-åra har dei fleste versjonane stort sett nytta originalteksten frå 1940.

PåverknadEndra

I sjølvbiografien til Henry Mancini skreiv han at «Down the Road a Piece» inspirerte han til å skrive «Baby Elephant Walk» for filmen Hatari! i 1961.[4]

Fleire artistar har spelt inn «Down the Road a Piece», stundom med variasjonar i musikken. Ei delvis liste[2] omfattar Chuck Berry, Brownsville Station, Foghat, Harry Gibson, Joe Grushecky & the Houserockers med Bruce Springsteen, Stan Kenton, Jerry Lee Lewis, Manfred Mann, Glenn Miller Orchestra, Amos Milburn, Merrill E. Moore, Ella Mae Morse, Rolling Stones og Chuck E. Weiss.

KjelderEndra

  1. Subsequently reissued as Columbia 36958.
  2. 2,0 2,1 Eder, Bruce. «Don Raye — Biography». Allmusic. Rovi Corp. Henta 4. juli 2017. 
  3. «Down the Road a Piece — Search Results». Allmusic. Rovi Corp. Henta 4. juli 2017. 
  4. Mancini, Henry (2001). Did They Mention the Music? The Autobiography of Henry Mancini. Cooper Square Press. s. 109. ISBN 978-0-8154-1175-8. 

BakgrunnsstoffEndra