Dyneflangre
Dyneflangre | |||
Status i verda: Livskraftig | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Epipactis | ||
Art: | E. helleborine | ||
Vitskapleg namn | |||
Epipactis helleborine ssp. neerlandica
(Verm.) Buttler
| |||
Økologi | |||
Habitat: | sanddyne | ||
Utbreiing: | Eurasia |
Dyneflangre (Epipactis helleborine asp. neerlandica) eller jærflangre er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Systematikk
endreDyneflangre, tidlegare kalla jærflangre, er ein underart av breiflangre, med eit noko tettare aks enn nominatunderarten skogbreiflangre (ssp. helleborine) og med blada litt tettare inntil stengelen.[2]
Utbreiing
endreDyneflangre er knytta til sanddynelandskap, og finst berre i landa rundt Nordsjøen. I Noreg finn vi han i dynetrauga bak strendene på Jæren.[3] I raudlistevurderiga 2021 er underarten klassifisert som sterkt truga (EN).[4]
Arten finst òg i Danmark. I den danske Naturbasen er det oppgitt to varietetar:
- E. helleborine ssp. neerlandica var. neerlandica (status LC, dansk namn hollandsk hullæbe)[5]
- E. helleborine ssp. neerlandica var. renzii (NT, dansk namn skagen-hullæbe)[6]
På dei britiske øyane er dyneflangre rapportert frå Wales, men er så langt ikkje endeleg stadfesta, og står i den britiske raudlista på venteliste (WL).[7][8]
I Benelux er underarten (nederlandsk namn duinwespenorchis, fransk namn épipactis de Hollande) å finne i sanddyner langs kysten i Nederland. I Flandern i Belgia er han sjeldan, og han finst ikkje i Vallonia.[9] I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd).[10] I Belgia er han ikkje raudlistevurdert separat, og i Luxembourg finst han ikkje.
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar dyneflangre». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre dyneflangre». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022.
- ↑ «Artskart: Dyneflangre, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022.
- ↑ «Raudlista: Jærflangre». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 4. mars 2022.
- ↑ «Naturbasen: Hollandsk Hullæbe Epipactis helleborine ssp. neerlandica var. neerlandica». Naturbasen. Henta 7. mars 2022.
- ↑ «Naturbasen: Skagen-Hullæbe Epipactis helleborine ssp. neerlandica var. renzii». Naturbasen. Henta 7. mars 2022.
- ↑ Leslie Lewis mfl. (2009). «An update on the orchid flora at Kenfig National Nature Reserve» (PDF). BSBI News 110 (January): 7–11.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Epipactis helleborine subsp. neerlandica». FLORON. Henta 19. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) dyneflangre hos Artsdatabanken
- (en) dyneflangre i Global Biodiversity Information Facility
- (en) dyneflangre hos The International Plant Names Index
- (en) dyneflangre hos Tropicos