Opna hovudmenyen
Tachybaptus


Dvergdukkar, foto frå Hyderabad i India Foto: J.M.Garg
Dvergdukkar, foto frå Hyderabad i India
Foto: J.M.Garg
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Podicipediformes
Familie: Podicipedidae
Slekt: Tachybaptus
Vitskapleg namn
Tachybaptus

Tachybaptus er ei biologisk slekt av fuglar og medlem av dukkarfamilien, Podicipedidae. Slekta har representantar over store delar av verda, inkludert tropane.

Desse dukkarane hekkar i små koloniar i område av innsjøar med tett vegetasjon. Dei kan flytte til meir opne eller kystnære farvatn når dei ikkje hekkar, og fuglar som hekkar i dei områda der vatnet frys vinterstid kan vere trekkfuglar.

Som alle dukkarar hekkar dei ved vasskanten, fordi dei ikkje er i stand til å gå godt på land med beina som er festa heil bakpå kroppen. Den stripa ungen blir ofte frakta på ryggen av ein av foreldra.

Desse små vassfuglane er gode symjarar og dukkarar, og forfølgjer fisk under vatn. Faktisk tyder namnet Tachybaptus bokstaveleg talt «snøgg dukkar» (frå gresk for «snøgg» og «å dukke»).

Kjønna er like, nøstaktige med kort nebb med ein dunaktig bakende. Vaksne har ei særeigen fjørdrakt og eit rop i hekketida. Om vinteren er fjørdrakta meir fargelaus, grå og kvit.

Pygmédukkaren i Amerika skil seg frå dei andre i slekta ved at han manglar kastanjebrun farge på halsen. Dei andre tre nolevande artane er nært relaterte, alle frå den «den gamle verda».

ArtslistaEndra

Tachybaptus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Alaotradukkar, Tachybaptus rufolavatus, blei erklært utrydda i 2010.

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tachybaptus