Smykkestein
(Omdirigert frå Halvedelstein)
Ein smykkestein er ein stein eller eit anna materiale brukt i eit smykke. Det er vanleg å bruka edel- og halvedelsteinar som smykkestein, men ein kan også bruka vanlege steinar, gjerne i polert utgåve, og visse harde naturmateriale, som rav og perler. Smykkesteinar blir valde ut frå utsjånad, til dømes ved at dei reflekterer lys eller har ettertrakta fargar. Nokre av dei, som sjeldne edelsteinar og naturlege perler, kan vera særs kostbare.
-
Perler som smykkesteinar.
-
Smykkesteinar av rav.Foto: Adrian Pingstone