Dropeugle

fugleart
Dropeugle
Dropeugle
Dropeugle
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Otus
Art: Dropeugle O. gurneyi
Vitskapleg namn
Otus gurneyi

Dropeugle (Otus gurneyi) er ein ugleart i den biologiske familien Strigidae. Ho er endemisk for Filippinane. I storleik og struktur synest ho som noko mellom ein typisk medlem av den biologiske slekta Otus og medlem av ugleslekta hubroar. Det naturlege habitatet er tropiske fuktige låglandsskogar. Arten er trua av habitattap.

Dropeugla vart opphavleg skildra som Pseudoptynx gurneyi. Den spesifikke delen av det vitskaplege namnet, gurneyi, er etter den britiske amatørornitologen John Henry Gurney Sr.[1]

Skildring endre

Dette er ei middels stor ugle med ei lengde på omtrent 30 centimeter og er med det den klart største Otus-ugle. Ho har ei raudbrun ansiktsskive med ein smal svart kant, lyse eller kvite striper over auga og framtredande øyretoppar. Bakhovudet og oversida av kroppen er raudbrune dristig markert med kvitaktige striper og med ei linje av lyse striper på skulderblada. Undersida er kvitaktig med spor av kanelfarge og dristige svarte markeringar. Lætet er harde, bjeffande eller kråkeaktige skrik ofte fleire med lange mellomrom. Ho har dessutan høglydde, men milde plystrande «viioou» med atten til tjue sekunds intervall.[1]

Dropeugla er berre kjent frå øyane Mindanao, Dinagat og Siargao i søraustre del av Filippinane. Ho har habitat i både primærskog og gjenreiste skogar, for det meste i høgder på under 1500 moh., sjølv om ho har vore set opp til 3000 meter.[1] Nokre gongar besøker ho delvis nedhoggen skog av Dipterocarpaceae-artar.[2]

Ein trur at dropeugla jaktar større insekt og små pattedyr og småfuglar.

Dropeugla er rangert som sårbar, VU, av IUCN i raudlista over trua artar. Dette er fordi populasjonen søkk grunna øydelegging av skoghabitatet hennar, og avskoging og utvinning av kromitt. Denne ugla var aldri ein vanleg art, og det blir antatt at det i 1999 var mellom 3 500 og 15 000 individ igjen beståande av 2 500 til 9 999 modne individ som òg er estimatet per 2021. Av dei tre øyane ho er funnen på, har Dinagat vorte nesten fullstendig blotta for skog, medan på øyane Samar og Mindanao er nesten all den attverande skogen leigd ut til gruve- eller hogstselskap.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Holt, D. W., R. Berkley, C. Deppe, P. L. Enríquez, J. L. Petersen, J. L. Rangel Salazar, K. P. Segars, K. L. Wood, og G. M. Kirwan (2020). Giant Scops-Owl (Otus gurneyi), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.mineao1.01 Henta 10. november 2021
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus gurneyi. Henta 10. november 2021

Bakgrunnsstoff endre

 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Otus gurneyi
  Commons har multimedium som gjeld: Dropeugle