Eero Järnefelt

finsk målar

Erik (Eero) Nikolai Järnefelt (8. november 186315. november 1937) var ein finsk kunstmålar og kunstakademiprofessor. Han er i dag mest kjend for dei naturalistiske folkelivsmåleria sine, portrett og landskapsmåleri frå Koli nasjonalpark.

Eero Järnefelt

Statsborgarskap Finland
Fødd 8. november 1863
Viborg
Død

15. november 1937 (74 år)
Helsingfors

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Medlem av Det kongelege svenske kunstakademiet, Lake Tuusula Artist Community
Far August Aleksander Järnefelt
Mor Elisabeth Järnefelt
Ektefelle Saimi Järnefelt
Born Heikki Järnefelt
Eero Järnefelt på Commons

Järnefelt var fødd i Vyborg som det tredje barnet til general Alexander Järnefelt og baronesse Elisabeth Järnefelt (fødd Clodt von Jürgensburg). Fleire av dei åtte søskena hans blei også kjende: Kasper (litteraturkritikar), Arvid (dommar og skribent), Armas (komponist og dirigent) og Aino (kona til Jean Sibelius).

Han studerte i Helsingfors frå 1874 til 1878 og deretter Det russiske kunstakademiet i St. Petersburg frå 1883 til 1886, der onkelen hans Mikhail Clodt var ein av lærarane. Frå 1886 til 1888 var han elev av Tony Robert-Fleury ved Académie Julian. Ei av inspirasjonskjeldene til Järnefelt var den naturalistiske kunsten til Jules Bastien-Lepage.

I 1889 gifta han seg med skodespelaren Saimi Swan. I 1892 hadde han si fyrste reise til Koli-området i nordlege Karelen saman med ekteparet Juhani Aho og Venny Soldan-Brofeldt. Han gjennomførte fleire reiser til dette området fram til 1936 Han reiste også til Italia i 1894 og Krimhalvøya i 1899. I 1901 fekk han oppført ein villa han gav namnet «Suviranta», teikna av arkitekt Usko Nyström, nær Tusby-sjøen. Han budde her til 1917, då han flytta til Helsingfors. Frå 1902 til 1928 underviste han ved Helsingfors-universitetet. Han blei utnemnd til professor i 1912 og var også ei stund leiar av det finske kunstakademiet.

Kjende kunstverk endre

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Leena Lindqvist (red.), Taiteilijan tiellä – Eero Järnefelt 1863 – 1937, Otava, 2002 ISBN 951-1-144-66-9
  • Marko Toppi (red.), Eero ja Saimi Järnefeltin kirjeenvaihtoa ja päiväkirjamerkintöjä 1889-1914 (brev og dagbøker bind 1), SKS, 2009 ISBN 978-952-222-113-1
  • Marko Toppi (red.), Vain tosi on pysyväistä. Eero ja Saimi Järnefeltin kirjeenvaihtoa ja päiväkirjamerkintöjä 1915-1944 (brev og dagbøker 2), SKS, 2013 ISBN 978-952-222-399-9.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Eero Järnefelt