Edith Sitwell

britisk poet

Dame Edith Louisa Sitwell (7. september 18879. desember 1964) var ein britisk poet og litteraturkritikar og den eldste av dei tre kjende Sitwell-syskena.

Edith Sitwell

Statsborgarskap Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 7. september 1887
Scarborough
Død

9. desember 1964 (77 år)
London, St. Thomas' Hospital

Yrke lyrikar, essayist, litteraturkritikar, skribent, biograf
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far George Sitwell
Mor Lady Ida Denison
Edith Sitwell på Commons

Biografi

endre

Edith Sitwell var det eldste barnet og den einaste dottera til sir George Sitwell, 4. baronet av Renishaw Hall. Han var ekspert på slektsforsking og landskapsarkitektur. Mor hennar var lady Ida Emily Augusta Denison, dotter til earlen av Londesborough og barnebarn til Henry Somerset, 7. hertug av Beaufort. Ho stamma i rett nedstigande ledd på kvinnelinja frå huset Plantagenet. Edith Sitwell hadde to yngre brør, Osbert (1892–1969) og Sacheverell Sitwell (1897–1988), som begge var leiande forfattarar.

Edith Sitwell hadde eit vanskeleg forhold til foreldra sine. Far hennar prøvde mellom anna å kurera den påståtte ryggdeformasjon hennar ved å låsa henne inn i ei jernramme. I sjølvbiografien sin skreiv ho at foreldra alltid hadde vore framande for henne. I 1914 flytta Sitwell som 26-åring til ein liten, enkel leilegheit i Pembridge Mansions i Bayswater, som ho delte med Helen Rootham (1875-1938), guvernanta hennar frå 1903.

Edith Sitwell gifta seg aldri, men i 1927 skal ho ha blitt forelska i den homofile russiske målaren Pavel Tsjelitsjev. Dette varte berre til 1928, og i 1932 flytta Rootham og Sitwell til Paris, der dei budde i lag med den yngre systera til Rootham. Under andre verdskrigen kom Sitwell tilbake frå Frankrike og trekte seg tilbake til Renishaw med broren Osbert og kjæresten hans David Horner. Ho skreiv i lyset av oljelampar fordi huset ikkje hadde elektrisitet. Ho strikkar klede til venane sine som var i militæret.

Dikta ho skreiv under krigen førte henne tilbake til offentlegheita. Dei inkluderte Street Songs (1942), The Song of the Cold (1945) og The Shadow of Cain (1947), som alle fekk mykje ros. «Still Falls the Rain», om London-Blitzen, er kanskje det best kjende diktet hennar. Det blei tonesett av Benjamin Britten som Canticle III: Still Falls the Rain.

Edith Sitwell skreiv òg to bøker om dronning Elisabeth I av England: Fanfare for Elizabeth (1946) og The Queens and the Hive (1962). Ho hevda alltid at ho skreiv prosa berre for pengane, og begge desse bøkene hadde stor suksess. Det same hadde bøkene hennar The English Eccentrics (1933) og Victoria of England (1936).

Edith Sitwell blei utnemnd til Dame Commander av Den britiske imperieordenen (DBE) i 1954. I august 1955 konverterte ho til katolisismen, og bad forfattaren Evelyn Waugh om å vera fadder.

Edith Sitwell leid av Marfan-syndrom heile livet, og kring 1957 byrja ho å bruka rullstol. Ho heldt si siste poesiopplesing i 1962. Ho døydde av hjernblødning på St. Thomas' Hospital på 77 år. Ho er gravlagd på kyrkjegarden i Weedon Lois i Northamptonshire.

Ettermæle

endre

Nedslagskratrateren Sitwell på planeten Venus er kalla opp etter henne.[1]

Diktsamlingar

endre
  • Clowns' Houses (1918)
  • Mother and Other Poems (1918)
  • The Wooden Pegasus (1920)
  • Façade (1922)
  • Bucolic Comedies (1923)
  • The Sleeping Beauty (1924)
  • Troy Park (1925)
  • Rustic Elegies (1927)
  • Gold Coast Customs (1929)
  • Collected Poems (1930)
  • Five Variations on a Theme (1933)
  • Street Songs (1942)
  • Green Song and Other Poems (1944)
  • The Song of the Cold (1945)
  • The Shadow of Cain (1947)
  • The Canticle of the Rose: Selected Poems 1920–1947 (1949)
  • Façade, and Other Poems 1920–1935 (1950)
  • Gardeners and Astronomers: New Poems (1953)
  • Collected Poems (1954)
  • The Outcasts (1962)

Andre bøker

endre
  • Alexander Pope (1930)
  • Bath (1932, om byen under Beau Nash)
  • The English Eccentrics (1933)
  • Aspects of Modern Poetry (1934)
  • Victoria of England (1936)
  • I Live under a Black Sun (1937, om Jonathan Swift)
  • English Women (1942)
  • A Poet's Notebook (1943)
  • Fanfare for Elizabeth (1946)
  • The Queens and the Hive (1962)
  • Taken Care Of (1964, sjølvbiografi)

Kjelder

endre
  1. «Sitwell on Venus» (på engelska). International Astronomical Union. 20061001. Henta 20240620.