Egretta

fugleslekt

Egretta er ei biologisk slekt av fuglar og medlem av hegrefamilien, Ardeidae. Dette er mellomstore fuglar, dei fleste hekkar i varmare klimasoner. Medlemmer av denne slekta finst over nesten heile verda. Til dømes er silkehegren utbreidd i heile «den gamle verda», og spreier seg no i aukande grad frå Karibia til både Nord-Amerika og Sør-Amerika.[1]

Egretta
Silkehegre, Egretta garzetta Foto: J.M.Garg
Silkehegre, Egretta garzetta
Foto: J.M.Garg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Aequornithes
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Familie: Hegrefamilien Ardeidae
Slekt: Egretta
Forster, 1817

Egretta-artar har lange halsar og lange bein. På grunn av sitt lange og spisse nebb har hdei òg ei kroppsform rekna som typisk for hegrar. Fargene på fjørdrakta varierer. Nokre artar har ei rein kvit fjørdrakt, slik som silkehegren. Men kvithalshegren har berre kvitt på bryst og hals, resten av fjørdrakta er i gråskiferfarge. Dansehegren har to morfar, ein fargevariant har raudbrunt hovud og nakke, medan resten av drakta er skifergrå. Men ho har òg ein rein kvit morf. Heile fjørdrakta til skuggehegre er i mørk, gråskiferfarge.

Egretta-artar hekkar vanlegvis i koloniar, ofte med andre artar. Reiret blir bygd i tre eller buskar. Dei lever av insekt, fisk og amfibium. Dei fleste artane i slekta står urørlege i vatnet inntil eit byttedyr kjem i nærleiken. Dei kan òg vasse sakte gjennom vatnet. Skuggehegren har utvikla ein spesiell jaktteknikk med å spreie vengene sine som ein paraply over hovudet når han søkjer etter mat.

Artslista

endre
 
Mørk morf av dansehegre
Foto: James C. Leupold, U.S. Fish and Wildlife Service

Egretta i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

  • Kvithalshegre, Egretta picata, Pied Heron, (Gould, 1845), (LC)
  • Kvitmaskehegre, Egretta novaehollandiae, White-faced Heron, (Latham, 1790), (LC)
  • Dansehegre, Egretta rufescens, Reddish Egret, (Gmelin, JF, 1789), (NT)
  • Skuggehegre, Egretta ardesiaca, Black Heron, (Wagler, 1827), (LC)
  • Ruststrupehegre, Egretta vinaceigula, Slaty Egret, (Sharpe, 1895), (VU)
  • Prakthegre, Egretta tricolor, Tricolored Heron, (Müller, PLS, 1776), (LC)
  • Blåhegre, Egretta caerulea, Little Blue Heron, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Snøhegre, Egretta thula, Snowy Egret, (Molina, 1782), (LC)
  • Silkehegre, Egretta garzetta, Little Egret, (Linnaeus, 1766), (LC)
  • Strandhegre, Egretta gularis, Western Reef Heron, (Bosc, 1792), (LC)
  • Madagaskarsilkehegre, Egretta dimorpha, Dimorphic Egret, Hartert, E, 1914
  • Sothegre, Egretta sacra, Pacific Reef Heron, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
  • Krithegre, Egretta eulophotes, Chinese Egret, (Swinhoe, 1860), (VU)

Kjelder

endre
  • James A. Kushlan & James A. Hancock: Herons. Oxford University Press, 2005, ISBN 0-19-854981-4

Referansar

endre
  1. Kushlan et al., s. 192-193
  2. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2022. IOC World Bird List (v12.1). doi : 10.14344/IOC.ML.12.1 Henta 26. februar 2022
  3. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Egretta