Drammen og Lier prosti
prosti i Tunsberg bispedømme
Drammen og Lier prosti er eit tenestedistrikt i Tunsberg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Drammen og Lier. Prosten har sete i Drammen der Bragernes kyrkje er prostikyrkje.[1]
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.
Sokn i Drammen og Lier prosti
endre- Bragernes
- Fjell
- Frogner
- Konnerud
- Mjøndalen
- Nedre Eiker
- Sjåstad
- Skoger
- Strømsgodset
- Svelvik
- Sylling
- Tangen og Strømsø[2]
- Tranby og Lierskogen
- Åssiden
Tidlegare prestegjeld og sokn i Drammen prosti
endre- Bragernes prestegjeld med
- Bragernes sokn
- Tangen prestegjeld med
- Tangen sokn
- Strømsgodset prestegjeld med
- Strømsgodset sokn
- Åssiden prestegjeld med
- Åssiden sokn
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Bragernes kyrkje frå Kyrkjesøk
- ↑ «Tangen kirke, Drammen», Drammen kirkelige fellesråd (på norsk bokmål), henta 12. februar 2024