Afrin

(Omdirigert frå Efrîn)

Afrin (arabisk عفرين, ‘Afrīn, kurdisk Efrîn) er både eit distrikt og ein by i Aleppo guvernement i Syria. Distriktet Afrin omfattar byen med 36 562 innbyggjarar og 366 kringliggande landsbyanr, som Katma, Kastall, Kibar og Rajo.[1] Distriktet har 490 000 innbyggjarar og ligg like ved Kurdarfjellet. Distriktet har eit areal på 2 033 kvadratkilometer og består av sju kommunar: Afrin (senter), Jindires, Sharran, Mobetan/Maabatli, Rajo, Bulbul og Shaykh al-Hadid. Afrin tyder «fruktbar skaping» eller «velsigning» på kurdisk.

Afrin
عفرين
by
Afrin i 2009
Land  Syria
Guvernement Aleppo guvernement
Distrikt Afrin-distriktet
Nahiyah Afrin
Høgd 270 moh.
Koordinatar 36°30′45″N 36°51′16″E / 36.512396°N 36.854532°E / 36.512396; 36.854532
Folketal 36 562  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Afrin
36°30′43″N 36°52′10″E / 36.511944444444°N 36.869444444444°E / 36.511944444444; 36.869444444444
Wikimedia Commons: Afrin

Elva Afrin Çayı flyt gjennom byen.

Den førte motstanden mot dei franske soldatane kom frå folk nord i Afrin. Byen vart sidan bygd ut av Frankrike som eit handelssenter.

Under den syriske borgarkrigen trekte syriske regjeringsstyrkar seg frå byen sommaren 2012. Folkevernseiningane (YPG) tok kontroll over byen kort tid etter.[2][3][4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2012-07-30 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Aleppo guvernement. (arabisk)
  2. http://www.rudaw.net/english/kurds/4978.html
  3. «Liberated Kurd Towns in Syria Move into Next Phase». Rudaw. 25. juli 2012. Henta 28. juli 2012. 
  4. «Kurd muscle flexing». Jerusalem Post. 14. november 2012. Henta 14. november 2012.