Carrie Fisher
Carrie Frances Fisher (21. oktober 1956–27. desember 2016[1]) var ein amerikansk skodespelar, manusforfattar og forfattar, best kjent for rolla som prinsesse Leia i George Lucas sitt fiktive Star Wars-univers.
Carrie Fisher | |||
| |||
Fødd | 21. oktober 1956 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Burbank, USA | ||
Død | 27. desember 2016 (60 år) | ||
Dødsstad | UCLA Ronald Reagan Medical Center | ||
Fødenamn | Carrie Frances Fisher | ||
Aktive år | 1969–2016 | ||
Verka som | filmskodespelar, romanforfattar, skodespelforfattar, stemmeskodespelar, manusforfattar, skribent, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, songar, talsperson, script doctor, filmprodusent, skodespelar | ||
Mor | Debbie Reynolds | ||
Far | Eddie Fisher | ||
Ektefelle | Paul Simon | ||
Sambuar | Bryan Lourd, Paul Simon | ||
Born | Billie Lourd | ||
Prisar | Disney Legends |
Biografi
endreTidleg liv
endreFisher vart fødd i Burbank i California som dotter av songaren Eddie Fisher og skodespelaren Debbie Reynolds. Besteforeldra hennar på farssida var jødiske innvandrarar frå Russland.[2] Todd Fisher er ein yngre bror, medan ho var halsyster av skodespelarane Joely Fisher og Tricia Leigh Fisher, som er døtrer av skodespelaren Connie Stevens.
Då Fisher var to år gammal, vart foreldra hennar skilde og faren hennar gifta seg opp att med Elizabeth Taylor. Året etter gifta mora hennar seg med forretningsmannen Harry Karl. Det var tidleg teikn på at Fisher ville byrja i same yrke som resten av familien; ho opptredde saman med mora si i Las Vegas då ho var tolv år gammal. Ho gjekk på Beverly Hills High School, men slutta for å bli med mora si på reisene hennar i samband med jobben. Ho opptredde som debutant og songar i Broadway-oppsetjinga av Irene i 1973 der mora hadde ei av hovudrollene.
I Noreg
endreCarrie Fisher var i Noreg då det vart gjort opptak til den andre Star Wars-filmen, Imperiet slår tilbake (1980), då Finse vart brukt til å representera isverda Hoth. Den ferdige filmen har likevel ingen utandørsscener der prinsesse Leia opptrer i norsk natur.
Privatliv
endreFisher var gift med musikaren Paul Simon og var i eit forhold med han i fleire år etterpå. I løpet av ekteskapet deira, deltok ho i Simon sin musikkvideo til songen «Rene Magritte And Georgette Magritte With Their Dog After The War». Ho blir referert til i mange av songane til Simon, mellom anna «Hearts and Bones», «Graceland», «She Moves On», og «Allergies».
Etter kvart hadde Fisher eit forhold til agenten Bryan Lourd. Dei fekk ei dotter saman, Billie Catherine Lourd (fødd 17. juli 1992). Forholdet til paret slutta då Lourd forlét henne for ein annan mann. Ho vart kopla til senator Chris Dodd i ein periode, og var kortvarig forlova med skodespelaren Dan Aykroyd. Ho var òg saman med reporteren Bob Tur i 2004–2005
I eit intervju med National Public Radio i 2005, vitsa Fisher om at ho var redd for at viss ho nokosinne vart senil, kunne ho gli tilbake i rollefiguren sin som Princess Leia. Fisher diskuterte offentleg kampen sin med bipolar liding, og dessutan kampen mot pillemisbruket, det mest kjende innslaget vart sendt på ABC-programmet 20/20
Fisher skildra seg sjølv som ein «entusiastisk agnostikar som ville vorte glad for å visast at det finst ein Gud.»[3]
Død
endreFisher fekk eit hjarteinfarkt på eit fly på frå London til Los Angeles i desember 2016, og ho døydde berre nokre dagar seinare.[4] Eit halvt år seinare vart det klårt at rettsmedisinarane ikkje kunne seia sikkert kvifor ho døydde, men at søvnapné og «andre ubestemte faktorar» spelte inn. I tillegg vart det funne spor av kokain og heroin i kroppen hennar, utan at ein veit om det hadde tyding for dødsfallet. Opphoping av feittvev i blodårene skal òg ha vore ei medverkande årsak til dødsfallet.[5] Debbie Reynolds døydde dagen etter dottera.[6]
Utvald filmografi
endre- 2017 – Star Wars: The Last Jedi
- 2015 – Star Wars: The Force Awakens
- 2008 – The Women
- 2007 – Suffering Man's Charity
- 2007 – E-Girl
- 2007 – Weeds, TV-serie
- 2007 – 30 Rock, TV-serie
- 2005 – Smallville, TV-serie
- 2005 – Undiscovered
- 2005 – The Aristocrats (dokumentar)
- 2003 – Charlie's Angels: Full Throttle
- 2002 – A Midsummer Night's Rave
- 2001 – Heartbreakers
- 2000 – Sex og Singelliv, TV-serie (opptreden som Carrie Fisher)
- 1997 – Austin Powers: International Man of Mystery
- 1991 – Hook
- 1991 – Soapdish
- 1989 – When Harry Met Sally...
- 1988 – Appointment With Death
- 1987 – Amazon Women on the Moon
- 1986 – Hannah and Her Sisters
- 1983 – Star Wars Episode VI: Jediridderen vender tilbake (Return of the Jedi)
- 1980 – The Blues Brothers
- 1980 – Star Wars Episode V: Imperiet slår tilbake (The Empire Strikes Back)
- 1979 – Mr. Mike's Mondo Video
- 1978 – The Star Wars Holiday Special
- 1977 – Star Wars Episode IV: Et nytt håp (A New Hope)
- 1975 – Shampoo
Bibliografi
endreRomanar
endre- Postcards from the Edge, 1987, ISBN 0743466519
- Surrender the Pink, 1991, ISBN 0671666401
- Delusions of Grandma, 1993, ISBN 0684858037
- Hollywood Moms, 2001, (introduction)
- The Best Awful There Is, 2004, ISBN 0743478576
- The Princess Diarist, 2016
Filmmanus
endre- Helsing frå Hollywood, 1990
- These Old Broads, 2001
- E-Girl (2007)
Skodespel
endre- Wishful Drinking, 2006
Kjelder
endre- ↑ «Carrie Fisher Dead at 60». Henta 27. desember 2016.
- ↑ Fisher, JewishAZ.
- ↑ spirituality: page 2
- ↑ ««Star Wars»-stjernen Carrie Fisher er død». VG. 27. desember 2016. Henta 19. juni 2017.
- ↑ «Carrie Fisher hadde kokain og heroin i kroppen da hun døde - Star Wars - VG». VG. 19. juni 2017. Henta 19. juni 2017.
- ↑ Wong, Julia Carrie (29. desember 2016). «Debbie Reynolds dies one day after daughter Carrie Fisher» (på engelsk). Henta 24. juni 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Carrie Fisher» frå Wikipedia på bokmål, den 11. november 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Carrie Fisher ved The Internet Movie Database (IMDb)