Eddie Fisher

amerikansk skodespelar, musikar og songar

Edwin John Fisher (10. august 192822. september 2010) var ein USA-amerikansk songar og skodespelar. Han var den mest suksessrike popsingelartisten på byrjinga av 1950-åra og hadde 35 singlar inne på Billboard-lista mellom 1950 og 1954, fire av dei på toppen av lista.[1] Fisher var ein del av ein ny generasjon mannlege songarar som gjekk bort frå den intime smørsongar-stilen til Perry Como, Bing Crosby og Frank Sinatra til fordel for meir bravur, som stundom minna om Al Jolson. Då han var på sitt mest populæree var Fisher eit tenåringsidol som selde millionar av plater og hadde sitt eige TV-show.

Eddie Fisher

kring 1960
Fødd10. august 1928(1928-08-10)
FødestadPhiladelphia i Pennsylvania i USA
Død22. september 2010 (82 år)
DødsstadBerkeley, California, U.S.
FødenamnEdwin John Fisher
OpphavUSA
Aktiv1948–2010
Sjangerpopulærmusikk, pop
Instrumentvokal
Stemmetypetenor
PlateselskapRCA Victor, Dot Records
Verka somSongar, skodespelar
MorKatherine Tisch
FarJoseph Tisch
Gift medElizabeth Taylor, Debbie Reynolds, Connie Stevens, Terry Richard, Betty Lin
BornCarrie Fisher, Todd Fisher, Joely Fisher, Tricia Leigh Fisher
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

Han skilde eg frå kona si, skodespelarinna Debbie Reynolds, for å gifte seg med bestevenen til Reynolds, skodespelarinna Elizabeth Taylor, etter at ektemannen til Taylor, filmprodusenten Mike Todd, omkom i ein flystyrt. Det skandaløse forholdet vart mykje omtalt i pressa, og var dårleg publisitet for Fisher. Han gifta seg seinare med Connie Stevens. Fisher var far til Carrie Fisher og Todd Fisher med Reynolds, og Joely Fisher og Tricia Leigh Fisher med Stevens.

Karriere endre

Fisher var fødd i ein stor, fattig familie i Philadelphia. Tidleg i tenåra opptredde han på lokale radioshow. Han gjekk lenge som læring og song i korte periodar med storband. Første gongen han song på plate var for Marlin Sisters på «You Can't Be True, Dear», som gjekk inn på salslistene i juni 1948. I 1949 fekk manageren hans han plass hos Eddie Cantor, og dette førte til kontrakt med RCA Victor Records. Versjonen hans var «Thinking of You» frå 1920-åra nådde topp fem i desember 1950. Han nådde salslista med fem singlar i 1951, sjølv om han hadde vore ein periode i hæren tidleg det året. Den første gullplata hans kom seint i 1951 med med ein annan song frå 1920-åra, «Any Time», og følgde kort tid etter med den andre millionseljaren, «Tell Me Why», den første av sju singlar som gjekk inn på salslista i 1952, mellom dei tittelsongen frå Broadway-musikal Wish You Were Here og ein song frå 1930-åra «Lady of Spain». Dette var nok til å rangere han på topp som popsingelartist det året.

Då han var ferdig med militærteneste i hæren, fekk Fisher sitt eige TV-show, som gjekk to gonger i veka, 15-minute Coke Time with Eddie Fisher. Det gjekk første gongen den 29. april 1953. I løpet av dette året hadde han seks singlar på hitlista, mellom anna «I'm Walking Behind You» og «Oh! My Pa-Pa" (O Mein Papa)» som begge gjekk til topps på listene. Han hamna på sjetteplassen på lista for 1955, trass i at hann hadde fem singlar inne på topp 10, som «Heart» frå Broadway-musikalen Damn Yankees og eit album inne på topp fem, I Love You. Fleire faktorar kan ha medverka til at det gjekk dårlegare, som at rock and roll-bølgja byrja for fullt og mykje publisitet då han gifta seg med Debbie Reynolds, slik at den kvinnelege fansen mista noko av interessa.

Fisher byrja omvandlinga til ein meir vaksen-orientert artist, med show i Las Vegas og spelte i filmmusikalen Bundle of Joy i lag med kona. Han fekk to hittar til i 1956, der han prøvde seg på ein ny stil: «Dungaree Doll» som gjekk mot rock, og «Cindy, Oh Cindy» som gjekk mot folk. I 1957 lanserte han eit nytt TV-show, The Eddie Fisher Show.

Det vart mykje negativ publisitet for Fisher då han skilde seg frå kona Reynolds og gifta seg med Elizabeth Taylor i 1959. I mellomtida slutta han TV-showet sitt, og starta opp Ramrod Records, som gav ut eit nytt album, Tonight with Eddie Fisher. Det vart lite lagt merke til før 1961, då 7 Arts Records fekk lisens på «Tonight» (frå West Side Story), som då vart ein hit. Uheldigvis for Fisher vart dette potensielle comebacket stogga av meir negativ omtale då Taylor skilde seg frå han og byrja ein affære med Richard Burton.

Ramrod gav ut Eddie Fisher at the Winter Garden i 1963, og han gjekk igjen inn på salslistene. I 1965 signerte han ein kontrakt med Dot Records og gav ut fleire album, først Eddie Fisher Today! I 1966 kom han attende til RCA og fekk hittar med «Games That Lovers Play» og «People Like You», og gjekk inn på salslistene med både album og singlar. I 1967 gifta han seg på ny, denne gongen med Connie Stevens, og dei fekk to barn, Joely Fisher og Tricia Leigh Fisher, før dei skilde seg i 1969.

Etter You Ain't Heard Nothin' Yet! (1968) gav ikkje Fisher ut leire album før Bainbridge Records gav ut After All i 1984. Samstundes song han gamle slagarar og sleit med dopmisbruk, som han skreiv mykje om i to sjølvbiografiar, før han omsider kom ut av problema. I september 2010 braut Fisher hofta og døydde 22. september i heimen sin i Berkeley i California som følgje av komplikasjonar etter ein operasjone.

Personleg endre

 
Debbie Reynolds og Eddie Fisher i bryllaupet deira 1955

Fisher hadde fem ekteskap og fire barn:

Diskograi endre

Hitsongar endre

År Singlar Listeplassering
US CB US
AC
[2]
UK[3]
1948 «You Can't Be True, Dear» (med Marlin Sisters) 19
1950 «Thinking of You» 5
1951 «Bring Back the Thrill» 14
«Unless» 17
«I'll Hold You In My Heart» 18
«Turn Back the Hands of Time» 8
«Any Time» 2
1952 «Tell Me Why» 4
«Trust In Me» 25
«Forgive Me» 7
«That's the Chance You Take» 10
«I'm Yours» 3
«Just a Little Lovin'» 20
«Maybe» (med Perry Como) 3
«Watermelon Weather» (med Perry Como) 19
«I Remember When» 29
«Wish You Were Here» 1 2 8
«The Hand of Fate» 24
«Lady of Spain» 6 6
«Outside of Heaven» 8 13 1
«Everything I Have Is Yours» 23 38 8
«Christmas Day» 22
1953 «You're All I Want for Christmas» 22
«Even Now» 7 9
«Downhearted» 5 16 3
«How Do You Speak to an Angel?» 14 25
«I'm Walking Behind You» 1 1 1
«Just Another Polka» 24 18
«With These Hands» 7 8
«Many Times» 4 8
«Just to Be with You» 18
«Oh! My Pa-Pa» 1 1 9
1954 «A Girl, a Girl» 6 6
«Anema E Core» 14 12
«Green Years» 8 13
«My Friend» 15 12
«The Little Shoemaker» (with Hugo Winterhalter) 9 2
«The Magic Tango» (with Hugo Winterhalter) 22 27
«Heaven Was Never Like This» 21 27
«I Need You Now» 1 1 13
«Count Your Blessings (Instead of Sheep)» 5 7
«Fanny» 29 18
1955 «A Man Chases a Girl» 16 16
«Just One More Time» 27
«Take My Love» 36
«(I'm Always Hearing) Wedding Bells» 20 13 5
«Heart» 6 12
«Song of the Dreamer» 11 10
«Don't Stay Away Too Long» flip 41
«Magic Fingers» 52 33
«I Wanna Go Where You Go» 75 26
«Dungaree Doll» 7 7
«Everybody's Got a Home But Me» 20 34
1956 «Without You» 41 28
«No Other One» 65 29
«On the Street Where You Live» 18
«Sweet Heartaches» 42 35
«O My Maria» 80
«Cindy, Oh Cindy» 10 9 5
1957 «Some Day Soon» 94
«Tonight My Heart Will Be Crying» 96
«Sunshine Girl» 94
«That's the Way It Goes» 55
«Sayonara» 56
1958 «What's the Use of Cryin'» 43
1961 «Tonight» 44 109 12
«Milk and Honey» 104
«Shalom» 105
1962 «Arrivederci Roma» 112 142
1965 «Sunrise, Sunset» 119 119 22
«Young and Foolish» 25
1966 «Games That Lovers Play» 45 41 2
1967 «People Like You» 97 74 4
«Now I Know» 131 135 23

Album endre

  • Eddie Fisher Sings (RCA Victor 1952)
  • I'm in the Mood for Love (RCA Victor 1952/55)
  • Christmas With Eddie Fisher (RCA Victor 1952)
  • Irving Berlin Favorites (RCA Victor 1954)
  • May I Sing to You? (RCA Victor 1954/55)
  • I Love You (RCA Victor 1955)
  • Academy Award Winners (RCA Victor 1955)
  • Bundle of Joy (filmmusikk) (RCA Victor 1956)
  • As Long as There's Music (RCA Victor 1958)
  • Scent of Mystery (filmmusikk) (Ramrod 1960)
  • Eddie Fisher at the Winter Garden (Ramrod 1963)
  • Eddie Fisher Today! (Dot 1965)
  • When I Was Young (Dot 1965) (nyinnspeling av hittar for RCA Victor)
  • Mary Christmas (Dot 1965)
  • Games That Lovers Play (RCA Victor 1966)
  • People Like You (RCA Victor 1967)
  • You Ain't Heard Nothing Yet (RCA Victor 1968)
  • After All (Bainbridge Records 1984)

Bøker endre

Kjelder endre

  1. Joel Whitburn's Top 40 Pop Singles 12th Edition
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 93. 
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 201. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff endre