Dreamer av Supertramp

Dreamer
Singel av Supertramp
frå albumet Crime of the Century
B-side

Bloody Well Right

Språk engelsk
Utgjeve 1974
Innspelt 1974
Sjanger
Lengd 3:33
Selskap A&M
Komponist Roger Hodgson
Tekstforfattar Rick Davies, Roger Hodgson
Låtskrivar(ar) Rick Davies, Roger Hodgson
Produsent Supertramp, Ken Scott
Supertramp-kronologi 
«Land Ho»
(1974)
Dreamer «Bloody Well Right»
(1974)


«Dreamer» er ein song av Supertramp frå albumet Crime of the Century frå 1974. Songen kom ut på singel og nådde 13. plassen på UK Singles Chart i februar 1975.[2] I 1980 kom songen ut på konsertalbumet Paris. Denne konsertutgåvakom ut på singel og nådde 15. plassen på den amerikanske Billboard-lista,[3] 36. plassen på Nederlandsk Topp 40,[4] og heilt til topps på Canadian Singles Chart.[5] «Dreamer» kom òg ut på albumet til Roger Hodgson, Classics Live, spelt inn i 2010.

Bakgrunn endre

«Dreamer» vart komponert av Roger Hodgson på Wurlitzer-pianoet hans heime hos mora då han var 19 år gammal. På den tida spelte han inn ein demo songen med vokal, Wurlitzer og pappøskjer som perkusjon. Hodgson sa «Eg var nøgd - det var første gongen eg hadde spelt på ein Wurlitzer.»[6] Supertramp spelte inn sin versjon av songen basert på denne demoversjonen.[7]

Bandet framførte songen på BBC-programmet Old Grey Whistle Test i 1974, der ein kan sjå John Helliwell spele på kanten av eit vinglas på toppen av klaverinstrumentet sitt for å få ein viss lydeffekt.[8]

Songen vart nytta i filmane The Parole Officer, Wild Thing og The Adventures of Rocky and Bullwinkle, i tillegg til trailerer for sistnemnde og Robots.

Innhald endre

1975: 7"-singel endre

Side ein

  1. «Dreamer» – 3:33 (skriven av Roger Hodgson)

Side to

  1. «Bloody Well Right» – 4:26 (skriven av Rick Davies)

1980: 7"-singel endre

Amerikansk versjon endre

Side ein

  1. «Dreamer» (Live) – 3:15 (Hodgson)

Side to

  1. «From Now On» (Live) – 6:44 (Davies)

Europeisk versjon endre

Side ein

  1. «Dreamer» (Live) – 3:15 (Hodgson)

Side to

  1. «You Started Laughing» (Live) – 3:50 (Davies)

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Crime of the Century - Supertramp | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 12. juni 2020. 
  2. «everyhit.com search results». Arkivert frå originalen 18. juli 2007. Henta 12. juni 2020. 
  3. «Billboard charts at Allmusic». Henta 12. juni 2020. 
  4. «Media Markt top 40». Henta 12. juni 2020. 
  5. «Top Singles - Volume 34, No. 5, December 06 1980». RPM. Henta 9. juni 2020. 
  6. Crime of the Century (sleeve notes). Universal Music Enterprises. 2014. 
  7. «Breakfast in Detroit: Tales from a Dreamer!». annecarlini.com. Henta 12. juni 2020. 
  8. The Old Grey Whistle Test Vol. 3 (DVD). BBC Video. 2006. 

Bakgrunnsstoff endre