Ragnar Torsten Lundberg (22. september 192410. juli 2011) var ein svensk friidrettsutøvar frå Madesjö i Kalmar län som i 1950 vart europameister i stavhopp, ein meisterskap der han også vann sølvmedaljen i 110 meter hekk. I stavhopp sikra han seg også OL-bronse i 1952 og EM-sølv i 1954. Lundberg vann 11 svenske meisterskap i stavhopp i rad, 1948-58, og vart også fire gongar svensk meister på korthekken, 1949-51 og 1953. Perioden 1948-52 forbetra han europarekorden i stavhopp frå 4,32 meter til 4,44 m.

Ragnar Lundberg


Statsborgarskap Sverige
Fødd 22. september 1924
Sverige
Død

10. juli 2011 (86 år)
Kalmar

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

Aktiv endre

Lundberg sette svensk rekord i stavhopp med 4,21 m den 6. august 1947. Gjennom OL-sesongen 1948 forbetra han den svenske stavrekorden fem gongar. Den 11. juni hoppa han 4,22 i Karlskoga, den 28. august 4,26 i Uppsala, den 2. september 4,30 i Stockholm, den 12. september 4,32 i Helsinki og til sist den 26. september 4,36 m i Södertälje. Dei to siste resultata var også europarekordar, ettersom han slo norske Erling Kaas sitt rekordhopp på 4,31 meter frå tidlegare i 1948. Sommaren 1948 vann Lundberg elles den fyrste av 15 gullmedaljar i svenske meisterskap då han svinga seg over 4,20 m, under sommarleikane i London vart han femtemann med 4,10 m.

Både i 1949, 1950 og 1951 vart Lundberg svensk dobbeltmeister då han sigra både på korthekken og i stavhopp-tevlingane. 9. juni 1950 flytta han i Nyköping europarekorden i stav til 4,38 m og to månader seinare til 4,40. Under europameisterskapen 1950 i Brussel vann han stav-tevlinga med eit hopp på 4,30 m og han tok sølvmedaljen i 110 m hekk med eit løp på 14,7 sekundar, eitt tidels sekund attom franskmannen André Marie.

I juli 1952 gjekk Lundberg over 4,40 m og vart tredjemann i stavhopp ved dei olympiske sommarleikane i Helsinki. Like etter på, den 1. august, sette han ved eit stemne i Gävle sin siste europarekord med eit hopp 4,44 meter, ein rekord som vart sletta av finske Eeles Landström i 1955. Seinsommaren 1954 hoppa både Lundberg og Landström 4,40 m ved europameisterskapen i Bern, gullmedaljen gjekk til Finland då Landström tok høgda i eit tidlegare forsøk. Lundberg forbetra sin eigen svenske rekord til 4,45 m i Bucuresti i oktober 1955 og til sist 4,46 m i Nordingrå jonsokaftan 1956. Under sommarleikane i Melbourne i november 1956 enda Lundberg på femteplass i stavhopp. Den svenske rekorden hans i spesialøvinga stod til 1962.

 
Lundberg, ca 1950

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre