Dvergdukkar

Dvergdukkar
Dvergdukkar
Dvergdukkar
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU SårbarUtbreiinga av Dvergdukkar
Utbreiinga av Dvergdukkar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Podicipediformes
Familie: Dukkarfamilien Podicipedidae
Slekt: Tachybaptus
Art: Dvergdukkar T. ruficollis
Vitskapleg namn
Tachybaptus ruficollis

Dvergdukkar (Tachybaptus ruficollis, der ruficollis tyder 'med raud hals') er den minste arten av dukkarfamilien i Europa. Fuglen er sjeldsynt i Noreg, og finst berre nokre få stader, helst i Oslofjordområdet, nord til stroket ikring Mjøsa, på Jæren og Sunnmøre, men vert å sjå ganske ofte i våtmarker og langsetter kysten om hausten og vinteren. Fyrste gongen fuglen vart observert hekkande i Noreg, var i 1973. Han er utbreidd i Afrika og Asia

Dvergdukkaregg

Dvergdukkaren er 23-29 centimeter, hovudsakleg med grå fjørdrakt, men med tydeleg rustraude kinn og hals, og dessuten ein markert gulkvit flekk ved nebbrota. Om vinteren er fjørdrakta dominert av grått. Båe kjønna er like.

Reiret vert plassert i takrøyrskog i små tjern eller dammar.

KjelderEndra

  • Hermansen, Pål og Tom Schandy, 2018 [2017], Norske fugler, Vestfossen: Forlaget Tom & Tom. Side 68. ISBN 978-82-92916-23-0

BakgrunnsstoffEndra