Edvard Alme

norsk forretningsmann

Edvard Alme (fødd Edvard Germanus Johannessen, fødd 1848 i Bergen, død 1922 i Bergen) var ein norsk forretningsmann, forfattar og målmann. Alme vart fødd i Bergen, men ætta var frå Hafslo i Sogn.[1] Alme kom tidleg med i krinsen av målfolk kring Henrik Krohn, og var medskipar av Vestmannalaget i 1868 ein alder av 19. Frå 1874 og fram til 1916 var han tilsett som kontorsjef i handelshuset C. Sundt, der han vart kjend som ein framifrå administrator og vart høgt verdsett av eigarar og tilsette.[2]

I Vestmannalaget sat han i styret 1876-79 og var formann frå 1879-1908. Han sat òg som bladstyrar av For Bygd og By i 1879. I Vestmannalaget arbeidde han mykje for norsk kledebunad, felespel, song og dans og var med i «domsnemndi for skulebøker» og andre skrifter som laget hadde med å gjere.[3] Med pseudonymet Edvard Alme gav han ut fleire omsetjingar frå den vesterlandske bokheimen: I 1903 gav han ut Hermann og Dorothea av Goethe i kommisjon hjå bokhandlar Floor og to år seinare kom fyrste akt av Kaupmannen i Venezia av Shakespeare, med Gula Tidend som utgjevar. Dei to siste utgjevingane hans vart Shakespeare-sonnettor frå 1918 og Byron Kvæde (attdikting av Lord Byron) frå 1920. Båe er tospråklege og har Kristian Madsens Bokhandel som utgjevar.[4] Han sytte òg for at skriftene til Henrik Krohn vart gjevne ut på nytt.[5]

Alme fekk òg påskjøning for arbeidet han la ned som formann og drivkraft i Bergen Myrdyrkningsforening. 12. juni 1918 vart han utnemnd til Riddar av fyrste klasse av St. Olavs Orden «for Fortjenester af Myrdyrkningen paa Vestlandet».[6]

Kjelder endre

  • Askeland, J. (2018). Den trufaste vestmannen [Etterord]. I Alme, E. Ein flokk Shakespeare-sonnettor (s. 49-55). Bergen: Norsk Bokreidingslag. ISBN 978-82-7834-053-0
  • Eskeland, S. (1954). Johannessen, Edvard Germanus. I Norsk allkunnebok. VI. bandet (s. 943). Oslo: Fonna Forlag.

Fotnotar endre

  1. Hannaas, T. (1922, 15. juni). Edv. G. Johannessen. Gula Tidend, s. 6.
  2. Askeland, J. (2018), s. 49
  3. Eskeland, S. (1954)
  4. Askeland, J. (2018), s. 53-54
  5. Eskeland, S. (1954)
  6. Askeland, J. (2018), s. 49-50

Bakgrunnsstoff endre