Eeles Landström

finsk politikar

Eeles Enok Landström (fødd 3. januar 1932) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar og politikar frå Viiala som tevla i stavhopp og i tikamp. Han vart europameister i stavhopp i 1954 og 1958, og fekk OL-bronse i 1960. Alle åra 1953-60 vart han finsk meister i stavhopp. I si tid som aktiv var han 186 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 82 kg.

Eeles Landström
Eeles-Landstrom-1958.jpg
Fødd 3. januar 1932 (89 år)
Viiala
Yrke politikar, boballspiller, stavhopper, friidrettsutøvar, skribent
Eeles Landström på Commons

FriidrettEndra

Landström deltok i tikamp under OL 1952 på heimebane i Helsingfors. Med 5 694 poeng (6 123 poeng etter dagens poengtabell) kom han på 14. plass. I denne tikamp-tevlinga gjekk han over 4,20 meter i stavhopp, ein prestasjon likt med han som kom på sjetteplassen i den reine stav-øvinga. Så etter 1952 dreiv han internasjonalt berre med stavhopp.

Under EM 1954 i Bern gjekk Landström og svensken Ragnar Lundberg begge over 4,40 meter i stavhopp-tevlinga, men Landström vart europameister då han hadde færre riv i tevlinga. I 1956 kom han på sjuandeplass i stavhopp med 4,25 meter under OL i Melbourne.

Landström forsvara EM-tittelen under 1958-meisterskapen i Stockholm. Med 4,50 m stoppa han, Manfred Preußger frå Aust-Tyskland og Vladimir Bulatov frå Sovjetunionen på same høgda, men atter fall talet på hopp i hans favør. To år seinare, under OL i Roma vann Landström stavhopp-bronsen med 4,55 meter, bakom USA-amerikanarane Don Bragg og Ron Morris.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

PolitikkEndra

Landström var i åra 1966-71 medlem av Den finske riksdagen. Han representerte Liberaliit (Liberalerna), eit parti som vart danna i 1965 og var representert i nasjonalforsamlinga til 1995.

Mellom 1982 og 2007 budde Landström i Spania.

KjelderEndra