Opna hovudmenyen
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Marcel Bezençon Awards vart fyrst delt ut under Eurovision Song Contest 2002 i Tallinn i Estland for å gje ære til dei beste songane i tevlinga. Prisen vart skipa av Christer Björkman og Richard Herrey, og er kalla opp etter skaparen av tevlinga, Marcel Bezençon.

Prisen er delt inn i tre kategoriar:

  • Press Award
  • Artistic Award
  • Composer Award

I 2008 vart det oppretta ein spesiel pris, Poplight Fan Award. Det var berre dei artistane under 25 år som debuterte i tevlinga som kunne vinne prisen. Vinnaren vart kåra av fans på den svenske nettstaden poplight.se.

Under Eurovision Song Contest 2010 vart det lagt til ein ny kategori, røystene til kommenatatorane. Tidlegare vart denne kategorien delt ut av tidlegare vinnarar, men problem har gjort at arrangørane endra grunnlaget av røystene. Det har vore for vanskeleg å få tek i tidlegare vinnarar. På ein anna side, så får kommenataorane sjå prøvane og ansjåast som ein meir påliteleg gruppe for røystgjevinga. Kommentatorane røystar fram vinnaren av Artistic Awards.

Prisane vert delt ut etter finalen i Eurovision Song Contest, men i 2009 vart prisane utdelt før.

I tillegg delar Sverige ut prisane etter sin nasjonale finale, Melodifestivalen.

Innhaldsliste

VinnararEndra

Press AwardEndra

År Land Artist Song Språk Semifinale Finale Vertsby
Poeng Plass Poeng Plass
2002   Frankrike Sandrine François «Il faut du temps» Fransk 104 05   Tallinn
2003   Tyrkia Sertab Erener «Everyway That I Can» Engelsk 167 01   Riga
2004   Serbia og Montenegro Željko Joksimović og Ad Hoc Orchestra «Lane moje» Serbisk 263 01 263 02   Istanbul
2005   Malta Chiara Siracusa «Angel» Engelsk 192 02   Kiev
2006   Finland Lordi «Hard Rock Hallelujah» Engelsk 292 01 292 01   Aten
2007   Ukraina Verka Serduchka «Dancing Lasha Tumbai» Ukrainsk, tysk, engelsk og russisk 235 02   Helsingfors
2008   Portugal Vânia Fernandes «Senhora do mar (Negras águas)» Portugisisk 120 02 069 13   Beograd
2009   Noreg Alexander Rybak «Fairytale» Engelsk 201 01 387 01   Moskva
2010   Israel Harel Skaat «Milim» Hebraisk 071 08 071 14   Bærum
2011   Finland Paradise Oskar «Da Da Dam» Engelsk 103 03 057 21   Düsseldorf
2012   Aserbajdsjan Səbinə Babayeva «When the Music Dies» Engelsk X X 150 04   Baku
2013   Georgia Sopho Gelovani og Nodiko Tatishvili «Waterfall» Engelsk 063 10 050 15   Malmö
2014   Austerrike Conchita Wurst «Rise Like A Phoenix» Engelsk 169 01 290 01   København
2015   Italia Il Volo «Grande Amore» Italiensk X X 292 03   Wien
2016   Russland Sergej Lazarev «You Are the Only One» Engelsk 342 01 491 03   Stockholm
2017   Italia Francesco Gabbani «Occidentali's Karma» Italiensk X X 334 06   Kiev

Artistic AwardEndra

Røysta fram av tidlegare vinnararEndra

År Land Artist Song Språk Semifinale Finale Vertsby
Poeng Plass Poeng Plass
2002   Sverige Afro-dite «Never Let It Go» Engelsk 072 08   Tallinn
2003   Nederland Esther Hart «One More Night» Engelsk 045 13   Riga
2004   Ukraina Ruslana «Wild Dances» Engelsk og ukrainsk 256 02 280 01   Istanbul
2005   Hellas Elena Paparizou «My Number One» Engelsk 230 01   Kiev
2006   Sverige Carola Häggkvist «Invincible» Engelsk 214 04 170 05   Aten
2007   Serbia Marija Šerifović «Molitva» Serbisk 298 01 268 01   Helsingfors
2008   Ukraina Ani Lorak «Shady Lady» Engelsk 152 01 230 02   Beograd
2009   Frankrike Patricia Kaas «Et s'il fallait le faire» Fransk 107 08   Moskva

Røysta fram av kommentatoraneEndra

År Land Artist Song Språk Semifinale Finale Vertsby
Poeng Plass Poeng Plass
2010   Israel Harel Skaat «Milim» Hebraisk 071 08 071 14   Bærum
2011   Irland Jedward «Lipstick» Engelsk 068 08 119 08   Düsseldorf
2012   Sverige Loreen «Euphoria» Engelsk 181 01 372 01   Baku
2013   Aserbajdsjan Fərid Məmmədov «Hold Me» Engelsk 139 01 234 02   Malmö
2014   Nederland The Common Linnets «Calm After The Storm» Engelsk 150 01 238 02   København
2015   Sverige Måns Zelmerlöw «Heroes» Engelsk 217 01 365 01   Wien
2016   Ukraina Jamala «1944» Engelsk og krimtatarisk 287 02 534 01   Stockholm
2017   Portugal Salvador Sobral «Amar pelos dois» Portugisisk 370 01 758 01   Kiev

KjelderEndra