Dvergspindalis
Dvergspindalis (Spindalis zena) er ein sporvefuglart i spindalisfamilien Spindalidae. Arten har utbreiing på Cuba, Isla de la Juventud, Bahamas, Caymanøyane med omkringliggjande småøyar. I tillegg finst han på Cozumeløya nær Yucatánhalvøya og streiffuglar kjem til søraustlegaste Florida.
Dvergspindalis | |
Dvergspindalishann | |
Dvergspindalishoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Dvergspindalis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Spindalisfamilien |
Slekt: | Spindalis |
Art: | Dvergspindalis S. zena |
Vitskapleg namn | |
Spindalis zena |
Skildring
endreDvergspindalisar er ca. 15 cm lange og veg rundt 21 gram. Nebbet er kort og robust. Dei syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, hannen er veldig iaugefallande, hoer meir avdempa. Hannen er fargesterk med eit svart og kvitt horisontalt stripa hovud og kontrasterande brunne oransje hals, bryst og nakke. Resten av buken er lysegrå. Det er to fargevariantar: grøn rygg og svart rygg, sistnemnde på nordlege øyar som Bahamas. Hoa har liknande markeringar på hovudet, men utvaska til mellomgrått. Ho er olivengrå over og gråbrun under, med ein lett oransje fargetone på bryst, gump og skuldrer.
På Cuba er dvergspindalisar vanlege i alle provinsar. Dei kan treffast i utkantar av lauvskogar, spesielt fjellskogar i alle høgder. Dei lever også i opne skogar og kratt. Føda er små frukter og bær.
Hekketida er frå april til august. Reiret er «dårleg konstruert» og er festa på greiner av tre eller buskar. Kullet er på 2 eller 3 egg.
IUCN har vurdert arten dvergspindalis til å vere livskraftig.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er omsett frå «Western spindalis» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2024
- Hilty, S. (2020). Western Spindalis (Spindalis zena), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.wesspi.01
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Dvergspindalis hos Artsdatabanken
- (en) Dvergspindalis i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Dvergspindalis hos Fossilworks
- (en) Dvergspindalis hos ITIS
- (en) Dvergspindalis hos NCBI
- (en) Kategori:Spindalis zena – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Spindalis zena – detaljert informasjon på Wikispecies