Crime of the Century av Supertramp

Crime of the Century
Studioalbum av Supertramp
Utgjeve 13. september 1974
Innspelt Februar til juni 1974
Studio Ramport Studios (South London) i Scorpio Sound Studios (London) og Trident Studios (London)
Sjanger
Lengd 44:10
Selskap A&M
Produsent Ken Scott, Supertramp
Supertramp-kronologi
Indelibly Stamped
(1971)
Crime of the Century Crisis? What Crisis?
(1975)


Crime of the Century er det tredje studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i september 1974 på A&M Records. Crime of the Century vart det kommersielle gjennombrotet til Supertramp i både USA og Storbritannia, godt hjelpt av den britiske hitten «Dreamer» og den amerikanske hitten «Bloody Well Right». Albumet nådde topp 10 på den britiske albumlista og topp 40 i USA, og selde til slutt til gullplate i USA i 1977 etter at Even in the Quietest Moments... var komen ut. Albumet var det første til Supertramp med trommeslagaren Bob Siebenberg (på den tida omtalt som Bob C. Benberg), John Helliwell på blåseinstrument, bassisten Dougie Thomson, og med-produsenten Ken Scott. Albumet fekk god omtale i musikkpressa, og vart mellom anna plassert på lista til Rolling Stone over dei 50 beste progrockalbuma gjennom tidene.[2]

Albumet er dedisert til «Sam», som var kallenamnet til Stanley August Miesegaes, den nederlandske millionæren som støtta bandet økonomisk frå 1969 til 1972.[3]

Bakgrunn og innspelingEndra

Etter at dei to første albuma selte dårleg, og turneane deira ikkje gjekk særskild bra, vart Supertramp oppløyst. Rick Davies og Roger Hodgson henta så nye medlemmar, trommeslagaren Bob C. Benberg, blåseinstrumentalisten John Helliwell og bassisten Dougie Thomson.[4] Plateselskapet deira, A&M, særskild A&R-mannen Dave Margereson (som vart manageren deira dei neste ti åra), sende denne nye besetninga til ein gard frå 1600-talet vest i Dorset for å øve i lag og førebu albumet.[4][5]

Albumet vart spelt inn i fleire studio, mellom andre Ramport Studios (eigd av The Who) og Trident Studios, med med-produsenten Ken Scott. Medan dei spelte inn albumet, spelte Davies og Hodgson inn kring 42 demo-songar, der åtte vart valt ut til for albumet. Fleire andre spor dukka opp på seinare album (Crisis? What Crisis? og ...Famous Last Words...).

På grunn av eit kontraktsvilkår, vart alle songane oppført som skrivne av dei to låtskrivarane, men somme av songane skreiv dei likevel kvar for seg. Scott kommenterte at Davies og Hodgson «hadde særs, særs forskjellig personlegdom. Desse skilnadane gjorde at musikken høyrtest ut som han gjorde.»[6] «Asylum», «Rudy» og «Bloody Well Right» vart skrivne av Davies, «Dreamer», «If Everyone Was Listening» og «Hide in Your Shell» vart skrivne av Hodgson, medan både «School» og «Crime of the Century» vart skrivne av Davies/Hodgson i lag.[7]

Hodgson sa om «Hide in Your Shell»: «Eg var 23 då eg skreiv den songen, forvirra i livet, som mange folk er i den alderen, og eg prøvde å skjule utryggleiken min. Eg har alltid klart å uttrykkje dei innarste kjenslene mine open i ein song, og 'Hide in Your Shell' kom til meg på ei tid då eg kjende meg særs einsam - einsam både i livet og i bandet - utan noko å dele den andelege søken med.»[6]

«Dreamer» vart komponert av Hodgson på Wurlitzer-pianoet hans heime hos mora då han var 19 år gammal. På den tida spelte han inn ein demo av songen med vokal, Wurlitzer, og pappøskjer som perkusjon. Hodgson sa: «Eg var nøgd - det var første gongen eg hadde spelt på ein Wurlitzer.»[6] Supertramp spelte inn sin versjon av songen i same stil som den tidlegare demoversjonen.[8] Hodgson sa òg på In the Studio with Redbeard at dei hadde vanskar med å gjenskape songen då dei spelte han inn for albumet.

Ei anna av Hodgson sine filosofiske songar, «If Everyone Was Listening», var inspirert av As You Like It-munnhellet «All the world’s a stage, and all the men are merely players».[6] I følgje Entertainment Weekly, var meldinga i songen «Å ikkje vite kva som føregår i tankane til folk er ein annan måte å ikkje ha kontroll på. Frykta kjem ikkje av mangelen på kunnskap om tankeprosessen til ein annan person, men frå å konfrontere det faktum at me ikkje har kontroll over alt.»[9] Songen vart seinare tittelsporet for eit album av Michael Ball frå 2014 med same namn.[10]

Albumet var kalla opp etter siste songen på albumet, «Crime of the Century», som bandet meinte var den sterkaste på albumet.[7] Kort tid før han slutta i Supertramp, sa Hodgson: «Fleire folk har kome til meg og sagt at den songen har rørt dei djupt enn nokon annan song. Songen kom til då me budde i lag på Southcombe Farm i Thorncombe, og berre åt, sov og pusta idear for albumet. Songen gjekk fram og attende mellom meg og Rick i mange veker før han endeleg tok form.»[7] Av ukjende årsaker har Hodgson i fleire intervju både før og etter sagt at songen var skriven av Davies aleine.

Hodgson skildrar «School» som «i hovudsak min song» men sa at Davies skreiv både pianosoloen og ein god del av teksten.[7] I eit intervju med Jeff Parets i Acoustic Storm i 2010, sa Hodgson at songen var basert på opplevinga hans på kostskule og om jenteskriket: «Alt, særskild skriket like før bandet kjem inn, representerer mykje... Eg meiner, skulen er ein flott plass. Det er sjølvsagt ein skuleplass, men skriket representerer mykje meir.»[11]

I episoden på In the Studio with Redbeard om albumet sa Hodgson at «Rudy» var rollefiguren på albumet, og på eit vis ei slags sjølvbiografisk skildring av livet til Davies på den tida. Lyden av eit tog på «Rudy» vart spelt inn på London Paddington stasjon, medan publikumslydane var henta frå Leicester Square.[5]

Hodgson og Davies sa begge at kommunikasjonen i gruppa var på sitt beste under innspelinga av dette albumet, medan trommeslagaren Siebenberg sa at det var på dette albumet bandet nådde sitt «kunstnariske høgdepunkt».[12]

Crime of the Century omhandlar til ein viss grad tema som einsemd og mental sta mental stabilitet, men er ikkje eit konseptalbum.[5] Davies knytte saman opningssporet «School» til «Bloody Well Right» med linja «So you think your schooling is phoney», og i følgje Hodgson var andre samlande trådar utover dette berre i fantasien til lyttaren.[5]

PlateomslagEndra

Fotografiet for plateomslaget var det første omslaget Paul Wakefield laga. Den kunstnariske leiaren i A&M Records, Fabio Nicoli, inviterte Wakefield til studioet der bandet arbeidde og hadde lese tekstane til han. Då albumtittelen vart valt ut, tenktne Wakefield kva slags høvande setning som kunne kombinerast med 'the crime of the century'» og valte ut ei linje frå songen «Asylum»: «when they haunt me and taunt me in my cage.» Ein av ideane hans, eit fengselsvindauge som svevde i verdsrommet med ein person skrikande i det stille gjennom stolpane, vart godkjend av bandet og då Wakefield byrja å utvikle ideen, reduserte han fangen til berre hender som heldt rundt stolpane.[13]

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [14]
Christgau's Record GuideC+[15]
Encyclopedia of Popular Music     [16]
The Great Rock Discography8/10[17]
Record Collector     [18]
The Rolling Stone Album Guide     [19]
Sputnikmusic4/5[20]

Crime of the Century var det første Supertramp-albumet som nådde topp 30 i USA og etter kvart selte til gullplate i USA, i 1977. Albumet var òg det kommersielle gjennombrotet i Storbritannia der Crime of the Century nådde fjerdeplassen på albumlista i mars 1975. Singelen «Dreamer» nådde 13. plassen på singellista same månaden.[21] Albumet vart ein særskild suksess i Canada og låg inne på lista i over to år og selde over ein million eksemplar.

I 1978 vart Crime of the Century rangert på 108. plassen på The World Critic Lists, der kjende rockekritikarar og DJ-ar stemte over dei 200 beste albuma gjennom tidene.[22] Village Voice-kritikaren Robert Christgau var ambivalent mot albumet og den «streite kunstrocken», som han kalla «Queen utan pynt. Yes utan pianistikk og taktskifte.»[15] Adam Thomas skildra i Sputnikmusic albumet som eit av dei betre frå 1970-åra på grunn av det mektige uttrykket for forvirring og framandgjering av unge vaksne, og for den stadige kontrasten mellom element av prog og pop.[20]

I 1987-utgåva av The World Critic Lists, rangerte Geoff Edwards i CBC albumet som det tiande beste gjennom tidene.[22] I ei avstemming frå 1998 der over 200 000 personar deltok, vart Crime of the Century med blant dei tusen beste albuma gjennom tidene,[23] og i 2005 var det med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[24] I 2015 kåra Rolling Stone albumet til det 27. beste progrockalbumet gjennom tidene.[2] Paul Elliott i Classic Rock kalla det eit progressiv rock-meisterverk.[25]

InnhaldEndra

Alle songane er skrivne av Rick Davies og Roger Hodgson.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«School»Hodgson, DaviesHodgson and Davies5:35
2.«Bloody Well Right»DaviesDavies4:32
3.«Hide in Your Shell»HodgsonHodgson6:49
4.«Asylum»DaviesDavies and Hodgson6:45
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
5.«Dreamer»HodgsonHodgson and Davies3:31
6.«Rudy»DaviesDavies and Hodgson7:17
7.«If Everyone Was Listening»HodgsonHodgson4:04
8.«Crime of the Century»DaviesDavies5:36
Plate to av luksusutgåva frå 2014: Live at Hammersmith 9. mars 1975
Nr.TittelLengd
1.«School»5:54
2.«Bloody Well Right»6:46
3.«Hide in Your Shell»6:47
4.«Asylum»7:01
5.«Sister Moonshine»5:30
6.«Just a Normal Day»3:59
7.«Another Man's Woman»7:42
8.«Lady»5:55
9.«A - You're Adorable»2:57
10.«Dreamer»3:28
11.«Rudy»7:24
12.«If Everyone Was Listening»4:33
13.«Crime of the Century»6:01

MedverkandeEndra

Supertramp

Andre medverkande (ingen av dei oppførte i omslaget)

  • Christine Helliwell – korvokal på «Hide in Your Shell»
  • Scott Gorham – korvokal på «Hide in Your Shell»
  • Vicky Siebenberg – korvokal på «Hide in Your Shell»
  • Anonym gatemusikar – sag på «Hide in Your Shell»
  • Ken Scottvassgong på «Crime of the Century»

ProduksjonEndra

  • Ken Scott – produsent, lydteknikar
  • Supertramp – produsent
  • John Jansen – lydteknikar
  • Ray Staff – original vinyl-mastering
  • Richard Hewson – strykearrangement (spor 1, 3, 4, 6, 7, 8)
  • Paul Wakefield – plateomslag og fotografi
  • Fabio Nicoli – kunstnarisk leiar

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste Plassering
Australske Kent Music Report[26] 15
Kanadiske RPM-lista[27] 4
Den nederlandske albumlista[28] 25
Den franske SNEP-lista[29] 19
Den tyske Media Control-lista[30] 5
Den newzealandske albumlista[31] 12
UK Albums Chart[21] 4
US Billboard 200[32] 38

ÅrslisterEndra

Liste (1975) Plassering
Den australske albumlista[26] 42
Den kanadiske albumlista[33] 64
Liste (1976) Plassering
Den australske albumlista[26] 63
Den kanadiske albumlista[34] 53
Liste (1979) Plassering
Den franske albumlista[35] 95

Salstrofé og salstalEndra

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[36] Diamant 1 000 000^
Frankrike (SNEP)[37] Platina 263,100[38]
Tyskland (BVMI)[39] Gull 250 000^
New Zealand (RMNZ)[40] Platina 15 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[41] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[42] Gull 100 000^
USA (RIAA)[43] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Christgau, Robert (1981). Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. s. 381. ISBN 0899190251. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «50 Greatest Prog Rock Albums of All Time». Rolling Stone. 17. juni 2015. Henta 28. juli 2016. 
  3. Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 31–41. ISBN 0-9691272-2-7. 
  4. 4,0 4,1 «Supertramp | Bio, Pictures, Videos | Rolling Stone». rollingstone.com. 2011. Henta 12. juni 2020. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 The Mojo Collection. Canongate Books. November 2007. s. 335. Henta 12. juni 2020. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Crime of the Century (sleeve notes). Universal Music Enterprises. 2014. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 67–85. ISBN 0-9691272-2-7. 
  8. «Breakfast in Detroit: Tales from a Dreamer!». annecarlini.com. Henta 12. juni 2020. 
  9. «Mr. Robot recap: eps2.1_k3rnel-pan1c.ksd - EW.com». Entertainment Weekly. Henta 8. desember 2016. 
  10. Robertson, Willie (5. mars 2015). «Michael Ball - The Biography». John Blake Publishing. Henta 12. juni 2020 – via Google Books. 
  11. «Acoustic Storm :: Artists». www.akustiskstorm.com. Henta 25. mai 2019. 
  12. «Supertramp’s Bob Siebenberg». Modern Drummer. 15. desember 2014. 
  13. «ACHOF Featured Album Cover Artist Portfolio – Paul Wakefield». wordpress.com. 12. desember 2014. Henta 12. juni 2020. 
  14. Erlewine, Stephen Thomas. Album review, Allmusic.
  15. 15,0 15,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 12. juni 2020 – via robertchristgau.com. 
  16. Larkin, Colin (2006). Encyclopedia of Popular Music 7 (4th utg.). Oxford University Press. s. 857. ISBN 0195313739. 
  17. Strong, Martin Charles (2002). «Supertramp». The Great Rock Discography. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1. 
  18. Heatley, Michael. «Supertramp – Crime Of The Century: Deluxe Edition». Record Collector (435). Henta 12. juni 2020. 
  19. Sheffield, Rob; et al. (2004). Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 797. ISBN 0-7432-0169-8. 
  20. 20,0 20,1 Thomas, Adam (22. juli 2008). Album review, Sputnikmusic.
  21. 21,0 21,1 «Supertramp > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 21. april 2017. 
  22. 22,0 22,1 The World Critic Lists. 1978. Archived at rocklistmusic.co.uk
  23. Virgin: All-time top 1000 albums. Archived at rocklistmusic.co.uk
  24. «Rocklist.net...Steve Parker...1001 Albums..». rocklistmusic.co.uk. Henta 12. juni 2020. 
  25. Elliott, Paul. «Supertramp». Classic Rock (Summer 2010): 96. Arkivert frå originalen 21. september 2013. Henta 19. september 2013. 
  26. 26,0 26,1 26,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  27. «Top Albums/CDs – Volume 23, No. 13». RPM. 24. mai 1975. Arkivert frå originalen (PHP) 2. april 2015. Henta 12. juni 2020. 
  28. «dutchcharts.nl Supertramp – Crime of the Century» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 12. juni 2020. 
  29. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 6. mai 2013. Henta 12. juni 2020. 
  30. «Album Search: Supertramp – Crime of the Century» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 12. juni 2020. 
  31. «charts.nz Supertramp – Crime of the Century» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 12. juni 2020. 
  32. «allmusic ((( Crime of the Century > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 12. juni 2020. 
  33. «RPM Top 100 Albums of 1975». RPM. 27. desember 1975. Arkivert frå originalen 24. juli 2013. Henta 12. juni 2020. 
  34. «RPM Top 100 Albums of 1976». RPM. 8. januar 1977. Arkivert frå originalen 24. februar 2014. Henta 12. juni 2020. 
  35. «Les Albums (CD) de 1979 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 21. februar 2014. Henta 12. juni 2020. 
  36. «Canadian album salstrofé – Supertramp – Crime of the Century». Music Canada. Henta 11. juni 2020. 
  37. «French album salstrofé – Supertramp – Crime of the Century» (på fransk). InfoDisc. Henta 11. juni 2020.  Select SUPERTRAMP and click OK
  38. «Les Albums Platine :». Infodisc.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 25. desember 2013. Henta 11. juni 2020. 
  39. «Gold-/Platin-Datenbank (Supertramp; 'Crime of the Century')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 11. juni 2020. 
  40. «New Zealand album salstrofé – Supertramp – Crime of the Century». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 14. november 2019. 
  41. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Supertramp; 'Crime of the Century')». Hung Medien. Henta 11. juni 2020. 
  42. «British album salstrofé – Supertramp – Crime of the Century». British Phonographic Industry. Henta 11. juni 2020.  Enter Crime of the Century in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  43. «American album salstrofé – Supertramp – Crime of the Century». Recording Industry Association of America. Henta 11. juni 2020.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH